Sulefisk

Nyheiter

– Her er du ikkje ein i mengda

Tekst: Linn Merete Rognø / Apriil

Foto: Sissel Kråkås

Korleis få folk i distriktet til å trivast så godt at dei ikkje vil flytte derifrå? Ein tysk fiskenerd har svaret.

– På skulen var eg litt nerd, ikkje så god i gym, akkurat. Det einaste eg kunne var jo å snakke om fisk. Men eg skjønte etterkvart at eg ikkje fekk nye vener av å berre snakke om fisk.

Michael Niesar (51) bryt ut i høglydt latter.

– Eg har jo hatt 90 akvarium heime i huset!

Som liten hausta han kanskje ikkje forståelse frå medelevar, men lidenskapen for fisk, har likevel bore frukt i livet hans - både i karrieren og på privaten.

Fiskelidenskapen førte nemleg til at Niesar flytta frå Tyskland til øykommunen Solund, ytst i Sogn, kor han fekk sin finaste fangst på kroken.

Frå Berlin til Solund

«Fangsten» var Sissel Kråkås som han i dag har to born med. Ikkje berre bur Niesar og Kråkås saman i Solund, dei jobbar også i lag i Sulefisk AS, kor ho er kvalitetsleiar og han er dagleg leiar.

Niesar snakkar lenge om kvifor han, etter akvakultur-studie i Berlin, reiste til Noreg og til sist ende opp på Eide i Solund. For historia om den tyske fiskenerden sin karriere er lang, med fleire avstikkarar på vegen.

Kort summert, kan vi dele historia i tre: Den eine delen handlar om guten som var akvarist allereie som femåring, som berre ønska seg eit akvarium for å la tankane drukne under vannskorpa, og beundre fiskens fredelege symjetak.

Den andre delen om studenten som let seg begeistre av laksens evne til å klare seg gjennom den største økologiske barrieren frå ferskvatn til sjøvatn.

– Naturen har organisert seg på ein merkeleg måte. – Biologien til laksen er så spanande, ivrar Niesar.

Og det er iveren den tredje delen av historia handlar om. Fordi han var ivrig student, fekk han praksisplass hos ei oppdrettsbedrift i Noreg i 1999, og vart til slutt mannen som jobbar fulltid med det han ivrar mest for; fisk.

Ein leiar må vere nøktern

Sulefisk AS vart skipa i 1984 på Eide, kor selskapet framleis har basen sin, og driv lakseoppdrett med open merdproduksjon.

I dag er det 16 tilsette i selskapet. Eit team som består av lokale sambygdingar, men også tilreisande folk frå Madagaskar, Polen, Ungarn og Tyskland.

– Ei av dei kjekkaste oppgåvene eg har er å bli kjent med medarbeidarane mine, sier Niesar.

Ei stilling som dagleg leiar kan vere krevjande uansett kva slags selskap ein jobbar i. Men i ei lokalbedrift i utkant-Noreg, krev det litt ekstra innsats for å få kollegaene til å ville bli verande og ikkje forlate distriktet.

For at dei tilsette skal elske arbeidsplassen og trivst, har Niesar to uskrivne reglar som han aldri vil bryte:

– Her skal alle kollegaer bli sett, og her skal det vere minimalt med hierarki. Eit tydeleg hierarki ville berre ha vore hemmande for alle partar. Kvar tilsett er like verdsett i bedrifta, seier han.

Ein leiar må vere nøktern i rolla si, og verken ha økonomisk vinning eller seg sjølv i førarsetet, meiner tyskaren.

– Ein må ikkje vere arrogant, men ein lagspelar. Ein må bry seg om kollegaene på ein genuin måte, ikkje berre ha medarbeidarsamtalar fordi det er ei «plikt» som vert forventa av ein sjef, seier han.

Sulefisk

– Godt å leve her

Det er menneska i Solund, både i og utanfor bedrifta, Niesar vil skape verdiar for i form av arbeidsplassar og eit lokalsamfunn i utvikling.

– Vi har ei viktig rolle som lokal næringsaktør, det handlar om meir enn lakseproduksjon. Vi vil bidra med å skape eit levande samfunn for å gjere Solund attraktiv for tilflyttarar og dei som allereie bur her, smilar Niesar.

Det mange bedrifter i Distrikts-Noreg har til felles, er utfordringa med å finna kvalifisert arbeidskraft, eller at nyutdanna tilsette berre jobbar eit år for å skaffe seg erfaring før dei flyttar til byen.

Kva skal til for å gjere ein liten kommune til ein attraktiv stad å busetje seg i?

– Nok arbeidsplassar med gode ordningar, nok bustader, skule- og barnehagetilbod, kjerneverksemd som post og politi, god infrastruktur og sosiale tilbod og samlingspunkt, summerer tyskaren.

Om ikkje alle desse faktorane er på plass, er det framleis mykje som taler for å bu i eit landleg område, meiner Niesar.

– I by står du ofte i pendlarkø - i distriktet står du sjeldan i kø, det er meir avslappande, seier tyskaren.

At han har funne den rette staden å jobbe og bu, har han aldri vore i tvil om:

– I Solund er du ikkje berre ein i mengda. Du har betydning og alle kjenner deg. Det er veldig godt å leve her.

Fleire saker