Bli traineebedrift
Som traineebedrift får du ein motivert nyutdanna som tilfører ny kompetanse og friske perspektiv. Vi koordinerer utlysing av stilling, fagprogram og sosialt nettverk. Du fokuserer på å gi traineen ein god start.
Kvifor skal du tilsette ein trainee?
Det er mange gode grunnar til å tilsette ein trainee, og aller viktigast er kanskje fersk og ettertrakta kompetanse inn i bedrifta. Framtidsfylket står for ei solid marknadsføring av traineestillingane med mål om at du skal få gode kandidatar i søknadsbunken.
400 traineear rekruttert sidan 2009
93 % takkar ja til fast stilling etter traineeåret
600 søkarar til 25 stillingar i 2026
Er du vår neste traineebedrift?
I nesten 20 år har bedrifter i Vestland rekruttert fersk, nyutdanna kompetanse gjennom traineeprogrammet.
For at ein ny person skal trivast i jobben, er det viktig å kjenne at ein høyrer til. Dette kan ta tid, men som traineebedrift i Framtidsfylket er det litt enklare å få til.
Marie Heieren, Sparebank1
Ein trainee er ikkje berre ein ekstra person – det er ei investering i utvikling. Vi har fått inn nye perspektiv, god arbeidskraft og mykje engasjement.
Karoline Vågsholm, Hub for Ocean
Vi får fersk kompetanse, nye perspektiv og ofte nye innbyggjarar. Det er ein trygg måte å få tak i folk på, og for mange blir det starten på noko varig.
Marianne Kalland, Ullensvang kommune
FAQ
Her finn du ofte stilte spørsmål og svar om å vere traineebedrift.
Aller viktigast er kanskje fersk og ettertrakta kompetanse inn i bedrifta. Ein trainee kjem rett frå utdanning og er oppdatert på det nyaste innan sitt fagfelt.
Om du allereie er god på å ta imot nytilsette, krev det ikkje så mykje utover det. Det er viktig med ei forventningsavklaring mellom trainee og leiar, at traineen får sin eigen mentor i bedrifta og at de har oppfølgingssamtalar gjennom traineeåret. Du skal også legge til rette for at traineen får delta på samling og studietur. Du må vere medlem i Framtidsfylket for å vere traineebedrift.
Ein av av dei tilsette i bedrifta skal fungere som mentor for traineen. Mentor skal vere både rådgivar og støttespelar, og følge opp traineen gjennom året. På første traineesamling har vi også mentorsamling, der målet er å gjere mentor tryggare i rolla.
Framtidsfylket står for ei solid marknadsføring av traineestillingane gjennom ein omfattande og nasjonal kampanje. I tillegg til kampanjen har vi direkte kontakt med studentar på ulike messer og karrieredagar, samt gjennom linjeforeiningar, høgskular, fagskular og universitet.
Vi startar utlysinga i desember året før oppstart, men lyser ut traineestillingar som kjem til etter kvart fram til sommaren. Traineeåret startar i august.
Mange arbeidsgivarar opplever at dei får fleire søkarar til ei traineestilling. Det er attraktivt å vere trainee, du når nye søkarar gjennom kampanjen du er del av og Framtidsfylket sitt program har eit godt omdøme.
Du som arbeidsgivar får tilgang til lista med søkarar, og bestemmer sjølv kven du kallar inn til intervju og kven du til slutt vel å tilsetje.
Nei, det må du ikkje. Men merk at du må betale for å vere med i marknadsføringskampanjen.
I 2026 kosta det 95.000,- å vere med i programmet. I tillegg må arbeidgivar dekke den årelge utanlandsturen til traineen, mentorsamlinga og reisekostnadar til og frå samlingane. Løna blir du og traineen einige om.
Om det er god match mellom arbeidsgivar og trainee, kan du tilby traineen fast stilling. For mange blir traineeåret ein smakebit på korleis det er å jobbe hos deg og bu i Vestland. Om opplevinga er god, er det store sjansar for at du har fått ein ny fast tilsett.
Tidlegare traineekull
Lurer du på kva type bakgrunn du kan ha som trainee? Bli kjent med våre tidlegare traineear her.
-

Åshild Brynjelsen
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Åshild Thomassen Ramsdal
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Ayla Haraldsvik
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Bernard Breidvik
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Dimana S. B. Helle
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Eivind Landmo
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Eli H. Lekve
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Frida Pedersen Bekkestad
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Hanna Reksnes
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
Aktuelle saker
Hald deg oppdatert på arbeidsmarknaden og rekrutteringsnytt frå Vestland.
-

Fekk 80 søkarar på éi traineestilling
Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk heile 80 søkarar til traineestillinga si i år. Samstundes fekk seks sommarvikarstillingar rekordhøge 107 søkarar. Kva har dei gjort?
-

Våre beste tips til deg som skal gjennomføre jobbintervju
Du har lese CV-ar, vurdert motivasjon og valt ut kven du ønskjer å gå vidare med. No kjem den kanskje viktigaste delen av tilsetjingsprosessen: intervjuet. Vi gir deg nokre tips på vegen.
-

111 vil ha jobb – Arbeidsgivarane seier nei
Då Framtidsfylket bad nyutdanna om å registrere seg, rann det inn med namn.
