– Du høyrer jo litt av kvart om Førde, seier Mikkel med eit lurt smil.
Mikkel Folkedal Aksdal har budd i Bergen sentrum nær sagt heile livet. Han elskar alt ved byen: frå tronge smau og bogekorps til folkelivet og dei urbane tilboda. Då han var ferdig utdanna innan medie- og kommunikasjonsfag, dukka det opp ei stilling som fekk han til å vurdere noko heilt anna.
– Eg kom over ei traineestilling i Norec som verka veldig spennande. Etter eit kort familieråd med Ayla kom vi fram til at Førde var nær nok til at avstandsforhold skulle gå fint. Dessutan skulle eg jo berre vere her eit år.
Krevjande å vere ny
Eitt intervju og eitt jobbtilbod seinare stod han i Sunnfjord utan å kjenne verken arbeidsplassen, byen eller menneska der.
– Derfor var eg veldig glad for at det var ei traineestilling. Det er krevjande nok å vere ny i jobb. Når du i tillegg flyttar til ein ny plass, betyr det mykje å få eit nettverk og eit opplegg rundt deg.
For Mikkel vart traineeordninga ein god inngang til arbeidslivet.
– Du får ein mentor som følgjer deg opp, og kollegaene veit at du er fersk. Samtidig får du mykje tillit. Det er ei forventning om at du skal lære medan du jobbar, ikkje at du skal kunne alt frå dag éin.
Ansvar fekk han også.
– Eg opplevde at folk var opptatt av kva eg kunne bidra med. Dei hadde respekt for kompetansen min, samtidig som eg fekk lære masse.

Fort kjende på samling
Då Mikkel møtte opp på første traineesamling, kjende han ingen av dei 24 andre traineeane i Framtidsfylket traineeprogram.
– Eg var ganske usikker i starten. Å bu på hytte med ein gjeng framande er jo litt… intenst? Men det er faktisk den beste måten å bli fort kjend.
Etter over eit år i Sunnfjord er han positivt overraska over både området og arbeidsmarknaden.
– Eg er veldig glad i Bergen, men har oppdaga at det går fint an å bu og jobbe i Sunnfjord, seier han og ser bort på sambuaren.
Ayla Haraldsvik er frå Ørland i Trøndelag, men har studert i Bergen. Det var også der ho møtte Mikkel.
Fekk FOMO av Mikkel
– Eg synest alt Mikkel var med på i traineeåret høyrdest kjempegøy ut! Det var nesten som eg fekk FOMO av å sitte i Bergen og ikkje vere med på det han opplevde. Samlingar, utanlandstur, nye venner og ikkje minst stemninga mellom traineeane.
Med denne forkunnskapen besøkte ho Karrieremessa Ta Steget i Grieghallen i februar i år.
– Det som skulle vere ein kjapp tur innom for å levere lunsj til Mikkel, som stod på stand med Norec, vart til ei lita runde. Han meinte eg kunne ta ein kikk rundt på messa, og hadde kanskje ein baktanke med det, ler ho.
Denne karrieremessa er nemleg fylt opp med arbeidsgivarar frå blant anna Sunnfjord.
– Eg tok meg ei runde og møtte først Andreas frå Nytta. Han framsnakka Fjaler og ville eg skulle søke ein leiarjobb der. Då sa eg at eg er berre barnet og kan ikkje vere leiar, ler 27-åringen.
Med lovnad om å søke
Den neste ho fekk augekontakt med skulle vise seg å vere full klaff:
– Gro Rukan stod på stand for Vilje helseklynge og var på jakt etter ein trainee. Så seier vi hei og hallo og merkar at vi går veldig godt overeins. Vi vart godt kjende, og det siste Gro sa var: Du må love meg å søke på traineestillinga.
Ayla enda med å søke same traineeprogrammet som Mikkel, og resten er historie. I dag er ho trainee i Vilje helseklynge, medan Mikkel har avslutta traineeåret og gått over i ei prosjektstilling i Norec.
– Så no bur vi her begge og lever vaksenlivet i rekkehus, gliser Mikkel.
Møter menneske du aldri ville oppsøkt
Men korleis har Ayla opplevd traineeprogrammet, no som ho går i fotspora til sambuaren?
– Første traineesamling var både gøy og lærerik. Det som kanskje overraska meg mest, var kor ulike folk som er med i programmet. Du blir utfordra på heilt andre måtar enn i kvardagen, fordi du må forhalde deg til menneske med ulike interesser, erfaringar og perspektiv. Sjølv om vi er forskjellige, er alle opne og villige til å bidra, og det skapar eit godt fellesskap.
Nytt i årets traineeprogram, er at Fargespel lærer traineeane om arbeidsmiljø og relasjonar gjennom song og dans:
– Eit vanleg foredrag kan fort bli litt tungt, men her var det fart, lyd og musikk som gjorde at eg blei engasjert. Det var både morosamt og litt utfordrande, og ein flott måte å lære meir om korleis vi fungerer saman på jobb.
Sjølv om vi er forskjellige, er alle opne og villige til å bidra

Får verdifull erfaring
Jobbstarten har vore innhaldsrik for Ayla, som også jobbar innan kommunikasjon:
– Vi er berre to tilsette i Vilje helseklynge, så eg får jobbe med mykje meir enn kommunikasjon. Eg er innom alt frå HR og budsjett til søknadsskriving. Det gjer at eg lærer masse og får verdifull erfaring frå mange sider av arbeidslivet i ein spennande oppstartsfase.
Vil ta for seg av Sunnfjord
På spørsmål om kva dei fyller fritida med, blir dei usikre. Ikkje fordi det ikkje er noko å finne på i Sunnfjord, men fordi kvardagen sluker dei.
– Det har gått slag i slag. Å vere ny i jobben gir så mange inntrykk, at når du kjem heim blir det fort sofaen.
– Men vi har jo reist litt rundt i fylket og sett stadar, skyt Mikkel inn,
– Og så har vi eit mål om å komme oss på fjell, legg han til.
Begge er glade i kultur, og dei gler seg over eitt breitt tilbod:
– Vi har lyst til å gå meir på teater og konsertar framover. Når ting roar seg, er planen å ta for oss av Sunnfjord. Vi ser jo at det skjer masse her.

Gidd ikkje ha for mange planar
Når praten kjem inn på framtida, er det få bastante svar å få frå Ayla og Mikkel. Dei er ikkje så opptekne av å planleggje alt i detalj.
– Det er sikkert mange som veit nøyaktig kva dei skal, men vi gidd ikkje ha for mange planar. Det blir jo sjeldan slik ein ser føre seg uansett, seier Mikkel.
Det dei veit, er at dei er glade for at dei våga å flytte frå Bergen. Det siste året har gitt dei både erfaring, ansvar og eit heilt nytt forhold til regionen.
– Vi hadde eigentleg berre køyrt gjennom her før. No har vi blitt kjende med både folk, bedrifter og moglegheitene som finst. Det har vore ein skikkeleg augeopnar, seier Ayla.
Draumen om eit småbruk
Og kanskje er det nettopp difor tanken på å bli verande ikkje kjennest så fjern. Når dei først har tatt steget ut av byen, freistar det med eit småbruk. Ayla drøymer nemleg om eit gamalt hus på landet, med god plass rundt seg, hage og kanskje nokre dyr. Mikkel er ikkje avvisande til idéen han heller.
– Eg er open for noko meir landleg, nikkar han mot Ayla og minner ho på at då blir ho drosjesjåfør for byguten utan lappen.
– Vi trivst godt her. Det er ikkje er umogleg at vi blir, avsluttar dei.
Resten får kome som det kjem. Det hastar ikkje lenger like mykje at det skjer «alt mogleg» rundt dei. Det viktigaste er å ha ein plass der dei trivst. Og akkurat no har dei funne det.




