Hub for Ocean traineebedrift

Mentor Karoline J. Vågsholm og trainee Dimana Helle på traineesamling på Jølster.

Nyheiter

Hub for Ocean satsar på trainee: – Får oss til å tenke nytt

For andre året på rad har Hub for Ocean valt å ta inn ein trainee gjennom Framtidsfylket. Erfaringa var så god at dei ikkje var i tvil om å gjere det igjen.

– Vi var litt usikre på kva vi gjekk til, men såg at vi hadde behov for arbeidskraft, spesielt innan kommunikasjon og event. Samtidig ville vi teste ut om vi trengte ei ny fast rolle. Å få inn ein trainee var ein perfekt måte å gjere det på, fortel Karoline Jakobsen Vågsholm, kommunikasjonsansvarleg i Hub for Ocean.

No tar vi inn nye traineebedrifter. Vil du vite meir? Registrer deg her.

Friske auge og svoltne hovud

Fjorårets trainee kom rett frå skulebenken, medan årets, Dimana Helle, har litt jobberfaring. Felles for begge er at dei har vore lærevillige, fleksible og fulle av arbeidskapasitet.

– Ein trainee kjem inn med friske auge og utfordrar oss på ein god måte. Vi har gjort ting på vår måte lenge, men får stadig nye innspel som får oss til å tenke nytt. Det er verdifullt, seier Karoline, som er mentor for traineeane i bedrifta.

Dimana kjenner seg igjen i dette:

– Eg synest det er utruleg moro å jobbe kreativt og tenkje utanfor boksen. Her blir ideane, meiningane og anbefalingane mine lytta til.

"Her blir ideane, meiningane og anbefalingane mine lytta til."

Dimana Helle

Ein del av teamet – frå dag éin

Karoline er opptatta av at traineen ikkje berre ein observatør – ho er ein aktiv del av teamet.

– Vi gir ansvar tidleg, men sørger for faste haldepunkt og god oppfølging. Mandagsmøta våre er viktige – der snakkar vi om laust og fast: helga som var, men også planar for arbeidsveka. Det skaper tryggleik og struktur.

Traineen får både oppgåver og frie tøyler.

– Her er det ingen fasit. Ho kjem med innspel, utfordrar oss og bidreg til utvikling. Det er akkurat det vi ønskjer.

Dimana har allereie fått ansvar som prosjektleiar for to store arrangement:

– Det er inspirerande å få vere med og forme slike prosjekt frå A til Å, og eg gler meg til å forvalte den tilliten på best mogleg måte.

Nettverk og trivsel gjer ein forskjell

Karoline er opptatt av at traineen skal ha det bra – også utanfor jobb.

– Eg er ein person som grublar på om nytilsette trivst. Mentorrolla handlar om å ta vare på traineen som menneske. Det at Dimana vart ein del av U40-nettverket i Florø, gjorde det lettare for meg å vite at ho har det bra.

Dimana har funne seg godt til rette:

– Vestlandet får hjartet mitt til å banke litt ekstra. Det er noko med naturen, menneska og næringslivet her som gir meg energi!

Traineesamling Framtidsfylket

Fem gongar i året deltek Dimana på traineesamling for å møte likesinna og bygge nettverk i Vestland.

Framtidsfylket gir støtte og struktur

Karoline trekkjer fram traineeprogrammet til Framtidsfylket som ein viktig grunn til at opplevinga har vore så positiv.

– Opplegget rundt traineen er veldig bra. Samlingane gir boost, sjølvtillit og fagleg påfyll.

Som mentor synest Karoline det er bra at også ho får fagleg påfyll i traineeåret.

– Mentordagen på første traineesamlinga gjorde meg meir bevisst på meg sjølv og korleis eg møter traineen. Det var nyttig og fint.

Konklusjon: Ein trainee er meir enn ein ekstra ressurs

– Ein trainee er ikkje berre ein ekstra person – det er ei investering i utvikling, både for bedrifta og for menneska som jobbar der. Vi har fått inn nye perspektiv, god arbeidskraft og mykje engasjement. Og vi har utvikla oss som team.

Meld interesse for å vere traineebedrift

Fleire saker