Skal du tilsette trainee?

Er du klar for å tilsette ein ivrig, nyutdanna kandidat?

Unge nyutdanna i sin første jobb står i gruppe, sol i bakgrunn og gul sydvest på hodet

No tar vi inn nye traineebedrifter med oppstart august 2027. Er du klar for å tilsette ein ivrig, nyutdanna kandidat?

Traineekullet 2025/2026 fikk sin første samling i nydeleg haustver på Jølstraholmen. Der fekk dei møte kvarandre, men også sjansen til å bli betre kjend med mentoren sin. I kullet finn du dialekter frå blant anna Sandefjord, Trondheim, Vestnes og Asker. 65% av traineekullet har nemleg vakse opp ein annan stad enn Vestland.

Fram mot sommaren i 2027 lanserer vi traineestillingane med oppstart i august 2027.

Som traineebedrift får du

  • Ta del i ein omfattande, nasjonal marknadskampanje
  • Velje blant gode kandidatar i søknadsbunken
  • Ein nytilsett trainee som startar hos deg i august 2026
  • …og tilfører bedrifta frisk kompetanse og ny driv!

Ønsker du å vite meir? Send e-post til kine@framtidsfylket.no eller ring 909 89 738.

Som traineear skal dei oppleve både fagleg og personleg utvikling, utvide nettverket sitt og få solid støtte av både Framtidsfylket, arbeidsgivaren sin og eigen mentor.
Over 90% som får tilbod, takkar ja til vidare jobb.

Kvifor skal du tilsette ein trainee?

Det er mange gode grunnar til å tilsette ein trainee, og aller viktigast er kanskje fersk og ettertrakta kompetanse inn i bedrifta. Framtidsfylket står for ei solid marknadsføring av traineestillingane med mål om at du skal få gode kandidatar i søknadsbunken.

Ordninga fokuserer sterkt på kompetansebygging for kvar einskild trainee som skal vere eit gode for arbeidsgivar:

  • Personleg utvikling
  • Kompetanseheving
  • Bygge kunnskap om bedrifter og næringsliv i fylket
  • Skape relevante nettverk

Traineen har

  • maks tre års arbeidserfaring
  • fagskule-, bachelor- eller masterutdanning etter ønske frå deg
  • og skal beherske norsk munnleg og skriftleg

Kva krev det å vere traineebedrift?

Er du allereie god på å ta i mot nytilsette, så krev det ikkje så mykje ekstra å tilsette ein trainee. Vi følger best praksis for onboarding og forventar:

  • Forventingsavklaring mellom leiar og trainee
  • Mentor for traineen
  • Oppfølgingssamtalar
  • At arbeidsgiver legg til rette for deltaking på samling og studietur
  • Medlemskap i Framtidsfylket

For å bidra til ein god oppstart, skal mentor delta på samlingar for å gje tryggheit i rolla.

Rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland

Mangel på kompetent og nødvendig arbeidskraft er ei utfordring i Vestland, og spesielt i distrikta. Framtidsfylket jobbar for at du skal få tak i nødvendig kompetanse, og til no har vi rekruttert over 400 kandidatar til traineeprogrammet vårt. Bidra til å rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland – sats på ein trainee.

2026/2027

Traineebedrifter