Trainee Sunnfjord

Trainee

Møt traineeane i Sunnfjord 2022/23!

Årets traineekull har rekordmange traineear i Sunnfjord. Heile 20 traineear er på plass i Førde og Florø. Bli betre kjent med dei her.

Sondre Tibber

Sondre har trua på Tibber

Sondre Sandvoll er 26 år, siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og kjem frå Førde. Som trainee i Tibber skal han jobbe med forretningsutvikling.

– Tibber er eit veldig spennande selskap, og eg har stor tru på selskapet sin visjon og forretningsmodell. I tillegg får eg jobbe med mange flinke og interessante personar, som eg kan lære mykje av.

Han har store forventningar til traineeåret:

– Eg har stor tru på at dette blir eit bra år, og har høyrt mykje positivt om ordninga frå tidlegare traineear. Eg er frå Førde og har budd i Bergen i 6 år, så Vestlandet er absolutt plassen for meg.

Funfact: Sondre har reist rundt i bubil i Canada for å stå på ski.

"Eg forventar at det blir skikkeleg bra"

Mary

Mary vil ut av komfortsona

Mary Ueland er 26 år og kjem frå Jæren. Ho har ein master i husdyrvitenskap og er trainee ved landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland. Ho søkte stillinga for å få kunnskap om offentleg forvaltning, og å få kjennskap og kontaktar i næringa. Ho har høge forventingar til året:

– Eg forventar at det vert skikkeleg bra! Trur eg skal verta utfordra og klemt ut av komfortsona, og at det gjer meg modigare, tryggare og meir rusta til arbeidslivet. Forventningane til å bu på Vestlandet er å bruka meir av ettermiddagane utandørs enn innandørs, for å nytta den herlege naturen, og moglegheitane som fylgjer med den.

Funfact: Mary har bada på ei av Svalbardøyene.

Henrik

Henrik vil gjere ein forskjell

Henrik Engebø Hundershagen er 27 år, kjem frå Naustdal og har ei mastergrad i Innovasjon og leiing frå Høgskulen på Vestlandet. Han er trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane og skal jobbe med berekraft.

– Masterstudiet i Innovasjon og leiing er svært berekraftsretta, og derfor ein god match med traineestillinga. Med fleire års erfaring innanfor bank og finans og eit berekraftsretta masterstudie i ryggen - passar traineestillinga meg midt i blinken.

I og med at han kjem frå Sunnfjord og har studert i Bergen, meiner han det skal gå veldig fint å på bu Vestlandet:

– Det å bu på Vestlandet skal eg tole! Her har vi både fjell og fjord, så det skal ikkje vere mangel på fritidsaktivitetar - uansett årstid. Eg forventar at traineeåret blir lærerikt og at eg kan vere med å gjere ein forskjell i banken sitt berekraftsarbeid. No gler eg meg til å bli kjend med arbeidskollegaer i banken og dei andre traineeane i Framtidsfylket.

Funfact: Henrik har vatn-allergi.

(Vi har googla, og ja, det er ein allergi).

Joakim

Joakim synest det er fint å komme heim

Joakim Espeseth Larsen er 26 år og frå Florø. Han har master i økonomi og administrasjon og er trainee ved økonomiavdelinga i Fjord1.

– Fjord1 er ei stor bedrift med mange moglegheiter. Her vil eg få prøve meg på forskjellige element innan økonomi, og eg kan finne ut kva som passar meg best. I tillegg går Fjord1 gjennom eit grønt skifte, noko som er både interessant og dagsaktuelt.

Han ser fram til å lære mykje, men også artige traineesamlingar:

– Eg har lyst til å ære mykje og finne ut kva arbeidsoppgåver som passar meg best. Eg trur samlingane blir veldig artige, samtidige som dei er lærerike. Fjord1 er lokalisert der jeg kjem frå, så det er fint å komme heim igjen etter ein del år vekke.

Adnane

Adnane likar livet i vest!


Adnane Ouslimani er 27 år og kjem frå Algerie. Han har mastergrad i Petroleum engineering og i Sustainable Energy Logistics og er trainee i Saga Fjordbase. Der skal han jobbe med logistikk, analyse og forbetring.

– Å vere trainee er ei god erfaring og ein fin overgang frå utdanning til industri. Eg likar livet på vestsida av landet, og det hjelper meg å lære meir norsk språk.

"Eg gledar meg til å bli kjent med dei andre"

Trym

Trym Erlend synest det verkar kult å jobbe i staten

Trym Erlend Eriksen Høgelid er 24 år og kjem frå Sande. Han har ein bachelor i Informatikk frå NTNU og er trainee i Lotteri- og Stiftelsestilsynet på avdeling for IT- og Dokumenthandtering. Godt omdøme var ein av grunnane til at han søkte seg dit:

– Eg synest det høyrdest kult ut å jobbe for staten, og Lotteri- og stiftelsestilsynet har eit bra rykte på seg for å vere ein god arbeidsplass.

No gler han seg til både det faglege og sosiale i traineeåret:

– Eg gledar meg til å bli kjent med dei andre traineeane, men også å få relevant arbeidserfaring innan området eg er utdanna i. Etter fem år i Bergen og Trondheim skal det bli godt å komme nærare familien igjen.

Ane

Ane ser fram til eit år med læring og fjellturar

Ane Norman Kjørslevik er 28 år og kjem frå Førde. Ho har ei mastergrad i Arbeids- og organisasjonspsykologi og er trainee i kursseksjonen til Norec.

– Norec, med sitt internasjonale fokus og prinsipp om gjensidige utviklingssamarbeid, verka kjempespennande. Eg trur dette blir eit år der eg får oppleve og lære mykje interessant gjennom jobben og traineeprogrammet. Eg ser fram til mange fine fjellturar og nye (og gamle) venner.

Funfact: Ane fekk sine første grå hår som tenåring.

"Eg ser fram til eit lærerikt år"

Andreas

Andreas vil jobbe i ein bransje i utvikling

Andreas Nordang Seljeset er 26 år og kjem frå Hornindal. Han har ein bachelor i informasjonsteknologi og skal jobbe med IT, drift og utvikling i Fjord1. Han synest traieestillinga var interessant:

– Det er ein bransje i stor utvikling. Eg ser fram til eit lærerikt og artig traineeår.

Funfact: Andreas meiner han er dårleg på å ta ironi.

Andreas Fjord base

Andreas ønska seg nye utfordringar

Andreas Olset er 26 år og kjem frå Atløy. Han har fagbrev som sveisar og har gått Teknisk Fagskule. I år skal han vere trainee på Fjord Base i Florø og jobbe med infrastruktur (teknisk fag).

– Eg søkte på traineestillinga fordi eg hadde lyst til å prøve noko nytt og ønska nye utfordringar. Eg trur dette kan bli eit lærerikt år.

Anne-Liv

Anne-Liv gler seg til å utforske Vestlandet

Anne-Liv Seim er 27 år og kjem frå Tyskland. Ho har éin bachelor i produksjonsteknikk og éin i visuell kommunikasjon. Ho er trainee i Tibber og skal jobbe som industridesignar.

– Tibber jobbar mot ein visjon eg vil bidra til, og dette var ein unik sjanse til til å kunne bruke begge studiene mine.

Anne-Liv ser fram til eitt år, og kanskje fleire, på Vestlandet:

– Det å få lov til å prøve og feile som trainee, er noko som kan danne grunnlaget for personleg utfordring og meistring utover grensene. Eg gler meg til å utforske og nyte Vestlandsnaturen og skape eit ressurssterk nettverk.

Funfact: Anne-Liv elskar Möllers tran og fekk det som belønning som liten.

Monica

Monica er klar for å skape gode minne

Monica Costa Gåseide er 26 år og frå Ålesund. Ho har ei bachelorgrad i marknadsføring og leiing og mastergrad i entreprenørskap og innovasjon. Ho har tatt turen til Sunnfjord for å vere trainee i Helse Førde og jobbe med innovasjon:

– Eg er svært interessert i innovasjon, og innan helsesektoren skjer det mykje spennande. Helse Førde er veldig framoverlente og ein spennande arbeidsgivar!

Ho ser fram til eit år med mange nye minne.

– Eg forventar mykje læring, at eg får utfordra meg sjølv, bygge nettverk og skape gode minne.

Stine

Stine ønsker bratt læringskurve

Stine Hammerset Torsheim er 21 år og kjem frå Førde. Ho har bachelor i økonomi og administrasjon frå Norges handelshøyskole og er trainee i PwC. Der skal ho jobbe med revisjon.

– Eg ønska i jobbe i PwC for å få erfaring i bransjen og ei bratt læringskurve. PwC har brei kompetanse og mange mogelegheiter innad i bedrifta. I tillegg legg dei til rette for å jobbe lokalt og kome tett på kundane.

No ser ho fram til nye nettverk:

– Eg ser fram til å bli kjent med nye folk, samt dele erfaringar og tilegne meg ny kunnskap.
Funcaft: Katten til Stine heiter Kiss Figaro Tigergutt.

Franceska

Franceska vil bygge karriere i energibransjen

Franceska er 27 år gammel og kjem frå Albania. Ho har bachelor i økonomi og ingeniørfag og master i energileiing og bærekraftig vareproduksjon. No er ho trainee innan elkraft i Linja as.

– Eg har alltid hatt eit ønske om å bygge meg ein karriere i energibransjen. Å vere del av Linja/SFE ser eg på som ein veldig god start på arbeidslivet etter fullført utdanning. Eg får arbeide med meiningsfylte oppgåver i eit profesjonelt miljø og innan trygge rammer. Dette vil førebu meg til å ein dag jobbe sjølvstendig i bransjen.

No ser ho fram til å ta i bruk utdanninga si og få erfaring innan det ho vil jobbe med i framtida.

– Kva er vel betre enn å gjere dette, samtidig som eg har det gøy med kollegaer og andre traineear? Å møte andre traineear som er i samme situasjon som meg, trur eg er verdifullt for å dele erfaringar, bygge nettverk og bekjentskap. Livet på Vestlandet passar meg godt. Eg har allereie budd her i 3 år og har blitt vandt med at sommerklær får plass i ein kasse på loftet.

Funfact: Franceska lærte seg norsk då ho jobba i barnehagen. Det har ført til mange rare samtalar.

Kjell arne

Kjell Arne går frå sjukepleie til teknologi

Kjell Arne Reite er frå Sande i Sunnfjord og utdanna sjukepleiar. Han er trainee i Sunnfjord kommune og skal jobbe med digitalisering og verferdsteknologi.

Vilde

Vilde søkte seg til ein allsidig og innovativ arbeidsplass

Vilde Johansen er 23 år og frå Florø. Ho har bachelor i økonomi og administrasjon med Business Analytics som profilering og er tilsett som trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane. Vilde skal jobbe med bedriftsrådgjeving og er klar på kvifor ho søkte seg til banken:

– Allsidig arbeidsplass, ungt miljø og ei innovativ bedrift. Som trainee forventar eg gode, faglege seminar, kjekke turar på Vestlandet og eit lærerikt og spennande traineeår.

Funfact: Vilde er eigar av ein liten labrador.

Jon Kristian

Jon Kristian ønska seg ein fot innanfor

Jon Kristian Seljestø er 26 år og kjem frå Vik i Sogn. Han har bachelor i IKT og er trainee i utviklingsavdelinga til Proresult. Her skal han jobbe med programmering og utvikling av app og systemvare.

– Eg oppfatta Proresult som ei framtidsretta bedrift med store ambisjonar og spennande prosjekt.

Traineeåret håpar han blir ein fot innanfor bransjen:

– Eg håpar at eg kan utvikle meg både fagleg og personleg dette året. Målet er å komme inn i utviklarmiljøet og ta med det eg lærer vidare i arbeidslivet.

Funfact: Jon Kristian er ein veldig kapabel tennisspelar.

sivert

Sivert såg på traineestillinga ved HVL som ein perfekt sjanse!

Sivert Hagelin Benjaminsen er 27 år og kjem frå Stavanger. Han har bachelor i informasjonsteknologi frå HVL og skal vere trainee ved HVL og jobbe med robotikk innan helsesektoren.

– Etter bacheloren var eg veldig interessert i å arbeide med robotikk og opparbeide meg kompetanse innan feltet. Då eg såg at HVL lyste ut ei stilling for å jobbe med nettopp dette, var det den perfekte sjansen. HVL Førde er ikkje ein stor skule, men har ein fantastisk robotikk-lab som gjer det til ein fantastisk plass å studere. Ein annan fordel er at du har god oppfølgning gjennom studieforløpet og i jobben. Dette så eg på som ein viktig faktor for å søke på stillings. Etter snart to månader i jobben har eg ingenting anna enn positive ord å sei om mine kollegaer og måten eg har blitt tatt imot.

Kva forventar han av året?

– Å komme ut med ein god fagleg kompetanse, nettverk og viktig kunnskap som eg vil dra nytte av vidare i karrieren. Vestlandet er eit godt kupert landskap, og for den som er over gjennomsnittet glad i klatring er området ypparleg. Når vinteren kjem og fjella er dekka med snø er det fantastiske moglegheiter r til toppturar i nydelege omgjevnader. Etter tre år i Førde kan eg sei at folka frå Førde er frå øvste hylle, og har tatt ein Siddis godt imot.

Funfact: Sivert er vinnar av «longest drive», MADEN OBEN 2019.

Harald

Harald diggar at Evoy er ei bedrift i utvikling

Harald Rekve Bryn er 25 år gammal og kjem frå Voss. Han har bachelor i automasjon og robotikk og i elektronikk, begge frå HVL Bergen. No er han trainee i Evoy, eit selskap som leverer system for elektriske båtar. Her skal han innom dei fleste felta i teknisk avdeling; design av elektriske kretsar, service av båtar, koding og mekanisk design.

– Evoy jobbar med noko som er svært aktuelt i dagens samfun; elektriske framkomstmiddel. Å jobbe i ei bedrift som er i stor utvikling trur eg er ein fantastisk sjanse til å lære nye ting og få nye erfaringar.

Til traineeåret har han desse forventningane:

– Nye erfaringar, bevege meg i fin natur og bli kjend med nye personar.

Funfact: Harald sin robotstøvsugar heiter Bob.

"Ingenting er umogleg"

Maiken

Maiken hadde ein good feeling på Førde

Maiken Hauge er 31 år og kjem frå Hellesylt i Møre og Romsdal. Ho har ein master i økonomi og leiing, og ei traineestilling i Vestland fylkeskommune innan økonomi og saksbehandling var difor relevant.

– Her kunne eg få nye utfordringar, og eg hadde i tillegg ein god feeling på denne staden.

Framover ønsker ho å sjå moglegheiter på tvers av arbeid og nettverk som trainee i Framtidsfylket.

Funfact: Maiken ser aldri på ting som umogleg.

Sondre

Sondre vil jobbe i eit globalt selskap

Sondre Korneliussen Rekdal er 24 år, frå Florø og har bachelor i økonomi og administrasjon og Master of science / ledelse og endring. Han er trainee i Deloitte og skal jobbe med audit and assurance.

Han veit godt kvifor han søkte traineestilling i akkurat Deloitte:

– Det er eit stort globalt selskap, som fører med seg mange fordeler som store, etablerte nettverk, gode rutinar, og eit veldig godt grunnlag for å lære masse.

Vestlandet kjenner han frå før, men han er spent på gjengen han skal vere i traineekull med:

– Eg ser fram til mange lærerike og kjekke samlingar, der eg kan styrke meg både sosialt og fagleg.

Funfact: Sondre har seks år jobberfaring frå sjukeheim.

Har du lyst til å vere trainee neste år? Her kan du lese meir om å vere trainee.

Eller meld deg på nyheitsbrevet vårt og få tilsendt lista med ledige stillingar så fort vi lanserer dei i januar:

Påmelding nyheitsbrev

Fleire saker