Ta steget karrieremesse

Er du klar for å ta steget til Vestland? Arbeidslivet er maks klar for å møte deg i Grieghallen 16. februar! Bli med på ein dag fylt med gode samtalar, konkurransar, sveler, goodiebags og det som kan bli din framtidige arbeidsgivar.

Påmeldinga opnar snart.

Derfor skal du delta på karrieremessa Ta Steget

  • Møt arbeidsgivarar som er superinteressert i å bli kjend med deg!
  • Knyt kontaktar og skap relasjonar som kan ende i din neste jobb
  • Skaff sommarjobb, traineestilling, deltidsstilling eller samarbeid om oppgåve
  • Delta på karrierecup og oppdag kule arbeidsplassar
  • Sveler, goodiebags, giweaways og Springbrettet sitt lykkehjul? Ja, takk!
  • Finn ut kva Vestland har å by på. Det er her du kan påverke og få ansvar.
  • Å møte dine framtidige arbeidsgivar ansikt til ansikt er kanskje det smartaste du gjer!

Stad: Grieghallen
Tidspunkt: 10.00-15.00.

Delta på karrierecup

Vi gjentar suksessen frå i fjor og set opp ein ny Karrierecup! Har du lyst på ein personleg jobbsamtale med attraktive arbeidsgivarar?

Vi matchar fagfeltet ditt med bedrifter i Vestland, slik at de kan bli betre kjend ein til ein. I fjor var det heile 140 studentar som meldte interesse for å delta, så her må du vere rask med å booke plass.

Tidlegare karrieremesser

Her finn du artiklar frå tidlegare karrieremesser Framtidsfylket har arrangert.