Mariel

Nyheiter

Gav pipa ein annan lyd

Tekst: Rebecca Nedregotten Strand

Foto: Rebecca Nedregotten Strand

Før sat ho ved tangentane. No står ho bak disken og jobbar knallhardt for å spele andre gode.

Marièl Eikeset Koren er eigentleg organist, men har byta ut kyrkja med eigen kafé.

– Eg treng ikkje øve heile tida lenger. Det er utruleg godt.

Kaffimaskina fresar og dampar. Vande hender beveger seg raskt mellom kopp og knottar, og plutseleg er nok ein cappuccino klar. Marièl ser ut som ho aldri har gjort noko anna. Håret er festa i ein knute høgt på hovudet og under dei oppbretta ermane på dongeriskjorta stikk fargerike tatoveringar fram. Ho er i sitt ess. På ein heilt annan stad enn der ho planla å ende opp.

Det var kantor ho skulle vere. Eit liv med salmar, preludium og postludium. Ein nøkkelperson for musikk og kultur i kyrkjelyden. I staden har ho blitt ein annan type samlande kraft i lokalmiljøet. Saman med systera si, Charlotte Eikeset Mundal, som eigentleg skulle ha lege på kne og grove i jorda etter eldgamle spor.

– Det handlar meir om kva typar vi er, enn kva vi er utdanna til.

Mariel Lauget

Arven frå mor og far

– Det byrja med at ho hadde vore mykje ute i felt og jobba som arkeolog, fortel Marièl.

Arkeologar er ofte på feltarbeid og må vere vekke heimanfrå i lange periodar. Då Charlotte og sambuaren skulle slå seg til ro på Sandane og stifte familie, oppstod ideen om å drive kafé i staden.

For dei to systrene var ikkje det å jobbe med handelsnæring ein framand tanke. I barndomen brukte dei mykje tid mellom varer og kundar i foreldra si verksemd.

– Vi har vakse opp i ein interiørbutikk, så det låg eigentleg i familien.

Etter mange år som student i Trondheim, opplevde Marièl at det gode studiemiljøet ho var ein del av forsvann. Vennane fekk seg jobbar og flytta frå byen. Eit rolegare liv i heimkommunen Gloppen freista, og ho vende heim. Men då ho var i sin fyrste fødselspermisjon, oppdaga ho at Sandane sentrum kanskje var litt vel roleg.

– Ein vil gjerne ha ein stad å gå til der ein kan strikke, eller lese ei bok. Det hadde vi ikkje her, seier 34-åringen.

Marièl og Charlotte tok sats. Arkeologen og organisten opna dørene til «Lauget kaffi og kultur» i 2016, og tok med det opp arven frå mor og far.

– Det handlar meir om kva typar vi er, enn kva vi er utdanna til.

Ein smeltedigel for lokalmiljøet

Slår du opp ordet «laug» i ordboka, får du vite at det er ein samskipnad. Kafeen skal invitere til fellesskap og gjensidig samarbeid.

– Det er eit forsøk på å anerkjenne at vi ikkje kan drive Lauget utan lokalbefolkninga sin innsats, fortel Marièl. – At dei kjenner eit eigarforhold og bidreg på ulike måtar.

Ho har tatt ein pause frå kaffimaskina og sokke djupt ned i ein lenestol. På skiltet bak henne står det: «Bytebibliotek. Levér ei bok, byt med ei anna». Hyllene i lesekroken er fulle av spanande litteratur. Eit teikn på at dette lokalet rommar noko meir enn smørbrød og varm drikke.

Eine sofakroken kan byggast om til scene for konsert og foredrag. Dei inviterer til quiz, operapub, ølsmaking, tangokveld og mykje anna. Her er det berre fantasien som set grenser.

Eit utvida lokale stod klart til å ta i mot gjestar i mars 2020. Ikkje akkurat tidenes timing.

– Huff, det var fælt, minnest Marièl.

Koronapandemien førte til utsett nyopning. Dei vart tvinga til å tenke nytt og klarte seg utan full nedstenging.

– Vi måtte finne på noko, og dei vekene alle var heime med ungane sine var det å køyre ut, drive take away-service og prøve å halde det i gang på den måten.

Systrene har kjent på at det fylgjer eit stort ansvar med å ha 12 tilsette. Rundt nyttår banka konkursspøkelset på døra, men med støtte frå Sparebanken Sogn og Fjordane kom Lauget seg over kneika.

– Og det er jo fordelen med å vere lokal, at ein kan gå over vegen og spørje om hjelp, seier Marièl.

Hausten 2021 var bra. No er Lauget verkeleg i ferd med å leve opp til namnet sitt – ein kulturell møteplass der folk opplever noko saman.

Lauget Sandane

– Dette er ein plass ein får lyst til å vere lenge, seier Bendik Vada og Anna Kleiva.

Her er du god nok

Ein gatemusikant klimprar på gitaren utanfor. Inne i varmen har to forfattarar funne roen med ferskbrygga kaffi. Anna Kleiva er på bibliotekturné for Nynorsk kultursentrum og har selskap av Bendik Vada. Dei er på Sandane for fyrste gong.

– Dette er ein plass ein får lyst til å vere lenge, seier dei, – det er nesten så ein vil flytte hit!

For Marièl er ein god dag når trivselsfaktoren er høg inne på kafeen. Ho håper den bidreg til at fleire vil bu i Gloppen kommune.

– På ein måte er det berre ein kafé, men det betyr jo noko for velferda. At det kanskje til og med kan vere den siste dråpen som gjer at nokon vel å busetje seg her.

Sjølv har ho skaffa seg småbruk og nyt roa i bygda. Dessutan set ho pris på at her er ein god nok som ein er.

– Ingen krav om at ein skal vere noko spesielt, forklarar ho. – For oss til dømes; det er nok å vere god til å drive ein kafé. Ein treng ikkje vere utdanna kokk for å få aksept. Det er nok at ein gjer det ein skal på ein bra måte.

Organisten har lagt vekk notane og arkeologen spar ikkje lenger i jorda. I staden jobbar dei knallhardt kvar dag for at Sandane skal vere ein god stad å bu.

Mariel Lauget
Anna Kleiva
Finn jobb i Vestland