Karrierefestival i Sunnfjord

Nyheiter

No blir det karrierefestival i Sunnfjord!

Det er på høg tid at arbeidslivet i Sunnfjord får sin eigen festival, seier arbeidsgruppa bak Elevate 2023.

Det er Framtidsfylket Vestland, Rekrutteringsforum Sunnfjord og U40 Sunnfjord som står bak ideen om å invitere til festival med arbeidslivet i Sunnfjord som tema. Festivalen har fått namnet Elevate, som tyder å heve.

Festleg & fagleg

– Festivalen er for alle, uansett om du ser etter ny jobb akkurat no eller om du berre vil bli betre kjent med det spennande næringslivet i Sunnfjord. Vi vil gi deg som er interessert i å utvikle karrieren din sjansen til betre innsyn i arbeidslivet i Sunnfjord på ein morosam og uformell måte, samtidig som du hevar eigen kompetanse, forklarar Kathe Arnesen, prosjektleiar i Rekrutteringsforum Sunnfjord.

På programmet står både bedriftspresentasjonar, fagleg påfyll, lynkurs og sist men ikkje minst: mykje moro. Ideen er å kombinere det faglege med det festlege.

– Fleire av eventa på programmet kombinerer ein fagleg del med ein aktivitet, seier Sigrid Eikeland i U40 Sunnfjord, og ramsar opp eksempel:

– På Tapastrail med U40 får du bli kjent med fleire bedrifter, samtidig som du får servert tapas og noko godt å drikke på kvar «stasjon». PwC kombinerer lett fjelltur med presentasjon av seg sjølv, Sunnfjord Miljøverk og Linda Stuhaug tilbyr lunsjkurset: Korleis bli ein matreddar og på bedriftspitchekvelden avsluttar vi med Dangfart Tønnesen som byr på tombola og latter. Vi veit også at det skjer ein del gøye ting i Førde denne veka, som Maol & sup med Huldra, bad og sauna midt i sentrum, ginsmaking og utekino.

Vil behalde og tiltrekke

Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket, seier at kjennskapen til karrieremoglegheiter i Sunnfjord er for snever:

– Vi jobbar for å tiltrekke oss nye arbeidstakarar til regionen, men det er vel så viktig å behalde dei som er her. Det er eit problem at både innbyggarane og dei som snusar på Sunnfjord ikkje kjenner jobbtilbodet her godt nok. Sunnfjord byr på ein variert og framtidsretta arbeidsmarknad med stort rom for å utvikle seg. No blir det fullt fokus på dette ei lita veke.

"Vi ønsker å behalde og å tiltrekke folk"

Karrierefestival i Sunnfjord

Gratis remote arbeidsplass

Arbeidsgruppa håpar at dei som er nysgjerrige på arbeidslivet i Sunnfjord tek turen denne veka:

Vi tilbyr gratis remote arbeidsplass og billeg overnatting for dei som ikkje bur her. På den måten kan du teste korleis det er å bu og jobbe ei veke i Sunnfjord, samtidig som du får innsyn i arbeidslivet og kan delta på karriererelaterte aktivitetar, seier Kristine Slettehaug, kommunikasjonsrådgivar i Framtidsfylket Vestland.

Inviter ein ven

Og skal du invitere nokon til Sunnfjord i næraste framtid, er dette veka å invitere til.

– Kanskje har du vener som kunne trenge ein liten workation hos deg? Inviter dei til Førde i veke 23, så kan dei få gratis kontorplass på Peak og samstundes få vere med på all moroa, seier Eikeland.

Ha det gøy!

Oppmodinga er klar frå heile arbeidsgruppa:

– Bruk karrierefestivalen i Sunnfjord til å bli kjent med arbeidslivet, få fagleg påfyll og ha det gøy! Kanskje endar det med ny inspirasjon, kanskje med ny jobb. Kven veit?

Her kan du sjå programmet for veka.

Fleire saker