Slik hjelper vi deg
Ønsker du fleire søkarar på ledige stillingar? Vil du løfte fram det som gjer bedrifta di til ein attraktiv arbeidsplass? Og vil du nå ut til dei som er interesserte i jobb i Vestland? Då kan vi i Framtidsfylket hjelpe deg.
Våre tenester
Bli traineebedrift
Tilsett ein nyutdanna med driv og ny kompetanse. Anbefalt av bedrifter i Vestland gjennom 20 år!
Ta del i nettverket
Som medlem blir du synleg for framtidas arbeidstakarar i Vestland og tilgang til eit unikt nettverk.
Møteplassar
Møt jobbsøkarane på karrieremesse, få fagleg oppdatering på kursa våre eller delta på rekrutteringskonferanse.
Employer branding
Kva er det som gjer nettopp din arbeidsplass attraktiv? Vi hjelper deg med å finne det og løfte det fram.
Rådgjeving
Korleis kan du bli betre på rekrutteringskommunikasjon? Vi har verktøyskassa og hjelper deg gjerne.

Profesjonelt arrangement og perfekt lokasjon for ei karrieremesse. Vi fekk kontakt med ein del kvalifiserte kandidatar, mellom anna ein nyutdanna arkitekt. Vi deltar svært gjerne igjen.
Børre Sundsøy, Helgesen Tekniske Bygg
Få siste nytt om arbeidslivet i Vestland
Framtidsfylket er din rådgivar på rekrutteringskommunikasjon og alltid oppdatert på kva som rører seg i arbeidslivet i Vestland. I nyheitsbrevet vårt får du info om neste møteplasss, siste nytt om rekruttering og nyttige fagartiklar om HR, kommunikasjon og rekruttering.
Kven når du ut til?
Gjennom Framtidsfylket når du eit unikt publikum som allereie er interessert i Vestland og arbeidslivet her. Mange av dei er potensielle jobbkandidatar på jakt etter spennande miljø og attraktive arbeidsplassar.
500 000 når vi ut til kvar månad
5000 nyheitsbrevabonnentar
700 søkarar til 25 traineestillingar i 2026
Derfor skal du vere medlem
Den støste fordelen med å vere medlem i Framtidsfylket, er at du som arbeidsgivar blir synleg for ei svært relevant målgruppe. Framtidsfylket har eit unikt nettverk av folk som er interessert i arbeidslivet i Vestland: jobbsøkarar, heimeflyttarar, tilflyttarar og dei som søker livsstilen du får i Vestland. Vår jobb er å gjere deg synleg til desse. Det gjer vi gjennom nettsida vår, sosiale medium, nyheitsbrev, artiklar, kampanjar og ulike møtestadar.
Som medlem blir du løfta fram i kanalane våre. Lang erfaring med rekrutteringskommunikasjon gjer oss til din rådgivar når du treng folk. Som medlem er du også sikra rabatterte prisar på karrieremesser, konferansar og andre møteplassar, samt tilgang på traineeprogrammet vårt. Men viktigast av alt: du blir synleg i ein kontekst som lettar rekrutteringsjobben.
Aktuelle saker
Hald deg oppdatert på arbeidsmarknaden og rekrutteringsnytt frå Vestland.
-

Skal du tilsette trainee?
Er du klar for å tilsette ein ivrig, nyutdanna kandidat?
-

Må du ha nokon med erfaring?
Bedrifter i Vestland ropar etter folk, medan nyutdanna står utan jobb. Det heng ikkje heilt på greip.
-

Traineeprogrammet gjorde det trygt å satse
Då Eli flytta heim til Odda for å starte som trainee i Ullensvang kommune, var ho spent, men trygg på valet.
