Klar for ein berekraftig lunsj? SUM og Linda Stuhaug fortel deg korleis du unngår matsvinn.
Tid: Torsdag 8. juni 11.30 – 13.30
Stad: Peak Sunnfjord
Pris: Gratis. Bindande påmelding.
Har du lyst til å lære meir om korleis du kan bidra til det grøne skiftet ved å blant anna redusere eige matsvinn? Sunnfjord Miljøverk fortel korleis matsvinn heng saman med sirkulær økonomi og det grøne skiftet og gir deg innsyn i ein overraskande interessant bransje: renovasjon- og avfallsbransjen. Superaktuelt og meir spennande enn du skulle tru!
Sjå fullt program for festivalen
Linda Stuhaug er ein av Norges største matbloggarar som brenn for å redusere matsvinn. Ho kjem for å dele sine tankar, tips og råd om matsvinn og berekraft, og korleis DU kan kan bli ein matreddar.
Det blir servert lunsj som inspirerer til betre utnytting av råvarer og mindre matsvinn. Dette må du få med deg!