Tone Løtuft i Rein Design

Meir enn instavenleg

Eit spontant innfall førte ho til Sunnfjord

Tekst: Privat

Foto: Rein Design/Privat

Tone Aarflot Løtuft (31) susar gjennom livet utan å ha ein plan. Men når ho bestemmer seg for noko, blir det som regel som ho har tenkt.

Etter folkehøgskule og eit år med backpacking der eg besøkte mange eksotiske land, drakk litervis av goon, mescan og buckets, satt eg igjen med tanken «kva no»? Eg hadde null idè om kva eg faktisk skulle gjere med livet. Og det burde ein kanskje ha kontroll på i ein alder av 21?


«Kva skal eg bli når eg blir stor?»

Backpacker-venninnene mine skulle til Bergen, og eg blei med. Eg fekk meg jobb i ein restaurant og bar på eit hotell, og etter eit år mellom dei sju fjell tok eg til på utdanning. Nærare bestemt marknadskommunikasjon og PR på BI.

Skyhøge krav

Eg stortrivst. Kombinasjonen av kreative og analytiske fag passa meg
perfekt. Etter tre år på studiet, sikra eg meg jobb innan performance. Eg
opplevde ein arbeidsgjevar som stilte høge krav til meg, og ei
læringskurve langt brattare enn studiet.

Svolten på endring

Valet om å flytte heim til Sogn og Fjordane var nok eit av mine spontale
innfall. Eg kjende behov for endring, og eg ville gjere det «skikkeleg» når
eg først var i gong.

Tone Løtuft

Tone kosar seg i Sunnfjord saman med dottera Ellinor (7).

Tone Løtuft

Førde er heime

Bergen kjennes framleis som heime for meg, og eg kjem nok aldri til å bli
ferdig med byen. Sakte, men sikkert blei også Førde heime. Etter å ha
budd vekke i åtte år var vennekretsen utvaska. Men det tok ikkje lang tid
før det oppstod nye kontaktnett. Gamle vennar flytta heim og nye flytta
til. No blir helgeplanane fylt opp automatisk.

Trivselsskogen på Sandane

Gloppen: Tone nyttar gjerne helgene saman med vennar. Her med Eirin Apalseh, Ket Fossen og dottera Ellinor i Trivselsskogen på Sandane.

Ingen jobb er umogleg

No jobbar eg som ein av to kommunikasjonsrådgjevarar i Rein Design. Å
kunne jobbe med det eg er utdanna innan er viktig for meg, og eg gler
meg kvar dag til å kunne gå på jobb med mine dyktige kollegaer. Min aller
næraste partnar er Henriette (Pettersen Berntsen). Vi utgjer nærast eit
perfekt team. Med hennar utdanning og erfaring innan design, og min
innan økonomi og performance, utfyller vi kvarandre på ein måte som
gjer ingen jobb umogleg.

Tidenes team

Vi har fleire store og små kundar som er spennande å jobbe med, og
somme tider eigne prosjekt og arrangement i regi av Rein Design. Aller
best trivast eg når eg får jobbe med Google og søkemotoroptimalisering,
men stort sett alt er kjekt når ein er omgitt av tidenes team på jobben.