Sunnhordland

Arbeidslivet i Sunnhordland er prega av ein sterk, innovativ og eksportretta industri, og har nokre av landets fremste aktørar innan grøn omstilling. Her får du eit variert arbeidsliv tett på sjøen, med sterke industrimiljø, spennande bedrifter og ein viktig offentleg sektor.

Ein jobb å vekse i og eit liv å trivast med.

Arbeidslivet i Sunnhordland er prega av stor breidde og høg kompetanse. Regionen er kjend for å vere er eit nasjonalt senter for offshore, skipsbygging og grøn maritim omstilling, og er spesielt stor på utstyr og tenester til eksportnæringa. Samtidig byr Sunnhordland på moglegheiter innan teknologi, handel og reiseliv. I tillegg står den offentlege sektoren sterkt, med viktige jobbar innan helse, skule og kommunale tenester.

Mange arbeidsplassar gir deg høve til å vere tett på avgjerder og prosjekt, og du får ofte ansvar tidleg. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av miljø. Samtidig er kvardagen enkel: korte avstandar med nærleik til øyane, fjordane, fjella, aktive lokalsamfunn og eit rikt kulturliv. Her bur du midt mellom Bergen og Stavanger, med kort veg til storbyimpulsar. Sunnhordlandsregionen har også flyplass, med avgangar mellom Stord og Oslo 6 dagar i veka. Sunnhordland er for deg som vil utvikle karrieren i eit variert næringsliv, samtidig som du har fritid med eit rikhaldig aktivitetstilbod.

Vil du vite meir om regionen?

Arbeidsgjevarar

med over 3 tilsette i Sunnhordland

Bedriftsmedlemmer

frå Sunnhordland

tusen innbyggjarar

i Sunnhordland

Dei kom for jobben

Kvart år takkar både erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Sunnhordland. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.

Din neste arbeidsgivar i Sunnhordland

Sjekk ut våre medlemmer i Sunnhordland. Kanskje finn du din neste arbeidsgivar?

Derfor jobbar vi i Sunnhordland

I Sunnhordland kan du bidra til eit arbeidsliv prega av ein sterk, innovativ og eksportretta industri, tett på sjøen og tett på avgjerdene.

Kanskje ein annan region passar deg betre?

Nordfjord
 
Sogn
 
Bergen
 
Sunnfjord
 
Nordhordland
 
Hardanger og Voss