Skal du tilsette trainee?

No tar vi inn nye traineebedrifter med oppstart august 2026. Er du klar for å tilsette ein ivrig, nyutdanna kandidat?

Missing caption

Digitalt informasjonsmøte

Vil du vite meir om å vere traineebedrift? Bli med på digitalt informasjonsmøte 25. september! Vi svarar på dei mest stilte spørsmåla:

  • Kva krev det av deg å vere traineebedrift?
  • Kva kostar det?
  • Korleis føregår utlysing- og tilsettingsprosessen?
  • Kva fordelar får du ved å tilsetje ein trainee?
  • Og ikkje minst: kva fordelar opplever traineen?

Påmelding her

I desember lanserer vi årets traineestillingar og i starten av mars får du tildelt ei liste med kandidatar som ønsker å jobbe for deg.

Som traineebedrift får du

  • Ta del i ein omfattande, nasjonal marknadskampanje
  • Velje blant gode kandidatar i søknadsbunken
  • Ein nytilsett trainee som startar hos deg i august 2026
  • ...og tilfører bedrifta frisk kompetanse og ny driv!

Ønsker du å vite meir? Send e-post til kine@framtidsfylket.no eller ring 909 89 738.

Kvifor skal du tilsetje ein trainee?

Det er mange gode grunnar til å tilsette ein trainee, og aller viktigast er kanskje fersk og ettertrakta kompetanse inn i bedrifta. Framtidsfylket står for ei solid marknadsføring av traineestillingane med mål om at du skal få gode kandidatar i søknadsbunken.

Les også: 9 gode grunnar til å bli traineebedrift

Ordninga fokuserer sterkt på kompetansebygging for kvar einskild trainee som skal vere eit gode for arbeidsgivar:

  • Personleg utvikling
  • Kompetanseheving
  • Bygge kunnskap om bedrifter og næringsliv i fylket
  • Skape relevante nettverk

Traineen har

  • maks tre års arbeidserfaring
  • fagskule-, bachelor- eller masterutdanning etter ønske frå deg
  • og skal beherske norsk munnleg og skriftleg

Kva krev det å vere traineebedrift?

Er du allereie god på å ta i mot nytilsette, så krev det ikkje så mykje ekstra å tilsette ein trainee. Vi følger best praksis for onboarding og forventar:

  • Forventingsavklaring mellom leiar og trainee
  • Mentor for traineen
  • Oppfølgingssamtalar
  • At arbeidsgiver legg til rette for deltaking på samling og studietur
  • Medlemskap i Framtidsfylket

For å bidra til ein god oppstart, tilbyr vi mentorsamling for å gjere mentor tryggare i rolla.

Klar for å tilsette ein trainee?
Send inn dette skjemaet eller kontakt Kine på kine@framtidsfylket.no for meir informasjon.

Rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland

Mangel på kompetent og nødvendig arbeidskraft er ei utfordring i Vestland, og spesielt i distrikta. Framtidsfylket jobbar for at du skal få tak i nødvendig kompetanse, og til no har vi rekruttert 400 kandidatar til traineeprogrammet vårt. Bidra til å rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland - sats på ein trainee.

Missing caption
Nyheiter Nær 800 traineesøknadar til Framtidsfylket

Éin arbeidsgivar fekk desidert flest søkarar, mange vil jobbe for nykommaren Nordic Mining og Hardanger har skjønt det.

Missing caption
Nyheiter Traineeprogrammet skapar tilhøyrsle

Marie Heieren er opptatt av at nytilsette skal kjenne at dei høyrer til. Å vere traineebedrift gjer det litt lettare.

Missing caption
Arbeidsliv – Traineeane kjem inn med engasjement, driv og nye perspektiv

SIMAS var så fornøgde med sitt første år som traineebedrift at dei følger opp suksessen med eit nytt år.

Missing caption
Trainee Derfor skal du bli traineebedrift

Snusar du på å bli traineebedrift? Vi gir deg ni gode grunnar til å delta i Framtidsfylkets traineeprogram.

Missing caption
Nyheiter 26 nye innbyggarar i Vestland!

Det er ei stor ære å presentere 26 nye innbyggarar i Vestland. Sjå kor dei jobbar og kva tankar dei har om traineeåret.

Missing caption
Nyheiter Reisebrev frå Brussel

Måndag 19. mai møtte ein spent gjeng traineear opp i Brussel for å lære meir om korleis EU fungerer – og kva det har å seie for oss i Noreg.

Missing caption
Nyheiter Kenneth har hatt ei unik traineestilling

Etter eit år som trainee har Kenneth fått innsikt i drifta av eit stort selskap og styrka leiarkompetansen sin.

Missing caption
Trainee Full klaff for Sunnfjord kommune

For første gong har Sunnfjord kommune tilsett ein trainee. For dei vart det full klaff på første forsøk.

Missing caption
Nyheiter Frå to til fire traineear i Ullensvang

Då Ullensvang kommune møtte kandidatane til årets traineestillingar, endte dei opp med å doble talet traineear dei skulle tilsette. Det var rett og slett så mange gode søkarar.

Missing caption
Nyheiter Traineeprogrammet hentar inn relasjonsekspert

Då det kom tilbakemeldingar om at ikkje alle traineebedriftene leverte på oppfølging, tok Framtidsfylket grep.

Missing caption
Nyheiter Derfor bør du satse på nyutdanna

Kvir du deg på å tilsette nyutdanna, og vel heller alltid dei med erfaring? Då bør du kanskje tenke deg om ein gong til.

Missing caption
Arbeidsliv Nytt samarbeid: Visere bidrar til ein betre rekrutteringsprosess!

Nytt samarbeid med Visere sikrar moderne rekrutteringsverktøy og løysingar som kan gjere søknadsprosessen til traineestillingane både enklare og meir treffsikker.