Ola Skram

Nyheiter

Ola fann vegen heim

Tekst: Rebecca Nedregotten Strand

Foto: Porten.no /privat

«Bygdetulling!», kalla dei han i oppveksten. Men no er det stas å vere sogning, også for ein heimvendt og ambisiøs nettredaktør.

– Eg føler på ein måte at eg lever i ein draum.

Ola Skram har det travelt. Lunsjen må han ete medan han jobbar, og eit stort ansvar kviler på skuldrene der inne i tjukkegensaren. 30-åringen er redaktør for ei nettavis i vekst. I fjor hadde Porten størst prosentvis vekst i abonnentar av alle lokalavisene i Vestland. Han vil ha fleire, og er redd for å slappe av.

– Ein assosierer seg med nesten kvar einaste artikkel som kjem ut. Det er journalisten sitt verk, men eg skal stå inne for det som står der.

Den ferske redaktøren brenn for jobben og regionen Porten dekker. Etter mange år vekke, er det godt å vere attende i Sogn.

– Det kjennest veldig rett.

Ola Skram

Ein sogning i Førde

Ola reiste ut for å studere, og det var i Skottland heimlengten melde seg.

– Der vaks det nok fram ei veldig stoltheit over å vere frå Noreg med alt vi har; alt som fungerer så godt og ikkje minst den fantastiske naturen, seier han.

Fyrst vart han praktikant ved Nynorsk mediesenter, og seinare journalist i NRK Vestland. Det sat langt inne å flytte til Førde, men byen overraska positivt.

– Det er mange flotte folk der. Eg var glad i jobben, og i tillegg var det i Førde eg møtte kjærleiken. Eg stortreivst!

I NRK fekk han også verdifull kunnskap om å drive ei profesjonell mediebedrift. Lærdomen har kome godt med. Opphavleg var Porten ein blogg med siste nytt frå Årdal, basert på ei oppslagstavle ved Hydro-fabrikken. I 2014 vart bloggen nettavis, og i 2020 fekk dei for fyrste gong pressestøtte. På få år har det skjedd ei stor profesjonalisering.

– I fjor hadde vi ei større satsing. Vi fekk ein veldig vekst i talet på abonnentar, vart fleire tilsette og flytta inn i nytt, større lokale.

I regionen er det sterk konkurranse frå Sogn Avis. Ola er glad for mediemangfaldet, men vil at Porten skal vere lesarane sitt fyrsteval.

– Målet er å bli så dyktige og sjølvstendige at fleire seier, «Ok, Porten er det eg treng for å halde meg oppdatert.»

Bygdetulling

31-åringen har funne roa, både i jobben og i Sogndal. Noko har endra seg sidan han vaks opp. Heldigvis til det betre. Bygdedyret brøler ikkje like høgt som før.

– Eg har snakka med mange andre som har vore her i fleire år og opplever det same. I langt større grad no, så er det lov å vere god. Det er ein annan stå på-vilje for å få til ting.

Sogn er ein region i vekst, og mange har fått auga opp for kor vakkert området er. Då Ola var liten og reiste til Austlandet på ferie, møtte han heilt andre haldningar.

– Då var eg ein bygdetulling. Dei mobba dialekten og sa eg var ein tosk frå bondelandet, fortel han.

No møter han jubelrop og litt sjalusi.

– Mange frå byen er misunnelege på oss og ikkje motsett. Dei kunne kanskje tenkt seg å vere her, medan vi veit at vi bur her og er heldige, og så kan vi reise dit når vi føler for det.

Ola Skram Porten

Våg å hoppe i det

Ola tok sjansen og satsa på ein spanande jobb. Hoppa ut i det ukjende og har landa trygt på begge beina. Det oppmodar han andre også til å prøve.

– Det er ikkje nokon grunn til å sitje fast i ei leilegheit i Oslo, når ein har slike moglegheiter i distrikta. Det er eigentleg berre å hoppe i det! Eg kan ikkje garantere at ein vil like det, for her er jo mindre folk, men det er mange kjekke folk.

Sjølv held han fullt fokus på å styrke Porten vidare, med god og grundig journalistikk som fundament. Fyrste steg er å få på plass ein eigen nyheitsredaktør, og han startar i vår.

–Eg skal vere forsiktig med dei store spådomane, men eg er heilt sikker på at Porten er komen for å bli, og at det blir veldig spennande framover.

Fleire saker