Kristoffer Hundershagen Engebø

Trainee

Gamingglede + matte = gøy 

Kristoffer blir stadig kalla kverulant. Då han stilte spørsmål ved dagens matteundervising, skulle det vise seg at han var inne på noko.

Kven: Kristoffer H. Engebø  (32)

Utdanning: Master`s degree International Business

Jobb: Gründer og dagleg leiar i Eduplaytion

– Den største fordelen med å vere gründer i distriktet, er at du kjem langt med å plukke opp telefonen. Alle kjenner nokon som kjenner nokon. 

Når Kristoffer skal fortelje historia om korleis han gjekk frå ideen om eit digitalt mattespel til over 100.000 brukarar, er han med oss på nettopp telefon. Nyåret byr på hektiske dagar før avreise til kontoret i Brasil, og akkurat no sit han i bilen på veg til Sogndal. Planen er å etablere kontor der også. For å få til det må han snakke med dei rette personane – og det er han god til. Utfordringa er å vite kven han skal ta i mot råd frå.

– Som gründer druknar du i info, og det blir vanskeleg å filtrere ut kven eller kva som sender deg i riktig retning. Du må finne dei personane som forstår deg og gjer ting tydelegare for deg. Eg lyttar alltid til magefølelsen når eg vel kva råd eg skal ta til meg.

Uforløyst potensiale

Det heile starta med det Kristoffer kallar eit uforløyst potensial. Då han i ein periode jobba som lærar i grunnskulen, oppdaga han at fleire av elevane gjorde det dårleg i matte. Ikkje fordi dei mangla evnene, men fordi dei synest det var vanskeleg å relatere seg til faget, noko som førte til mangel på motivasjon. Kristoffer har alltid likt å stille spørsmål ved ting, og også her stilte han spørsmål ved kvifor matteundervisinga vart gjort slik, når ein kunne gjere det på ein meir motiverande måte?

– Eg har vore ein kverulant heile livet. Og sjølv om ein stundom tek feil, hender det at eg er inne på noko, ler han. 

Balansen mellom gøy og læring

Og her var han definitivt inne på noko. Dei nasjonale prøvene i matematikk viser at ca. 25 % av norske 5.-klassingar har store utfordringar i faget, og at 30 % av dei som begynner på vidaregåande ikkje går ut av skulen dei fem første åra. Dette er ikkje berre eit stort problem for den enkelte, men også for samfunnet.

– Du kjem ikkje unna. Mattematikk møter du overalt.

Kristoffer ville lage eit spel som følger læreplanen i mattematikk, men som også gjorde matte gøy og motiverande. Balansen mellom spel og læring skulle vere konkurransefortrinnet. Men for å få til det, var han avhengig av eit støtteapparat. For Kristoffer var det naturleg å starte gründerreisa i heimkommunen Sunnfjord i Vestland. 

"Her er det lett å banke på dører og kort veg til avgjerdene "

Eduplaytion

Lokalt støtteapparat

– Her er det lett å finne fram i hjelpemiddelapparatet, lett å banke på dører og kort veg til beslutningstakarane. Eg opplevde stor satsingsvilje på ideen min, og fekk god hjelp frå ulike aktørar. Om nokon ikkje kunne hjelpe meg, vart eg kjapt introdusert vidare til rette personen eller andre apparat.

Han trur at ein viktig grunn til at dei gjekk raskt frå ide til kommersialisering, var at han tidleg fekk hjelp til å etablere eit sterkt styre og ein dyktig styreleiar.

– Barnesjukdommar, struktur, formalitetar. Alt dette vart tatt hand om på eit tidleg stadium. Eit så proft styre i startfasen hadde nok ikkje vore like lett å få på plass i ein større by.

Akkurat no har vi 50 ledige traineestillingar i Vestland.

Modningsprosessen

Med eit lokalt støtteapparat i ryggen og gode investorar med på laget, kunne gründeren gå frå ide til produkt: mattespelet Numetry er Eduplaytion si første lansering. I dag har han tilsett eit team på snart 40 personar i fleire land og knytt til seg både spelutviklarar og pedagogar. Sjølv er han dagleg leiar.

– Akkurat det har vore ein modningsprosess, humrar han, og utdjupar:

– Eg har alltid vore ein utolmodig type som fort kan bli irritert om ting ikkje blir slik eg hadde sett føre meg, eller om folk ikkje forstår kva eg meiner. Ikkje den ideelle leiartypen på papiret, altså.

Han kan framleis kjenne på utolmodigheit og frustrasjon, men dei siste åra har han lært seg viktigheita av god kommunikasjon og forståinga for at alle er ulike, og at ein må sette seg inn i dei tilsette sitt ståstad. Han innser at det er her verdien ligg. 

– At dei tilsette trivst er heilt avgjerande for selskapet si utvikling.

Luktar ikkje på blomstrane

Utviklinga har gått fort, og eit vellukka debutår har resultert i at over 100.000 norske elevar spelar Numetry. Har han tid til å reflektere over suksessen og at det som starta i ei lita bygd i Vestland kan påverke det norske læreverket?

– Om eg stoppar for å lukte på blomstrane? Det er dessverre alt for sjeldan ein tenker på kva vi faktisk kan utrette med Numetry. Eg veit at vi jobbar med noko viktig, og det er sjølvsagt ein god følelse, men stort sett tenker eg berre framover, seier han litt oppgitt.

Kristoffer Eduplaytion

Sminkar bruda

Sjølv om han rosar dei ulike støtteapparata, er det éin ting han skulle ønske nokon fortalte han då han ville gå «all inn» på ideen sin:

– Ta pausar! Om du aldri tillèt deg sjølv å kople av, er du mindre effektiv når du er på. I lengda er det ikkje berekraftig at hjernen jobbar konstant, og det er heller ikkje lett for dei rundt deg. Vi sminkar bruda litt når vi pratar om ei eventyrleg gründerreise. Det er ikkje alltid lukka på jord å verte gründer – sjølv om ein skulle gå heile vegen, for dei som gjer det har ofte ofra mykje.

Vestland, baby!

I løpet av våren håpar han å starte arbeidet med å bygge Sogndal som Eduplaytion sitt hovudkontor, og tar sjølv med seg kone og barn for å etablere seg der. 

– Folk har lyst til den bygda. Eg er sikker på at vi kan lokke folk frå heile verda med kombinasjonen jobb i Eduplaytion og livsstilen Sogndal byr på. Regionen har eit kult tech-miljø som vi ønsker å vere ein del av.

Framover har han planar om intet mindre enn å skape verdas største plattform for læring.

– Konseptet vårt har eit enormt potensiale, og målet er å bli verdas største aktør innan spelbasert læring. Med det vil vi gjere læring tilgjengeleg for alle barn gjennom spel.

Det dei i dag gjer med matte kan dei ta vidare til andre fag, og det dei gjer i Norge ta vidare internasjonalt.

– Det er ikkje berre her elevane slit med uforløyst potensiale i skulen, det skjer også i Kina og USA. Det som er litt kult, er at endringa skjer frå ei bygd i Vestland, avsluttar gründeren.

Tre kjappe om karriere

Kva må til for at du blir engasjert i arbeidsoppgåvene dine: Når du ser at elevane, sluttbrukaren, responderer bra på det du skapar og at jobben du gjer betyr noko. Å bli verdsett, enkelt og greitt. 

Ditt beste tips for å lukkast som gründer: Timing er viktig. Produktet kan vere bra, men tidspunktet dårleg. Få med deg dyktige folk frå starten av. Ver brutalt ærleg med deg sjølv: Er du ein kremmar? Om ikkje, er nok ikkje gründerlivet noko for deg.

Kva har betydd mest for deg så langt i karrieren: For to år sidan sat eg på flyet tilbake til Noreg. Då var det ei mor frå Austerrike ved sidan av meg som spurte nysgjerrig om kva eg arbeidde med på PC-en. Tre dagar etter fekk eg ein e-post med bilde av ungane hennar som spelte spelet og skrytte av det. 

50 traineestillingar i Vestland

Fleire saker