Trainee Ullensvang

Trainee

Årets traineear i Nordfjord og Ullensvang i 2022/23

I år er det to traineear i Ullensvang og éin i Nordfjord. Bli betre kjent med dei her!

Anine

Anine hadde aldri vore i Odda – takka ja til jobb

Anine Bråten er 27 år og frå Kongsvinger. Ho har ein master i økonomi og administrasjon og skal vere trainee i økonomiavdelinga til Ullensvang kommune. Ho såg på traineestillinga som ein spennande inngang til arbeidslivet:

– Eg fekk ein god følelse under jobbintervjuet og opplevde arbeidsoppgåvene som eg vart førespegla som interessante.

Det er fleire ting ho ser fram til når ho no skal jobbe eit år på på ein heilt ny stad:

– Lære mykje nytt, få utfordre meg sjølv, møte nye menneske og utforske den fine naturen som Vestlandet har å tilby.

Funfact: Anine hadde aldri vore i Odda før då ho takka ja til jobben der.

Viola

Viola trur traineeåret blir ein fin start på arbeidslivet

Viola Starr er 27 år og kjem frå Tromsø. Ho har ein master i arkitektur og skal jobbe med samfunnsplanlegging i Ullensvang kommune i Odda.

Dette seier ho om forventningar til traineeåret:

– Det blir ein fin start på arbeidslivet. Eg ser fram til både arbeidserfaring og bli kjent med Vestlandet.

Funfact: Viola skreiv masteroppgåve om eit prosjekt i Odda, og no er ho der!

Ole Erik

Coast var eit enkelt val for Ole Erik

Ole Erik Nordstrand er 25 år og kjem frå Langevåg på Sunnmøre. Han har ei bachelorgrad i markedsføringsledelse fra BI Bergen og ei mastergrad i "International Fisheries Management" frå UiT og Fiskerihøgskolen. Ole Erik er trainee i Coast Seafood og skal jobbe med sal og marknad.

– Coast Seafood er eit spennande sjømatselskap i vekst som eksporterer laks, ørret og annan fisk til heile verda frå vakre Måløy. Mi store interesse for sjømat, kombinert med tilbodet om eit internasjonalt arbeidsmiljø, ein fleksibel og variert arbeidskvardag, og ikkje minst moglegheita for nasjonale og internasjonale jobbreiser, var stillinga hos Coast Seafood eit enkelt val for meg.

Han håpar på å møte andre traineear med like stort engasjement for jobben:

– Eg håpar at eg får bli kjent med og lære frå andre kjekke traineear i same situasjon, som også brenn for sin karriere og bransje. Eg har høyrt mykje snakk om kor fint Vestlandet er, så eg gledar meg til å finne ut om "ryktene" er sanne.

Har du lyst til å vere trainee neste år? Her kan du lese meir om å vere trainee.

Eller meld deg på nyheitsbrevet vårt og få tilsendt lista med ledige stillingar så fort vi lanserer dei i januar:

Påmelding nyheitsbrev

Fleire saker