Møt 23 nye vestlendingar

Klar for å helse på ein ny gjeng med traineear? Her er 2026-kullet.

Nær 700 søknadar til 23 traineestillingar ,18 arbeidsgivarar fordelt på fem regionar og eitt fylke. Her er gjengen som kapra kvar si traineestilling i Framtidsfylket Vestland sitt traineeprogram i 2026-27.

Nordhordland

Eivind Landmo

Eivind (28) frå Grimstad er utdanna sivilingeniør frå NTNU og skal vere trainee i Helgesen Tekniske Bygg på Osterøy. Her skal han jobbe i prosjekteringsteamet.

Kvifor trainee: Ønsker ein god start på arbeidslivet med god oppfølging, kjekke opplevingar og gode verktøy i møte med jobb.

Åshild Brynjelsen

Åshild (27) frå Haugesund er utdanna byggingeniør og skal vere trainee i Helgesen Tekniske Bygg på Osterøy. Her skal ho jobbe med arbeidsteikningar, design av industribygg, koordinering, planlegging og meir.

Kvifor trainee: Eg ønska ei rolle med opplæring i fokus.

Sunnfjord

Ayla Haraldsvik

Ayla (27) frå Ørland har master i medie og kommunikasjon og bachelor i informasjonsvitskap. Ho skal vere trainee i Vilje Helseklynge i Førde. Her skal ho jobbe med kommunikasjon.

Kvifor trainee: Eg ønsker eit fellesskap blant andre nye i arbeidslivet, samt ha eit roleg overgangsår mellom skule og jobb.

Johanne Tandberg

Johanne (24) frå Vasser har bachelor i forretningsjus og økonomi. Ho skal vere trainee i Cedra i Florø og jobbe med revisjon.

Kvifor trainee: Det er ein trygg og god overgang frå studier til arbeidsliv, der eg kan lære masse og bygge nettverk.

Linnea Høyvik

Linnea (24) frå Florø har bachelor i digital marknadsføring og salsleiing. Ho skal vere trainee i Stiftinga Drivkraft i Førde og jobbe med administrasjon, kommunikasjon og utvikling.

Kvifor trainee: Eg ønsker praktisk erfaring, utvikle kompetansen min og lære av dyktige folk. Det er motiverande å dele erfaringar og lære saman med andre i same situasjon som meg.

Kasper Aune Dahl

Kasper (24) frå Hamar er lektor med master i matematikk og skal vere trainee i Lotteri-og stiftelsestilsynet i Førde. Her skal han jobbe med implementering av AI og IT.

Kvifor trainee: Eg vil vere trainee fordi eg får mentor, vere sosial med andre trainear og utfordre meg sjølv.

Amalie Solem

Amalie (24) frå Horten har master i medier og kommunikasjon og skal vere trainee i Sunnfjord Utvikling i Førde. Her skal ho jobbe med kommunikasjon og bidra i ulike prosjekt.

Kvifor trainee: Det er ein spennande sjanse til personleg og fagleg utvikling, erfaringsutveksling og eit sosialt nettverk med andre trainear. Det er ei fin ordning når du er ny på staden.

Anette Førde

Anette (24) frå Jølster har bachelor i digital marknadsføring og salsleiing og skal vere trainee i Sparebank 1 Sogn og Fjordane i Førde. Her skal ho jobbe på bedriftssenteret.

Kvifor trainee: Det gir meg ein god overgang frå studielivet til arbeidslivet, samtidig som eg får utvikle meg fagleg og personleg.

Åshild Thomassen Ramsdal

Åshild (26) frå Bergen har bachelor i journalistikk og master i medier og kommunikasjon. Ho skal vere trainee i Sparebank 1 Sogn og Fjordane i Førde og jobbe som marknadskonsulent.

Kvifor trainee: Det er spennande å prøve ulike oppgåver og bli kjend med forskjellige deler av verksemda. På den måten kan eg finne ut kva eg trivst best med, samtidig som eg lærer og får relevant erfaring.

Kurt-Inge Midtbø

Kurt-Inge (27) frå Bergen er utdanna sivilingeniør, kjemi/materialteknologi. Han skal vere trainee i Elkem i Bremanger.

Kvifor trainee: Fin inngang inn i arbeidslivet, der det blir tatt omsyn til at ei generell utdanning ikkje dekker alle aspekte av stillinga, men at dette blir tileigna over tid.

Sogn

Rebecka Sollid

Rebecka (25) frå Stryn har master i samfunnsøkonomi og skal vere trainee i Vestland fylkeskommune i Leikanger. Her skal ho jobbe med strategisk innkjøp.

Kvifor trainee: Fint med ein mjuk overgang til arbeidslivet og fint å kome nærare heime.

Bernard Breidvik

Bernard (24) frå Høyanger har utdanning i marin teknikk og skal vere trainee i Tersan Havyard i Leirvik. Her skal han jobbe med KHMS (kvalitet og HMS).

Kvifor trainee: Å vere trainee opnar opp for læring, og arbeidet blir meir forma etter ferdigheiter og kvalitetar.

Anne-Cathrine Hauge

Anne (37) frå Førde har utdanning som frontend utviklar og skal vere trainee i Highsoft i Vik. Her skal ho jobbe som webutviklar.

Kvifor trainee: Eg har høyrt mykje bra om å vere trainee.

Hanna Reksnes

Hanna (25) frå Nordfjordeid har utdanning i by- og regionplanlegging og skal vere trainee i Vestland fylkeskommune i Leikanger. Her skal ho jobbe med vegforvaltning

Kvifor trainee: Å vere trainee er ein mjukare overgang til arbeidslivet.

Aase Linn Oftedahl

Aase Linn (25) frå Sandnes har master i samfunnsøkonomi og skal vere trainee i Vestland fylkeskommune i Leikanger. Her skal ho jobbe med strategisk innkjøp.

Kvifor trainee: Eg ønsker ein fin introduksjon til arbeidslivet, bli kjend med nye folk og utforske Vestland fylke.

John Åge Sundsethvik

John Åge (26) frå Kristiansand har utdanning i marinteknikk og skal vere trainee i Tersan Havyard i Leirvik. Her skal han jobbe som prosjektplanlegger.

Kvifor trainee: Det gir tryggheit for både meg og arbeidsgiver. I tillegg er det ein fin måte å møte andre i same situasjon, og dele erfaringar og forventingar.

Nordfjord

Henny Kurland

Henny (26) frå Asker har master i fornybar energi og er trainee i Sogn og Fjordane Energi på Sandane. Her skal ho jobbe som som prosjektutviklar for nye kraftprosjekt.

Kvifor trainee: Det verker som eit bra opplegg. Det er gøy å møte andre i same situasjon, få nye opplevingar og eit nytt nettverk.

Jenny Vingen Engeland

Jenny (27) frå Nordfjordeid har utdanning i Digital kommunikasjon og marknadsføring og er trainee i Coast Seafood i Måløy. Her skal ho jobbe innan marknad, kommunikasjon og administrasjon.

Kvifor trainee: Det er ein fin moglegheit til å forme kva du vil jobbe med i framtida.

Ullensvang

Aron Behnami

Aron (34) frå Stavanger er sivilingeniør innan konstruksjon og er trainee i Ullensvang kommune i Odda. Her skal han jobbe ved avdelinga for park og veg.

Kvifor trainee: Eg ønsker å bidra positivt til lokalsamfunnet og utvikle kunnskapen min.

Saad Idrees

Saad (32) frå Pakistan har master i maritime Operations og bachelor i mechanical engineering. Han er trainee i INEOS Tyssedal. Her skal han jobbe som mekanisk ingeniør.

Kvifor trainee: Dette er ein flott måte å lære på samtidig som eg får verdifull praktisk erfaring. Eg ønsker å utvikle meg fagleg og teknisk, lære av erfarne kollegaer og byggje eit godt nettverk med andre unge, nyutdanna.

Madelen Oppistov Lykkebø

Madelen (24) frå Røldal har bachelor i byplanlegging og samfunnsikkerheit. Ho er trainee i Ullensvang kommune i Odda Her skal ho jobbe med vatn og avløp.

Kvifor trainee: Det gir ein fin overgang frå studier og ut i arbeidslivet, med mykje arbeidserfaring i trygge rammer.