Linda Hovland er forbanna

111 vil ha jobb – Arbeidsgivarane seier nei

Då Framtidsfylket bad nyutdanna om å registrere seg, rann det inn med namn.

Kvar haust jobbar Framtidsfylket med å rekrutter nye traineebedrifter til Vestland sitt eige traineeprogram. I år viste det seg å vere ein seig jobb. Frå toppåret 2023, då 50 traineestillingar vart lyste ut, er det til no 14 traineestillingar ute i 2026.

– Sjølv om mange bedrifter ser verdien av å rekruttere ung arbeidskraft og kompetanse, takkar fleire nei no, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Vil ha trainee – men kvardagen kjem i vegen

Ho forklarar:

– Dei fleste peikar på kapasitet og interne prosessar som hovudgrunn. Andre vel å vere forsiktige i ei uroleg tid.

Med andre ord handlar det sjeldan om manglande vilje – nesten alle seier dei gjerne vil vere med, berre neste år.

– Arbeidsgivarane er redde for ikkje å klare å ta godt nok vare på ein trainee, og at det skal krevje for mykje tid og ressursar.

Synd vi ikkje kan tilby dei jobb

Derfor oppretta Framtidsfylket eit skjema for dei som ikkje fann ei passande traineestilling i årets liste. Frå første dag rann det inn med interesserte.

– Akkurat no står det 111 namn på den lista, og den veks kvar dag. Dette er unge, nyutdanna med fersk kompetanse som ønsker seg ei traineestilling i Vestland. Det er synd at vi ikkje kan tilby dei jobb når arbeidsmarknaden skrik etter folk.

Linda vil servere på sølvfat

På sølvfat: Linda Hovland vil kople unge jobbsøkarar med arbeidsgivarane i Vestland.

Fordeling av utdanningsområde

Anna-kategorien består av: Leiing, samfunn og humaniora, Helse og psykologiske fag, Språk og lektorutdanning, Bygg og praktiske fag, Beredskap og tryggleik, Fysikk og naturfag og Journalistikk og kommunikasjon

Vil servere kandidatane på sølvfat

Framtidsfylket fortset jobben med å rekruttere traineebedrifter. Hovland håpar dei kan kople kandidatane med arbeidsgivarar i fylket.

– Tanken bak lista er at vi kan gå direkte på arbeidsgivarar og servere dei kandidatar på sølvfat. Då blir det kanskje lettare å takke ja, smiler ho.

Hovland meiner arbeidsgivarane undervurderer kor mykje tid og ressursar dei faktisk kan spare ved å delta i eit traineeprogram.

– Framtidsfylket tek seg av store delar av rekrutteringsporsessen, tilbyr mentorprogram og bidrar til at traineen kan kome raskt i gang. Dei som søker traineestilling har vist seg å vere ivrige og lærevillige, så dette er effektivt.

Ønsker du kandidatar servert på sølvfat?

Bli traineebedrift

Fleire saker