Sogn

I Sogn finn du spennande jobbar både i næringslivet og i ein sterk offentleg sektor, tett på spektakulær natur og leikne, aktive innbyggarar. Her står industri, fornybar energi, teknologi, utdanning, landbruk og reiseliv sentralt, og den lokale verdiskapinga er stor. Sterke fagmiljø gir deg sjansen til ein solid karriere i Sogn.

Sterke fagmiljø, nettverk og meiningsfulle jobbar

Arbeidslivet i Sogn er variert, innovativt og internasjonalt. Her finn du alt frå sterk satsing på industri, fornybar energi og teknologiutvikling, til reiseliv og ein viktig og mangfaldig offentleg sektor.

Kommunar, helse og utdanning spelar ei sentral rolle, og gir trygge jobbar med meiningsfylte oppgåver. Mange verksemder er mindre, noko som gir deg breiare ansvar og tettare samarbeid og påverknad frå dag éin. Samtidig er fagmiljøa sterke, med gode moglegheiter for utvikling. Nettverk på tvers av bransjar og verksemder gjer det lettare å bygge relasjonar, dele kompetanse og finne nye karrieremoglegheiter i Sogn.

Mange søkjer seg til regionen for å kombinere karrieren med det ville friluftslivet Sogn er så kjend for. Her finn du likesinna som brukar naturen til leik, inspirasjon og ro, samtidig som dei vil gjere ein forskjell i arbeidslivet.

Vil du vite meir om korleis det er å bu og jobbe i Sogn?

Arbeidsgjevarar

med over 3 tilsette i Sogn

Bedriftsmedlemmer

frå Sogn

tusen innbyggjarar

i Sogn

Derfor jobbar vi i Sogn

I Sogn kan du få ein meiningsfylt jobb i offentleg sektor, eller bidra til utvikling i eit spennande og innovativt næringsliv.

Din neste arbeidsgivar i Sogn

Sjekk ut våre medlemmer i Sogn. Kanskje er dette din nye arbeidsgivar?

Dei kom for jobben

Kvart år takkar erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Sunnfjord. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.

Historier frå Sogn

Les historia til andre som har valt Sogn som arbeidsstad og bli inspirert!

Kanskje ein annan region passar deg betre?

Nordfjord
 
Sunnfjord
 
Bergen
 
Sunnhordland
 
Nordhordland
 
Hardanger og Voss