Trainee Sogn

Trainee

Møt traineeane i Sogn 2022/23

Årets kull har elleve traineear plassert i Sogn. Bli betre kjent med dei her.

Katharina

Katharina er allereie overtydd!

Katharina Karlsen Hessen er 31 år og kjem frå Harstad. Ho tok med seg ein master i Internasjonale Miljøstudier frå NMBU og flytta til Sogndal for å vere trainee i Vestland fylkeskommune i avdelinga for Innovasjon og Næringsutvikling, innan naturressursar, landbruk og reiseliv.

– Fylkeskommunen er rammeverket for mykje av det som skjer i Vestland fylke, og her får eg jobba direkte med prosessen bak korleis fylket skal verte meir berekraftig både no og i framtida.

På spørsmål om forventningar til ny stad og jobb, kan ho melde at dei allereie er innfridde etter nokre månadar i Sogn:

– Eg er allereie overtydd.

Funfact: Katharina har så dårleg retningssans at ho møtte opp i feil bygg i feil gate...på dag nummer to som trainee.

Den er fin i vesle Sogndal ;)

Jørn Simas

Jørn frå Bærum ser moglegheitene

Jørn Mortensen er 28 år, frå Bærum og har to bachelorgrader: bachelor of science business administration and management og bachelor i fornybar energi. I år skal han vere trainee i miljø- og avfallselskapet SIMAS og jobbe med kommunikasjon, sirkulærøkonomi og bærekraft.

– Materialgjenvinning og gjenbruk er viktig både privat og for næring, hos SIMAS såg eg sjansen til å få innblikk i ein spennande bransje full av moglegheiter.

Sjølv om han er frå Bærum, kjenner han Vestlandet godt og deler desse forventningane til traineeåret:

– Personleg og fagleg utvikling og å bygge nettverk. Eg har allereie budd på Vestlandet i 3 aor, og trivast.

Funfact: Jørn har aldri tatt ein kickflip.

Adrian HVL

Adrian har fått ein sjeldan sjanse!

Adrian Helgheim er 25 år, frå Førde og har tre utdanningar frå HVL:

  • Bachelor Økonomi & Administrasjon
  • Bachelor Eiendomsmegling
  • Master Marknadsføring & Innovasjon - Siviløkonom.

Han er no trainee ved Høgskulen på Vestlandet under avdeling for Regional utvikling, og skal jobbe med marknadsføring, studentrekruttering og sosiale medium. Det er fleire grunnar til at han søkte:

– Her får eg jobbe tett med leiinga i ein stor organisasjon, noko som er nyttig for å få innsyn i kva som skal til for å vere ein god leiar i praksis. I tillegg er dette ei avdeling som jobbar med så mangt, og eg får ta del i både marknadsføring, rekruttering og SoMe, noko eg interesserer meg for og ser fram til å bli betre på. Til slutt var det veldig fint å få ein flytande overgang til arbeidslivet på ein stad der eg har godt nettverk til studentar og næringsliv, samtidig som eg kan skape betre relasjoner til arbeidsmiljøet på og utanfor Campus Sogndal.

På spørsmål om forventingar til traineeåret, er det fleire ting han gler seg til:

– Gjennom traineeåret håpar eg å bli godt kjent med traineekollegaene mine, men også lære av dei fagleg. Det er sjeldan du får sjansen til å knytte så god kontakt med menneske som jobbar med andre ting enn du sjølv, og dette håper eg kan gi meg lærdom og perspektiv som kan gjere meg til ein betre arbeidstakar. Vestlandet har ikkje skuffa meg dei første 25 åra av livet, så eg håpar det kan fortsette med å innfri med fine turar, mykje snø, kjekke folk og varierande veir!

Funfact: Adrian er Topp 0,05% lyttar av Justin Bieber på Spotify i 2021! Applaus!

Alexander

Alexander ser fram til mykje friluftsliv

Alexander Skjelbred Irgens er 26 år og kjem frå Bergen. Han har:

  • Bachelorgrad i Fornybar energi
  • Nordisk master i forvaltning av Biomarine ressurser
  • Innovasjon og entreprenørskapsutdanning kalla "Grunderskolen" i regi av UIO

Alexander er trainee i Vestland fylkeskommune på avdeling for innovasjon og næringsutvikling. Her skal han jobbe med fornybar energi, marin ressursforvaltning, innovasjon og entreprenørskap. Alexander brenn for innovasjon, og det var ein viktig grunn til at han søkte:

– Her får eg jobbe med å fremme innovasjon. Gjennom utdanninga mi har eg studert både fornybar energi og havbruk, der begge næringane er avhengige av innovative løysingar framover. Vidare har eg ønska å lære meg verkemiddel for å ta del i det entreprenørielle økosystmet og har tatt ei vidareutdanning hos UIO.
Etter å ha satt meg inn i næringssida, ønsker eg no å jobbe med ei fasiliterande rolle hos VLFK der eg i stor grad jobbar med å fremme forskningsbasert innovasjon hos bedrifter på Vestlandet. Eg meiner at det tosidige perspektivet er essensielt og gir meg eit god fundament vidare i arbeidslivet.

Han har høge forventningar til både traineestillinga og Sogn:

– Eg håpar eg kan bli utfordra i stillinga og lære mykje om innovasjon i bedrifter. Og så har eg forventningar om mykje friluftsliv i Sogn!

Funfact: Berre to dagar før Alexander hadde sin første dag som trainee, landa han på norsk jord etter eit utvekslingsopphald i Boston.

Lea

Lea forventar bratt læringskurve og å bli sprek

Lea Myklebust er 28 år og frå Trondheim. Ho har ein bachelor i økologi og naturforvaltning frå NMBU og ein master i industriell økologi frå Chalmers tekniska høgskola. No er ho tilsett som trainee i Kunnskapsparken Vestland, der ho skal jobbe med sirkulær økonomi og grøn omstilling.

– Stillingsannonsen nemnte både sirkulær økonomi og grøn omstilling, som er område eg ønsker å jobbe innan. Vidare virka det spennande å jobbe med fleire forskjellige bedrifter og prosjekt i kontrast til å vere tilsett i eitt firma.

Lea har forventningar til både jobb og helse:

– Eg forventer ei bratt læringskurve! Eg ser for meg både læring og utfordringar, og definitivt mykje moro. Håpar eg kan bli betre førebudd på framtidig arbeidsliv. Det å bu på Vestlandet... Satsar på å bli sprek, men óg å auke bensinbudsjettet mitt betydeleg.

Funfact: Lea har vunne ein slipsknutekonkurranse!

Malin

Malin har alltid vore interessert i havbruksnæringa

Malin Leirnes er 23 år og kjem frå Søreide i Sogn. Ho har ein bachelor i marin logistikk og økonomi, og er no trainee i administrasjonen ved Osland Havbruk.

– Eg ville utforske dei ulike oppgåvene i administrasjonen til eit oppdrettsanlegg. Eg har alltid intressert meg for denne næringa, svarar ho på spørsmål om kvifor ho søkte traineestillinga.

Som vestlending kjenner ho området godt, men har forventningar til det faglege:

– Eg forventar å lære mykje nytt i denne jobben.

Joachim

Joachim tjuvstarta traineeåret

Joachim Hagheim er 29 år og frå Lærdal. Han har ein bachelor i IT og Informasjonssystem frå USN, Bø i Telemark. Han er tilsett som trainee i Digitaliseringsdirektoratet og skal jobbe med e-formidling.

– Eg hadde sommarjobb hos Digdir i sommar, og fekk på ein måte eit lite forsprang der. Å jobbe i staten er fint, og eg likte at det var ein jobb i heimtraktene.

Han har lang erfaring med å bu på Vestlandet, men reisinga til årets traineesamlingar er Joachim skeptisk til:

– Å vera trainee har gått fint so langt, men samlingane kan bli litt mas, for eg er ikkje stor fan av reising.

(Red: merk: Vi trur det skal gå heiilt fint det også.)

Ella

Ella vil bli kjent med så mange som mogleg

Ella Dammann Anker er 25 og frå Bærum. Ho har ein bachelor i entreprenørskap og er trainee i Kunnskapsparken Vestland, der ho har fått rolla forretningsutviklar.

– Det valde eg fordi eg ønska å oppleve noko nytt, i tillegg til å få god jobberfaring gjennom ein spennande og relevant jobb. Kunnskapsparken virka for meg som eit spennande selskap som var klare til å ta meg imot med opne armar. Trivsel og godt arbeidsmiljø har mykje å sei for meg, noko eg følte Kunnskapsparken kunne tilby meg.

No håpar ho året ber frukter:

– Eg forventar å lære mykje om startups og bedrifter i praksis. Dette håpar eg vil kunne styrke meg i rolla mi som forretningsutviklar. Det blir også spennande å kunne anvende kunnskapen eg har lært gjennom Entreprenørskap på BI, i praksis. Forventningane mine til Vestlandet er at eg kjem til å bli kjent med så mange som mogleg, og at eg kan sitte igjen med eit stort og fint nettverk.

Funfact: Ella er ekstremt god i stein, saks, papir!

Lene

Lene fekk eit godt inntrykk på jobbintervjuet

Lene Ørbeck er 22 år og kjem frå Os. Ho har ein bachelor i økonomi og administrasjon og er trainee i Nav Økonomiteneste. Ho fekk eit godt inntrykk av arbeidsplassen allereie underintervjuet:

– Det verka som ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø. I tillegg ønska eg å bli buande i Sogndal, og då var ei traineestilling på Leikanger midt i blinken for meg.

Ho er klar for eit bra år.

– Eg forventar eit lærerikt år med mange interessante arbeidsoppgåver. Eg ser også fram til å bli kjent med dei andre traineeane og oppleve meir av Vestlandet.

Hedda

Hedda ønska seg samfunnsviktige arbeidsoppgåver

Hedda Bakåsmoen Holm er 30 år og kjem frå Hamar. Utdanninga er lang og allsidig, men ho er hovudsakleg geograf, men også statsvitar og naturvitar. Ho er trainee i Vestland fylkeskommune, i avdelinga for Infrastruktur og vei, der ho skal jobbe med utgreiing med fagområdet gang- og sykkelveg, GIS og klimaomstilling.

– Eg såg på dette som ein fantastisk moglegheit for erfaring og samfunnsviktige arbeidsoppgåver.

Traineeåret skal ho fylle godt:

– Eg ser fram til gode kollegaer, meiningsfulle arbeidsoppgåver og herlege naturopplevingar.

Funfact: Hedda kan henge seks skeier på ansiktet!

Iselin

Iselin vil vere ein pådrivar for klimaomstilling i Vestland

Iselin Helløy er 25 år og kjem frå Bergen. Ho har master i økologi frå NTNU, og bachelor i ecology and biodiversity frå Victoria University of Wellington, New Zealand. Iselin er trainee i Vestland fylkeskommune, der ho jobbar med klimaomstilling i nåværande seksjon for plan, klima og folkehelse.

– Eg har eit stort ønske om å jobbe med klima, natur og berekraft, og i fylkeskommunen har eg moglegheit til å vere både ein pådrivar og ressurs i klimaomstillinga av Vestland.

Forventningane til å vere trainee i Framtidsfylket er store:

– Eg har forventningar om at dette blir eit kjekt år med mykje praktisk læring, der eg får ein fin introduksjon til fylkeskommunen og arbeidslivet generelt. Eg kjenner det er godt å komme tilbake til Vestlandet. Eg føler meg godt tatt imot i ny bygd, og det er mange interessante fritidstilbod eg vil prøve her.

Funfact: I sitt første år som bachelorstudent reiste Iselin til Japan for å delta på ein studentkonferanse (ISC63) med tema frå FNs berekraftsmål. Der fikk ho snakke om klima foran ein sal av både japanske og internasjonale studentar og representanter frå FN.

Har du lyst til å vere trainee neste år? Her kan du lese meir om å vere trainee.

Eller meld deg på nyheitsbrevet vårt og få tilsendt lista med ledige stillingar så fort vi lanserer dei i januar:

Påmelding nyheitsbrev

Fleire saker