Trainee

Arbeidsliv

Tidlegare trainee: «Søk! Du kjem ikkje til å angre»

Bård Henjum skryt uhemma av omgivnadane og traineeprogrammet som ga han fast jobb.

Se traineestillinger 2021 her

Her om dagen vart eg spurd kva som er det viktigaste for meg på ein arbeidsplass. Etter ein kort tenkepause kom det som lyn frå klar himmel. «Trivsel», sjølvsagt. Utan denne essensielle komponenten er det vanskeleg ha eit godt miljø, og kvaliteten på det ein utførar blir dårlegare. Den gjennomsnittlege nordmann er trass alt på jobb 1700 timar i året. Og då er det naturleg å bruke denne tida på ein arbeidsplass som er stasjonært i eit fylke med slagordet «trivselfylket»

Difi, me skal få omstilling til å skje

Sjølvsagt er det ikkje så berre trivsel som er viktig i jobbsamanheng, men det legg grunnlag for mykje. Sidan september 2018 har eg jobba i Difi (soon to be Digitaliseringsdirektoratet), i avdelinga for Digitale fellesløysingar. Her driftar, forvaltar og utviklar me løysingar som blant anna ID-porten og Digital postkasse til innbyggar. Når du loggar deg inn til offentlege tenester på nett, som til dømes Skatteetaten, er det via innloggingsløysinga som me i Leikanger jobbar med. Det tykkjer eg er ekstremt kult.

Samfunnsoppdraget til Difi er å modernisere og omstille offentleg sektor. For å oppretthalde velferdsnivået i framtida, er det viktigå utvikle kultur med høg kapasitet for omstilling og læring. Difor er vi i Leikanger veldig oppteken av tillit. Ikkje berre i løysningane våre, men også til kvarandre. Det er mykje enklare å samarbeide, utfordre og tenkje nytt dersom ein har tillit til kvarandre og kjenner til sine styrkjer/avgrensingar. Dette er heilt naudsynt for å sikre at potensialet for ny teknologi og løysingar gir auka verdi til innbyggarane i Noreg.

Ei nedside med å jobba i Difi er at ein brukar ord som «komponent» når ein skal beskrive noko som er essensielt.

«Søk! Du kjem ikkje til å angre»

Trainee

Statleg arbeidsplass i vesle Leikanger

Eg kjem frå Leikanger, så eg er sjølvsagt ikkje heilt objektiv i denne påstanden her. Men eg meiner det er så flott at me kan ha statlege arbeidsplassar også i lokalsamfunn rundt om i landet. Ein ting er at staten treng fleire og betre lytteposter utanfor Oslo og Bergen, men det skapar også eit fagmiljø som er viktig for distrikts-Noreg. Dette er viktig for oss som bur her, men også å til rette for tilflyttarar. For å dyrka dette vidare må arbeidsplassane, med Framtidsfylket i spissen, halda fram med å vere gode ambassadørar for bygda, kommunen og fylket sitt.

Folk i Sogn og Fjordane er særs stolt over heimplassen sin, og den er ein del av oss. Berre høyr på Ronny Brede Aase kvar gong han snakkar om fylket på radioen eller Tone Damli kvar gong ho snakkar om saftbygdi på fjernsynet. Det er sikker noko av denne tilhøyrlegheita eller identiteten, som er så vanskeleg å sette fingeren på, som gjorde at eg valte å flytte heim i fjor.

Trainee

Du vestland, du vestland

Eg har ikkje nemnt kva eg gjer på fritida endå. Ikkje at det er så spennande. Eg er oppteken av det den vanlege vestlendingen er opptatt av. Friluftsliv, spesielle øltypar, nærleiken til familie og venner og lokalsamfunnet. Det siste bidreg eg gjennom å vere prosjektleiar for idrettsarrangementet Kjeringi Open, samt vere quizmaster i Leikangers storstove Villmarka. I tillegg er eg odelsgut til ein fruktgard med panoramautsikt til verdens lengste og finaste fjord.

No er eg snart ferdig med propagandapraten, men eg har ei siste oppfordring. Denne fyste oppfordringa er til deg som lurer på om du skal søke på traineestillinga gjennom Framtidsfylket. Stol på meg: Søk! Du kjem ikkje til å angre. Berre sjå på dei diverse bileta når du googlar «Sogn og Fjordane», eller høyr på Sogn og Fjordane-songen.

Den andre går til dei mektige damer og herrar i Vestland, når dei no skal bestemme slagordet til det nye storfylket. Kva med å kopiere Sogn og Fjordane sitt?