Hardanger og Voss
Hardanger og Voss er langt meir enn ein reiselivsdestinasjon. Dette er ein region med sterke industrimiljø, stor produksjon av fornybar energi, ei innovativ mat- og fruktnæring og bedrifter som utviklar løysingar for framtida. Regionen står for betydeleg verdiskaping og tilbyr deg eit arbeidsliv som kombinerer tradisjonar med nytenking.

Der sider, industri og nye idear møtast
Hardanger og Voss er ein region med lange tradisjonar og store ambisjonar for framtida. Her finn du spennande jobbar innan industri, fornybar energi, teknologi, handel, reiseliv og matproduksjon. Regionen utviklar nye satsingar innan hydrogen, sirkulær bioøkonomi og grøn industri, har sterke fagmiljø og fleire verksemder som konkurrerer i globale marknader. Samtidig er avstandane korte, med ein kvardag som gir rom for meir enn jobb.
Hardanger er Noregs viktigaste fruktregion, medan Voss har blitt eit senter for innovasjon innan berekraftig mat- og ressursutnytting. Her kan du jobbe med framtidsretta teknologi og verdiskaping, utan å gi avkall på nærleik til natur i særklasse og sterke lokalsamfunn. For mange er det nettopp det som gjer at dei vel å bli.
Vil du vite meir om korleis det er å bu og jobbe i Hardanger & Voss?
3641
Arbeidsgjevarar
med over 3 tilsette i Hardanger og Voss
9
Bedriftsmedlemmer
i Hardanger og Voss
38
tusen innbyggjarar
i Hardanger og Voss
Derfor jobbar vi i Hardanger og Voss
I Hardanger og Voss kan du jobbe med tradisjonelle næringar tett på naturen, eller bidra til nyskaping i industrien.
Når du bur ein stad der naturen er rundt deg heile tida, får du ein heilt annan energi. Du kan når som helst ta deg ein pause, gå ut i fjellet eller ta eit bad i fjorden.
Guro Kvalnes, fruktbonde
Ineos var min inngang til å jobbe med verdiskaping i industrien. Her får eg sjansen til å påverke landbasert industri i ei grønare retning.
Mari Prestegård, Ineos
Om du vil utrette ein forskjell må du komme til ein liten plass, det er her stemma di betyr noko. Folk bryr seg om plassen og vil få Ullensvang til å fungere.
Najib Sharif, Ullensvang kommune
Din neste arbeidsgivar i Hardanger og Voss
Sjekk ut våre medlemmer i Hardanger og Voss. Kanskje finn du din neste arbeidsgivar?
-
Bystøl AS
Rådgjevande ingeniørar
-
Fjord1
Maritim transport
-
Fonna Næringshage
-
Indre Hordaland Kraftnett
Nettselskap
-
Ineos Tyssedal
Europa sitt einaste smelteverk som produserer titanium og råjern
-
Mediebruket
Design, utvikling og drift av nettstader
-
Norway’s best AS
Tilbyr spektakulære naturbaserte opplevingar
-
Sparebanken Norge
En lokal bank med nasjonal kraft
-
Ullensvang kommune
Noregs friluftshovudstad

Om du vil utrette ein forskjell, må du komme til ein liten plass. Det er her stemma di betyr noko! Folk bryr seg om plassen og vil få Ullensvang til å fungere.
Najib Sharif
Dei kom for jobben
Kvart år takkar både erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Hardanger og Voss. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.
Historier frå Hardanger og Voss
Les historia til andre som har valt Hardanger og Voss som arbeidsstad og bli inspirert!
-

– Heilt sjukt at dette skjer i Odda!
Andre hadde kanskje takka for seg, men ikkje Renate. Det bokstavleg talt kokar på Langhuset.
