Trainee Framtidsfylket

Meir enn instavenleg

834 vil vere trainee i Framtidsfylket!

Mange av dei vil jobbe med berekraft, og ei bedrift fekk desidert flest søkarar.

36 traineestillingar lokalisert i Sogn og Fjordane og éi i Hordaland fekk til saman 834 søknadar til årets program.

– Det er gledeleg at så mange bedrifter i Sogn og Fjordane ønsker å gi unge, nyutdanna ein sjanse i ei elles krevjande tid. Når vi i tillegg snusar på søknadsrekord, må vi seie oss svært fornøgde med årets utlysing, seier Marie Tefre Birkeland, kommunikasjonsrådgjevar i Framtidsfylket.

Høge søkartal til klimajobbar

Fleire av traineebedriftene lyste ut stillingar knytt til klima og berekraft. Desse stillingane utmerka seg med høge søkartal, med søkarar frå heile landet.

– Både Sogn og Fjordane Energi (SFE), Tibber og Vestland fylkeskommune fekk rundt 40 søkarar. Vi ser at traineebedrifter med ein grøn profil er attraktive, og at dette speglar trenden som elles gjeld blant unge jobbsøkarar. Vestland er gode på grøn vekst, og der scorar vi når det kjem til rekruttering, seier Tefre Birkeland.

95 vil vere trainee i Tibber

Elisabet Kjerstad Bøe er berekraftsansvarleg i Tibber, og fekk til saman 95 søknadar til fire traineestillingar. Stillinga med tema berekraft, økonomi og administrasjon fekk 45 søknadar – eit luksusproblem for Tibber.

– Med mange gode søknadar i bunken er det utfordrande å sile ut kandidatar, men først og fremst er det hyggeleg at så mange vil komme og jobbe med oss, seier Bøe.

Ho ser at fleire av søkarane har ein oppriktig drive etter å jobbe med klimautfordringar og ønsker å bidra til Tibber sine innovative løysingar.

– Berekraft står på timeplanen til dei aller fleste i dag, og no ønsker dei å teste dette ut i praksis, gjerne i kombinasjon med teknologi og innovasjon. Grunnen til at dei vil jobbe i Tibber er at vi representerer noko heilt nytt i bransjen.

Tibber

Elisabet Kjerstad Bøe i Tibber må velje blant 45 søkarar når ho skal tilsette trainee.

Positivt med traineeprogram

Søkarar frå heile landet ønsker å jobbe ved Førde-kontoret til Tibber.

– Om du ikkje er herifrå, eller du kjem heilt fersk frå studiar, er det viktig med eit sosialt fellesskap med likesinna. Det er her Framtidsfylket kjem inn, avsluttar Bøe, som skal utføre heile ti jobbintervju denne veka og gler seg til å få ivrige, nyutdanna med på laget.

43 vil jobbe med berekraft i SFE

HR-rådgjevar Arnfinn Brekke fekk 43 søknadar då han søkte etter ein trainee som ville bidra i Sogn og Fjordane Energi sitt arbeid innan klima og berekraft.

– Vi er kjempefornøgd med søkartala og kan velje blant mange kvalifiserte kandidatar. Vi inviterer 12 personar til intervju, men det blir ikkje lett å velje éin trainee, seier Brekke om luksusproblemet.

Han trur unge ønsker å bidra i det grøne skiftet, og at ein jobb i SFE gir dei sjansen til å vere med på å peike ut retninga.

­– Basert på dei intervjua vi har hatt til no, merkar vi at dei som har studert berekraft er veldig motiverte for å bruke utdanninga si i SFE, og at dei verkeleg ønsker å jobbe med dette, seier Brekke.

Arnfinn Brekke

HR-rådgjevar Arnfinn Brekke har eit luksusproblem når dei skal velje blant 43 kandidatar.

Nysgjerrige på Gloppen

Søkarane kjem frå heile landet, og mange av dei har null tilknyting til Gloppen.

– Miljøet i SFE triggar dei, og dei seier at jobben er viktigare enn å bu i ein by. Fleire av søkarane er nysgjerrig på området her, og dei gler seg til å bli kjent med både bygda og folka her.

39 vil jobbe med klimaomstilling i fylkeskommunen

Då Vestland fylkeskommune søkte etter ein trainee som ville bidra til eit nyskapande og berekraftig fylke, fekk dei 39 søkarar.

– Det er veldig kjekt med så mange søkarar, og vi kan velje blant fleire gode kandidatar.

Det seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i fylkeskommunen. Ho trur det høge søkartalet kjem av at dagens studentar er bevisste behovet for ei samfunnsendring.

– Dei har eit oppriktig ønske om å bidra i klimaomstillinga. Kombinasjonen interessante oppgåver og ein meiningsfull jobb trur er eg hovudgrunnen til at så mange har søkt seg til oss. At arbeidsstad er Leikanger trur eg kjem i andre rekke, men eg trur regionen vår er attraktiv for nyutdanna.

Synnøve Stalheim

Synnøve Stalheim i Vestland fylkeskommune ser at søkarane har eit oppriktig ønske om å bidra i klimaomstillinga.

Norec på topp

Heilt til slutt må vi ta med at Norec held stand og er årets desidert mest attraktive traineebedrift. Dei fekk til saman 141 søkarar då dei søkte etter éin trainee innan marknadsføring og éin innan internasjonal utvikling.

– Vi har fått mange kvalifiserte søkarar frå heile landet. Dei har ulik bakgrunn, og nokre av kandidatane har ein annan bakgrunn enn vi først såg for oss. Det gjer at vi sit att med ein utruleg spennande søknadsbunke, seier Kristine Folland i Norec.

14 kandidatar får komme på intervju.

– Målet er å tilsette i løpet av april. Og så håpar vi verda opnar opp att snart, slik at traineane får prøve seg litt i utlandet også, seier Folland.  

Norec trainee

Mange drøymer om å jobbe med denne gjengen. 141 vil vere trainee i Norec.