Nordhordland
Nordhordland er ein arbeidsregion i vekst, med sterke fagmiljø innan industri, havbruk, teknologi og offentlege tenester. Her finn du spennande jobbar, korte avstandar og gode moglegheiter til å utvikle deg, tett på naturen og Bergen, med både landlege og urbane kvalitetar.

Foto: Photoevent
Tett på eit næringsliv med ambisjonar
I Nordhordland får du jobbe i eit variert og framtidsretta arbeidsliv, der mange bedrifter er i vekst og på jakt etter ny kompetanse. Regionen har solide miljø innan industri, energi, havbruk og teknologi, i tillegg til viktige jobbar innan helse, oppvekst og offentleg sektor.
Her er vegen kort frå idé til gjennomføring, og du får ofte meir ansvar tidleg. Mange opplever også at fagmiljøa er tettare og meir inkluderande. Samtidig ligg Bergen berre ein kort tur unna, noko som gir deg tilgang til ein større arbeidsmarknad. Nordhordland passar for deg som ønskjer ein kvardag med fleire val og mindre logistikk – der fritida kan fyllast med alt frå øyturar og fjelltoppar til kultur, frivillig engasjement og nye vennskap, i ein region som kombinerer nærleik til Bergen med ein tydeleg eigen identitet.
Resultatet? Ein kvardag der du kan satse på karriere utan å gi slepp på verken landlege kvalitetar eller byliv. Nordhordland har ambisjonar, og no vil dei ha med deg framover.
2736
Arbeidsgjevarar
med over 3 tilsette i Nordhordland
4
Bedriftsmedlemmar
frå Nordhordland
46
tusen innbyggjarar
i Nordhordland
Derfor jobbar vi i Nordhordland
Nordhordland har mange bedrifter i vekst innan spennande fagområde. Derfor er din kompetanse og arbeidskraft ekstra ettertrakta her.
– Ein dag blir du sendt ut på sjøen og neste dag jobbar du på ein over hundre år gamal bygning. Eg trur ikkje vi hadde fått slike erfaringar andre stader.
Hans Petter Indrøy, HAFS Elektro og Rør
På relativt kort tid har jeg fått erfaring fra både tidligfase, vedlikehold og nybygg. Det har også vist meg hvor mye av kompetansen havvind trenger som allerede finnes i Norge
Sofie S. Lerøy, Wergeland Group
Bedrifter i Nordhordland
Sjekk ut våre medlemmer i Nordhordland. Kanskje er dette din nye arbeidsgivar?
-
Fjord1
Maritim transport
-
HAFS elektro & rør
Elektroinstallasjon, røyrlegging, maritime installasjonar, automasjon og smarthusløysingar
-
Helgesen Tekniske Bygg
Totalentreprenør
-
Renex Servicepartner AS
Renhold, kantine, Rent Tørt Bygg, Byggvask, vaskeri & vaktmestertjeneste.
-
Sparebanken Norge
En lokal bank med nasjonal kraft
-
Vestland Fylkeskommune
Fylkesadministrasjonen i Vestland

Eg bur i Bergen, men pendlar til traineestilling på Osterøy. Der får eg ein god start på arbeidslivet som ingeniør.
Eivind Landmo, Helgesen Tekniske Bygg
Dei kom for jobben
Kvart år takkar erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Nordhordland. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.
Historier frå Nordhordland
Les historia til andre som har valt Nordhordland som arbeidsstad og bli inspirert!
-

Tidleg jobberfaring: Ein vinn-vinn-situasjon
Korleis kan vi hjelpe unge ut i arbeidslivet? NAV Nordhordland har funne løysingar som fungerer, og fortel kvifor du bør tilby ungdomen ein jobb.
-

-Vi blir jo sett på som trollmenn
Ein meiningsfull jobb er noko dei fleste av oss søker etter. Tage og Hans Petter er ikkje i tvil om at jobben dei gjer betyr noko.
