
Ønsket om å gjere ein forskjell var spiren til Vanja sitt utdanningsløp. No tar ho med seg ei doktorgrad i moderne slaveri inn i industrien.
– Terrorisme, menneskerettigheiter, slaveri, konflikt og krig. Det er tema eg synest er veldig spennande, seier Vanja Strand (30), Nor Tekstil sin aller første trainee.
– Synest ikkje alle det er interessant då, ler ho litt spørjande.
Det er definitivt tema som engasjerer, men det er ikkje alle som vel å fordjupe seg i ei doktorgrad i sosial berekraft med moderne slaveri i fokus. For det kan til tider bli mørkt når du går inn i det som Vanja kallar «the dirty side» av kapitalismen.
–I løpet av studiet har eg møtt mange personar som har opplevd slaveri, dessverre. Men det er det som er verkelegheita. Om vi ikkje ser det, kan vi heller ikkje gjere noko med det.
Vanja vaks opp på Askøy utanfor Bergen. Ho har alltid vore ei empatisk jente med ein sterk sans for rettferdigheit. Som liten drøymde ho om å bli menneskerettsadvokat. Då Vanja var 17, kom behovet for å flytte på seg.
– Askøy er ein fin plass, men eg hadde behov for å utforske noko nytt og finne meg sjølv på ein ny stad.
Valet fall på Wales.
– Eg fall veldig for både folka og kulturen i Wales.
Vanja likte seg så godt på utveksling i Wales, at ho reiste tilbake etter vidaregåande. Ho starta med ein bachelor i juss, før ho gikk vidare på master i Global Governance. På timeplanen stod blant anna moderne slaveri, internasjonal menneskerettigheitsrett og global etikk.
– Det var ein praktisk master i form av at vi reiste masse rundt og møtte menneske som var råka av slaveri og brot på menneskerettigheiter, men også dei som jobba for å forebygge det. Vi fekk godt innsyn i baksida av kapitalismen, fortel ho.
Då Vanja leverte masteren, gikk ho over høgste poengsum.
– Eg ønsker ikkje å gjere noko halvvegs seier ho stolt, samtidig som ho er audmjuk.
– Poengsummen var eit resultat av at eg elska det eg heldt på med.
"Du får sjansen til å grave djupt for å finne løysingar andre ikkje har funne før"

Det gode resultatet gav ho giv til å fortsette. Då sjansen til å ta ei doktorgrad i Moderne slaveri dukka opp, var ikkje Vanja i tvil.
– Det er eit tema eg bryr meg veldig om, der eg ønsker å gjere ein forskjell. Du får sjansen til å grave djupt for å finne løysingar andre ikkje har funne før. Berre slik kan vi skape betring og hjelpe folk. Samtidig ønsker eg å forstå kvifor det skjer og korleis vi kan motverke det.

Bestått: Vanja med doktorgradsavhandlinga rett etter bestått eksamen.

Graduation: Her frå seremonien som nyslått doktor.
For det skjer verkeleg. Også i 2025. Mange blir overraska når Vanja fortel kva som skjuler seg i mange bransjar, også i Norge, også på små stader.
– I det store handlar det om menneske som blir grovt utnytta. Det kan vere underbetalte jobbar, menneskehandel, barnearbeid og andre situasjonar der menneske i sårbare situasjonar blir utnytta til andre si forteneste.

Vanja fekk prisen Public Value Award fra Welsh Post Graduate Research Conference for arbeidet sitt.

Ein av grunnane til at Vanja likte seg så godt i Wales, var naturen og dei vakre strendene som var der.
– Med mindre du er ei lita og lokal bedrift med full oversikt, vil dei fleste bedrifter ha ein form for slaveri i forsyningskjeda si. Det er ikkje urealistisk at det finst i dei fleste produkt og varer du ser rundt deg. 50 millionar menneske er estimert som slavar i dag, og i fjor vart meir enn 19.000 menneske tilvist den nasjonale rapporteringsmekanismen i UK, der du kan melde mistanke om slaveri.
Ho meiner det er bedriftene sjølve som kan skape endring:
– Om du har gode rutinar og set gode berekraftsmål, kan du vere med og påverke. Sjå på forsyningskjeda di, ha god innkjøpspraksis, jobb tett på leverandørane og still krav, er oppfordringa.
– Kva om du oppdagar noko du ikkje likar?
– Sidan det allereie eksisterer, er det positivt at det blir avdekka, for då kan du gjere noko med det.
No ser ho fram til å jobbe som trainee i Nor Tekstil.
– Nor Tekstil har fine mål rundt berekraft. Det la eg merke til allereie då eg skulle søke jobb. Eg gikk inn i berekraftsrapporten og såg at dei jobbar kontinuerleg med berekraft i alt frå innkjøp til IT og HMS, og at alle val er basert på visjonen deira "å bli å bli best i verda på innovativ og berekraftig tekstilservice". Det gjorde at eg ville jobbe hos dei.

Vanja let seg imponere av Nor Tekstil sin visjon om å bli best i verda på innovativ og berekraftig tekstilservice
– Trur du at du kan vere med og påverke tekstilbransjen gjennom traineestillinga di?
– Ja, det vil eg seie. Mentoren og leiarane mine er veldig interesserte i det eg har av forslag og idear.
Også i Nor Tekstil har ho fått dykke djupt ned i materien.
– No jobbar eg med å få innsyn i heile bedrifta, og har fått masse info pøst på meg.
– Litt overveldande, men samtidig ein akademikars draum, gliser ho.
Etter å ha budd mange år i Wales, var det ikkje fullt så skummelt å flytte til ein ny by.
– Florø er eigentleg ganske likt Askøy. Det er ein fin, liten by med mange turmoglegheiter.
Dei nye kollegaene har tatt ho godt imot.
– Alle på jobb er veldig imøtekommande og hyggelege. Vi har allereie vore på tur til Kinn, smiler ho.
– Skikkeleg bratt den Kinnaklova, ler ho.
– Og så har jo eg dei andre traineeane i Florø. Vi har blitt ein fin gjeng som finn på ting saman. Eg trur det skal bli eit bra år.
Vil du ha info om neste års traineestillingar? Signer nyheitsbrevet vårt og få dei tilsendt.

Nyinnflytta: Vanja gler seg til å utforske øyane i Florø.