Finn dei rette folka
Framtidsfylket hjelper deg å tiltrekke, rekruttere og behalde folk og kompetanse. Bli bedriftsmedlem, tilset ein trainee eller delta på kurs og karrieremesser.

Nå kandidatane som faktisk vil bu i Vestland
Framtidsfylket løftar fram det som gjer deg unik som arbeidsgjevar og jobbar aktivt for at fleire skal oppdage moglegheitene i Vestland. Jobbkandidatane som finn oss er allereie motiverte for regionen, noko som betyr betre match for deg.
Traineeprogrammet
Ein start som gjer at nyutdanna blir verande. Anbefalt av Vestlandsbedrifter i 20 år!
Folka 2026
Delta på Vestlands største rekrutteringskonferanse 18. november og oppdater deg på det siste!
Employer branding
Vi hjelper deg med å løfte fram kva som gjer nettopp din arbeidsplass unik.
Møt jobbsøkarane der dei er
På Framtidsfylket si karrieremesse får du direkte kontakt med motiverte kandidatar som ønsker seg jobb i Vestland. Er du bedriftsmedlem hos oss, får du prioritert tilgang og rabatterte prisar på messer, kurs og andre arrangement.

Neste arrangement
Karrieremesse
16. februar – Bergen
Aktuelle saker
Hald deg oppdatert på arbeidsmarknaden og rekrutteringsnytt frå Vestland.
-

Skal du tilsette trainee?
Er du klar for å tilsette ein ivrig, nyutdanna kandidat?
-

– Vi må vere attraktive kvar einaste dag
Helse Førde rekrutterer fleire hundre tilsette kvart år, i over 200 ulike yrke. Korleis jobbar dei for å få folk til å kome, trivast og bli verande?
-

Må du ha nokon med erfaring?
Bedrifter i Vestland ropar etter folk, medan nyutdanna står utan jobb. Det heng ikkje heilt på greip.
Arbeidsgjevarar som har funne folka sine
Over 150 Arbeidsgjevarar i Vestland er allereie medlem i Framtidsfylket. Dei brukar nettverket til å nå ut til fleire kandidatar, tilsette traineear og bygge omdømet sitt som attraktive arbeidsplassar i regionen.
Som traineebedrift når vi ut til veldig kompetente og ivrige kandidatar som vi kanskje ikkje hadde nådd på andre måtar.
Anne Sigrid Loftesnes Harjo, SIMAS
Vi fekk kontakt med ein del kvalifiserte kandidatar på messa, mellom anna ein nyutdanna arkitekt. Vi deltar svært gjerne igjen.
Børre Sundsøy, Helgesen Tekniske Bygg
Fleire av søkarane fortalde at dei hadde lese artikkelen frå Framtidsfylket og syntest dette verka som ein spennande arbeidsplass.
Karoline Høyvik, Sunnfjord Miljøverk
FAQ om Framtidsfylket
Her finn du ofte stilte spørsmål og svar.
Framtidsfylket AS er eit resultat av fleire initiativ frå arbeidsgjevarar i Vestland, som saman ønska å satse på å rekruttere fersk kompetanse til regionen. Framtidsfylket AS blei oppretta i 2009, og har 35 eigarar frå privat og offentleg sektor. Eigarane tar ikkje ut utbytte, og all forteneste går til drift.
Framtidsfylket skal gjere Vestland til førstevalet for karriere. Ved å profilere arbeidslivet, tilby traineeprogram og heve kompetansen på arbeidsgjevarane, blir vi synlege på arbeidsmarknaden og aukar sjansen for at arbeidstakarane vel Vestland. Når Framtidsfylket jobbar for visjonen sin, styrkar vi samtidig Vestland som ein sterk og føretrekt arbeidsregion lokalt, nasjonalt og internasjonalt. På den måten sikrar vi Vestland tilgang på framtidas kompetanse og arbeidskraft.
Framtidsfylket AS blir finansiert gjennom medlemskap, sal av tenester, prosjektmidlar og ein samarbeidsavtale med Vestland Fylkeskommune.
Alle arbeidsgjevarar med organisasjonsnummer i Vestland kan bruke Framtidsfylket sine tenester og bli medlem. Medlem vil få fleire fordelar, blant anna tilgang til traineeprogrammet, rådgjeving, prioritert i marknadsføringa og gode medlemsprisar.
Les meir om korleis vi kan hjelpe deg her.
Som medlem blir de synleg i ein unik kontekst av innhald, med eit publikum som vil vite meir om kva arbeidslivet i Vestland har å by på. Dei ventar gjerne på den rette jobben – eller to. At de har arbeidsstad i Vestland, er viktig å synleggjere. Det bidreg til å gjere arbeidslivet i regionen meir attraktivt for både heimflyttarar og tilflyttarar. Folk byter jobb oftare enn før, og då er det viktig at de er synlege som eit attraktivt karriereval for dei som flyttar til, eller vurderer å flytte til, regionen.
- At du som kunde skal lettare få tak i arbeidskraft og kompetanse.
- Framtidsfylket skal levere leiande traineeprogram for våre traineebedrifter
- Ved å profilere merkevara vestlandslivet skal vi inspirere til å jobbe og bu i Vestland, slik at du får eit større og betre utval av arbeidstakarar å velje mellom.
- Våre event skal bidra til at du som arbeidsgjevar hevar kompetansen på rekruttering og møter framtidig arbeidskraft.
I 2025 hadde framtidsfylket.no 250 000 besøkande, innhaldet vårt fekk over 7 millionar visingar i sosiale medium, og nyheitsbrevet går til 5 000 abonnentar.
Det er eit publikum som allereie veit eller er nysgjerrig på kva Vestlandslivet har å by på, og som ventar på den rette jobben – eller to.
Og i denne konteksten av innhald bør du som arbeidsgjevar vere synleg 😊
Framtidsfylket jobbar kvar dag for at kandidatpoolen skal bli større gjennom historieforteljing og synleik, tilby møteplassar, kompetanseheving for arbeidsgjevar og traineeprogram.
Framtidsfylket AS er eigd av arbeidsgjevarar, og leverer tenester for arbeidsgjevar. Det finst ingen lik organisasjon. Framtidsfylket har Vestlandsperspektiv, og samarbeider med lokale regionsaktørar for å forsterke rekrutteringsarbeidet som blir gjort i fylket vårt. Vi jobbar også opp mot politikken i Vestland, for å få satt rekrutteringsarbeid på dagsordenen, og har sendt fleire høyringsinnspel til Vestland Fylkeskommune.
