Bergen og omegn
Bergen og omegn er ein arbeidsmarknad med sjeldan breidde og ein kraftig motor for Vestland. Her finn du alt frå internasjonale teknologimiljø og finanshus til industribedrifter, havnæringar og gründerar som utviklar løysingar for framtida. Idylliske Askøy, Øygarden, Bjørnafjorden, Samnanger og Vaksdal ligg tett på – slik at du kan bu slik du ønskjer med tilgang på spennande jobbar. Her er det mange vegar inn i arbeidslivet, tett på både naturressursane, kompetansen og eit internasjonalt miljø.

Fleire jobbval og større fleksibilitet
Det som gjer Bergen og omegn spesielt, er kombinasjonen av stor kompetanse og korte avstandar. Regionen er ein av dei viktigaste motorane for verdiskaping på Vestlandet, navet i eksportregionane i vest, med sterke miljø innan energi, teknologi, maritim og marin verksemd, finans, bygg og hav. Samtidig er arbeidsmarknaden tett knytt saman på tvers av kommunegrensene, noko som gir fleire jobbval og større fleksibilitet i kvardagen.
Øygarden og Askøy har kort veg til Bergen, men har samstundes ei eiga næringskraft med store investeringar innan grøn omstilling og framtidsretta industri. Her har du korte avstandar til sjø og friluftsliv, og eit område i vekst.
I Samnanger, Bjørnafjorden og Vaksdal finn du eit arbeidsliv i utvikling, med sterke miljø innan industri, havbruk, energi, bygg og tekniske fag. Her kan du bu nær fjord, fjell og lokalsamfunn, med kort avstand til byliv og vidare utdanning.
Bergen og omegn gir deg sjansen til å jobbe i eit internasjonalt fagmiljø med tilgang til eit urbant liv, samtidig som du har kort veg til hav, fjell, fjord og trygge nabolag. For mange er det nettopp denne kombinasjonen som gjer at dei kjem hit for ein jobb – og blir verande fordi livet fungerer så godt i Bergen og kommunane rundt.
Vil du lese meir om jobb i Bergensregionen?
23 880
Arbeidsgjevarar
med over 3 tilsette Bergen
16
Bedriftsmedlemmar
frå Bergen
390
tusen innbyggjarar
i Bergen og omegn
Derfor jobbar vi i Bergen
I Bergen og omegn kan du bidra til viktig verdiskaping i Vestland – i fylket sin viktigaste motor. Regionen er unik for sin kombinasjon av storbyliv og vakker vestlandsnatur.
På avdeling for byggesak og landbruk har eg svært varierte arbeidsoppgåver. Ingen dag er lik og det blir aldri kjedeleg!
Kari Sollien, Øygarden kommune
Eg diggar arbeidsplassen min! Her får du ein god balanse mellom givande arbeid og fritid, og eit sporty og sosialt arbeidsmiljø.
Kristoffer Slettehaug, Head Energy Solve
Det er alltid god stemning når vi har film- og fotooppdrag i Bergen. Næringslivet er rett og slett Knall i padden!
Thor-aage Bolseth Lillestøl, Photoevent
Din neste arbeidsgivar i Bergen
Sjekk ut våre medlemmer i Bergen og omegn. Kanskje finn du din neste arbeidsgivar?
-
BKK AS
Distributør av elektrisk energi
-
Cargill
Produsent av for til laks
-
Coast Seafood AS
Norsk sjømateksportør
-
Fjord1
Maritim transport
-
Helgesen Tekniske Bygg
Totalentreprenør
-
Highsoft AS
Verdsleiande leverandør av Highcharts
-
Høgskulen på Vestlandet
Høgare utdanning og forsking
-
Hywer
Skreddarsyr komponentar for å byggje vasskraftverk
-
Innovasjon Norge Vestland
Innovasjon, internasjonalisering og profilering

Eg starta som trainee i Coast seafood med mål om å lære mest mogleg. No har eg takka ja til fast stilling fordi eg får store moglegheiter her som nyutdanna i finans.
Johannes Søgaard Berle
Dei kom for jobben
Kvart år takkar både erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Bergen. Dei kom for jobben, men blir for bylivet, naturen, fritida, menneska og moglegheitene.
