Erik Koopmans (24) har teke over stafettpinnen i bedrifta mor hans starta. Bli kjent med den nye daglege leiaren i Flokk & Fjell!
I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.
Namn: Erik Koopmans
Utdanning: Bachelor i Organisasjonspsykologi, HR og Ledelse
Yrke og arbeidsgivar: Dagleg leiar, flokk & fjell
Nysgjerrig på historia til bedrifta? Les ein tidlegare artikkel om Flokk & Fjell her!
Det beste eg veit er ein variert arbeidskvardag. Som dagleg leiar er arbeidsoppgåvene mange, og variasjonen er eg veldig glad i! Dette gjeld alt frå å vere saman med våre partnarar og kundar, marknadsføring og produktutvikling.
Kollegaer betyr alt, og er eg så heldig at eg for lov til å jobbe med min eigen familie. Det å jobbe saman med min familie for å utvikle innovative og berekraftige produkt er eg veldig stolt over.
Eg er mest stolt over mitt yrke når eg ser kva slags verdi vi faktisk leverer til våre kundar. Vi jobbar i ein bransje som er prega av store kommersielle aktørar, så det å kunne kome inn og levere eit personleg og nytt produkt er veldig givande.
Flokk og Fjell produserer støydemping laga av lokalt saueull.
Då ville eg sannsynlegvis valt eit anna innovasjonsmiljø, kanskje innan teknologi eller design. Det som driv meg er å skape nye ting som gir verdi, så om eg får vere i skjæringspunktet mellom kreativitet og forretningsutvikling så trivast eg!
Mangfaldig, berekraftig og framoverlent.
For meg handlar det om å sette grenser og vere til stades. Det betyr at eg gir alt på jobb når eg jobbar, og gir min energi til familie og andre fritidsaktivitetar når eg ikkje jobbar. Det er krevjande, men nødvendig for å ha en sunn balanse.
For meg er det viktig å først bli kjent med menneska i rommet og skape ein god tone. Rolla eg tek varierer etter kva type møte det er, men eg er alltid tydeleg på eigne meiningar og kan være bestemt når det trengst. Samtidig legg eg stor vekt på å gi rom for andre, lytte og sørge for at alle stemmer blir høyrt.
Vestland kombinerer det beste frå to verder: er eit innovativt næringsliv med internasjonalt utsyn, samtidig som du har kort veg til natur, kultur og fellesskap. Du får moglegheita til å utvikle deg fagleg i spennande bedrifter utan å måtte ofre livskvalitet.
Nærleik til naturen er kjelde til både inspirasjon og livskvalitet.
Eg har stor tru på oppstartsselskapet Bú Composite. Selskapet har nødvendig kompetanse og gjennomføringsevne for å lukkast!
Akkurat no jobbar vi med å forbetre eigenskapane til produkta våre, slik at vi kan matche konkurrentane våre som leverer klasse A absorpsjon med polyesterbaserte produkt. Dette er eit viktig mål for oss fordi vi ønsker å vise at naturlege materiale kan være minst like gode som dei syntetiske alternativa, og samtidig gi noko meir.
Når vi oppnår dette, meiner vi at vi sit på eit tydeleg konkurransefortrinn. Våre produkt er ikkje berre effektive lydabsorberande løysingar, dei er også laga utelukkande av naturlege materialar med estetiske utrykk som passar inn i ulike miljø. I tillegg kjem dei unike eigenskapane til ull: luftrensande, fuktstabiliserande, biologisk nedbrytbart og evne til å nøytralisere VOC-gassar.
Til saman gjer dette at vi kan tilby ein heilt ny generasjon akustikkpanel som kombinerer høg teknisk ytelse, med berekraft og helsefremjande kvalitetar.
Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid? Praktisk arbeid.
Jobbe inne eller jobbe ute? Kombinasjon!
Matpakke eller kjøpe lunsj? Kjøpe lunch.
Ferie eller kvardag? Må ha den eine for å sette pris på den andre.
Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Kreativt arbeid.
Starte tidleg eller gå heim seint? Gå heim seint.
Leie eller bli leia? Leie.