Traineeprogrammet
Klar for å makse starten på arbeidslivet? Bli trainee i Vestland!
Kva vil det seie å vere trainee?
Ein trainee i Framtidsfylket har bachelor- master- eller fagskuleutdanning og maks tre års arbeidserfaring. I eitt år skal du jobbe i ei bedrift i Vestland som er relevant for ditt fagfelt. Målet med året er brei arbeidserfaring, nye nettverk og venner, bli kjend med næringslivet i Vestland og eit innhaldsrikt år der du får utvikle deg både personleg og fagleg <3
Kvart år lyser vi ut nye traineestillingar frå og med desember med oppstart i august. Vil du ha varsel når vi lanserer nye traineestillingar?
Eitt år med arbeidserfaring
Fagleg og sosialt nettverk
Turar og samlingar i arbeidstida
FAQ
Her finn du ofte stilte spørsmål og svar om å vere trainee.
Ein trainee i Framtidsfylket har bachelor- master- eller fagskuleutdanning og maks tre års arbeidserfaring. Det vil seie at du kan søke som nyutdanna, eller med opp til 3 års arbeidserfaring etter studiar. I eitt år skal du jobbe i ei bedrift i Vestland som er relevant for ditt fagfelt.
Målet med året er brei arbeidserfaring, nye nettverk og venner, bli kjent med næringslivet i Vestland og eit innhaldsrikt år der du får utvikle deg både personleg og fagleg.
Ja. Løna blir du og arbeidsgivar einige om.
Traineeåret er for deg som vil litt meir. I tillegg til arbeidserfaring får du tildelt ein mentor i bedrifta som følger deg opp gjennom året. Du får innsikt i heile bedrifta, betydelege arbeidsoppgåver og ansvar frå dag éin. Og du får delta på eit solid fagleg og sosialt program med traineesamlingar saman med andre traineear i Vestland 🧡
Mange set pris på det sikkerheitsnettet og den ekstra støtta du får som trainee. Det gjer overgangen frå student til arbeidstakar litt lettare.
Fire/fem gongar i året samlast alle traineeane i Framtidsfylket på ein idyllisk plass i Vestland i tre dagar. Her får du fagleg påfyll, bli betre kjend med dei andre traineeane og delta på gøye aktivitetar. Det er arbeidsgivaren din som betalar for turen, og det skjer i arbeidsveka.
På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging, og andre nyttige tema for deg som er fersk i arbeidslivet. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. Samtidig legg vi vekt på at du skal bli kjend med næringslivet i Vestland, slik at du veit kva jobbmoglegheiter du har her. Like viktig er det at du skal trivast her. Derfor legg vi opp til mykje hygge, moro og nye vennskap.
Kva kompetanse arbeidsgivarane ser etter, varierer frå år til år. Sjekk ut årets liste over traineestillingar for å finne ut om di utdanning passar til ei av stillingane. Merk at nokre av stillingane er ganske opne, og ønsker søkarar frå ulike fagfelt.
Ja, du kan søke på så mange traineestillingar du vil.
Offisiell start på traineeåret er i august. Nokre av arbeidsgivarane ønsker at du startar tidlegare, men dette blir de einige om.
Om det er match mellom deg og arbeidsgivar, og bedrifta har rom for å tilby fast stilling, er det gode sjansar for det.

Du får så mykje igjen for det. Godt nettverk, gode samlingar og ein mjuk start på arbeidslivet.
Frida Pedersen Bekkestad
Fann både jobb og kvardagen ho ønska seg
Då Frida flytta frå Drammen til Vestlandet som student, var det naturen som lokka. No er det alt rundt som gjer at ho vil bli verande.
Folk som starta som trainee i Framtidsfylket
Gjennom 20 år har heile 400 nyutdanna starta karrieren som trainee i bedrifter i Vestland. Mange blir verande etter traineeåret er over — mykje på grunn av det gode nettverket dei får frå start.
For meg var traineeåret ein fantastisk start på arbeidslivet. Eg fekk prøve ut både bedrifta og området under trygge rammer.
Astrid Myren, SFE
Når du kjem til ein ny plass, er det gull verdt å få eit nettverk med ein gong. I tillegg har du folka som jobbar i Framtidsfylket, viss du treng råd eller berre vil lufte tankar.
Heine Urnes, Lotteri- og Stiftelsestilsynet
Eg jobbar med interessante oppgåver i eit miljø der eg kjenner meg verdsett, samtidig som eg har eit sikkerheitsnett i traineeprogrammet.
Lauritz Isaksen, Fjord Base Gruppen

Fagleg og sosialt
I løpet av året som trainee deltek du på samlingar med andre traineear i fylket. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee, og vi har fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre nyttige tema for deg som er fersk i arbeidslivet. Samtidig legg vi vekt på at du skal bli kjend med næringslivet i Vestland, slik at du veit kva jobbsjansar du har her. Like viktig er det at du skal trivast i Vestland, så vi legg opp til mykje hygge, moro og nye vennskap.
Tidlegare traineekull
Lurer du på kva type bakgrunn du kan ha som trainee? Bli kjent med våre tidlegare traineear her.
-

Aase Linn Oftedahl
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Amalie Solem
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Andrea Ramsrud Kjellvang
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Andreas Tistel
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Anette Førde
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Anna Helena Sundt
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Anne Ryssdalsnes Dombestein
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Anne-Cathrine Hauge
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
-

Aron Behnami
Utdanning:
Stillingstittel:
Trainee i:
Aktuelle saker
Les historier om tidlegare traineear.
-

Møt 23 nye vestlendingar
Klar for å helse på ein ny gjeng med traineear? Her er 2026-kullet.
-

– Har du «drive», blir du lagt merke til
Bærumsjenta Anna Helena brukar Sunnfjord til å utvide horisontane. Det gjer ho på fleire måtar.
-

Får lære av dei beste – Slik er det å starte karrieren i Cedra
– Mange trur revisorar sit åleine med reknemaskina og stirer i tal heile dagen. Det er heilt feil, seier Herman Uglum. – Du må tvert imot like å jobbe med folk.
