Linn Hege Helle

Trainee

På oppdrag for Tibber – og kloden

Linn Hege meiner ansvar kjem som ein konsekvens av å seie ja til sjansar du får. Haldninga har tatt ho til toppjobb i Tibber.

Kven: Linn Hege Helle (38)

Utdanning: Bachelor i marknadsføring, Master of management.

Jobb: Chief Customer Officer i Tibber.

– Eg er glad for at eg starta karrieren i Tibber som allsidig potet. Det gav unik og nyttig innsikt i selskapet.

I dag er Linn Hege Helle Chief Customer Officer i det internasjonale teknologiselskapet. Samtidig som Tibber veks i rekordfart og nærmar seg ein halv million kundar, har Linn Hege hatt eit kort men heftig karriereløp frå hovudkontoret i Førde i Vestland. 

Akkurat no har vi 50 ledige traineestillingar i Vestland.

Den viktige innsikta

– Då eg starta i Tibber for fire år sidan, jobba eg med alt frå support til å lage videoannonsar og designe emballasje. Til tider hadde eg ingen ide om kva eg dreiv med, og eg googla masse, ler ho, og legg til:

– Samtidig var eg involvert i det meste og jobba tett med både kundane og utviklarane. Den breidda og innsikta eg skaffa meg då, har gitt meg mange bein å stå på og er ein viktig grunn til at eg er der eg er i dag.

Kollegaer Tibber

Konsekvensen av å seie ja

Det har ikkje vore eit bevisst val frå Linn Hege si side å rase oppover karrierestigen. Ho meiner haldning har mykje å seie, og at ansvar kjem som ein konsekvens av å seie ja til sjansar og moglegheiter. 

– Eg har ikkje bevisst søkt meg mot ein toppjobb, men eg har vore bevisst på å seie ja heile vegen. 

Det betyr ikkje at ho alltid er trygg eller komfortabel i rolla. Til tider har det vore smertefullt å takke ja til oppgåver ho er usikker på.

– Men for kvar oppgåve eg har takka ja til har eg lært noko nytt og forstått meir av det store bildet.

"Eg har ikkje bevisst søkt meg mot ein toppjobb"

Linn Hege Helle

Ei unik reise

Tibber har mål om å revolusjonere straumbransjen. Overordna meiner dei at den grønaste straumen er den du ikkje brukar, og ved hjelp av ein app vil dei gi forbrukaren innsikt og verktøy til å senke forbruket, og på den måten bidra til det grøne skiftet.

– Den reisa eg får vere med på no er både overveldande og unik. Eg føler absolutt at eg har påverknadskraft når eg er med på å sette preg på retninga straumbransjen skal ta. Det er ikkje alle som får vere med på noko så stort, og eg er veldig takknemleg for å vere ein del av det.

Hårete mål og knallharde prioriteringar

Ho kan bli reint svimmel av å tenke på målet Tibber har om å nå 10 millionar kundar innan 2025. 

– Det er sjølvsagt krevjande med så høge mål, men samtidig trur eg veldig på det vi held på med. At eg kan identifisere meg med Tibber sine verdiar og føler at eg er med på ei meiningsfull reise, er med på å halde motivasjonen oppe.

På spørsmål om ho må ofre noko for å stå i den ansvarsfulle stillinga, er ho brutalt ærleg.

– Ja, det må eg. Eg investerer ekstremt mykje tid og mental kapasitet i jobben, og det går naturlegvis utover andre ting. Det igjen fører til at eg er veldig kritisk på kva eg brukar fritida mi på. Hobbyar og slikt blir det minimalt med tid til.

Med knallharde prioriteringar og gode avtalar på heimebane, får ho likevel til ein slags balanse. Men om jobben tar frå ho noko? Det vil ho ikkje gå med på. 

– Eg har sjølv valt å dedikere store deler av tida mi til jobb, og eg brenn verkeleg for oppdraget vi er på. Eg vil heller seie at jobben gir meg masse enn at den tar frå meg noko. 

Energiboost

Nyleg gjekk Tibber til topps i ei omfattande måling av kundetilfreds blant straumkundane. Ein klar indikasjon på at Linn Hege og teamet hennar lukkast. 

– For meg er var det ein enorm energiboost! Når vi stadig lukkast med det vi gjer, er det motivasjon og inspirasjon til å fortsette å investere tid i selskapet. Mange trur det handlar om lønn og gode, men eg har meir tru på gleda over å sjå resultat av det du gjer.

Konkurrerer med internasjonale ressursar

Med Tibber sin suksess er Linn Hege med på å gjere ein stor forskjell frå ein liten stad. Trur ho karriereløpet er kortare i distrikta?

– På generell basis trur eg du kan stige kjappare i gradene på mindre stadar fordi det er ein vilje til å investere i unge talent. Men du er likevel nøydd til å prestere. Hos Tibber konkurrerer du med ressursar i både Stockholm, Helsinki og Berlin. Og det er kjekt å sjå at vi klarar å rekruttere like gode hovud til vesle Førde.

Linn Hege Helle Tibber

Vis at du vil og kan

Til andre unge som ønsker meir ansvar, er ho opptatt av at det handlar meir om å vise vilje enn å søke seg mot toppen.

– Om du ønsker å vere med og påverke og gjere ein forskjell, er det smart å skaffe seg breiddekunnskap om selskapet. Ver proaktiv, grip sjansane du får og ta på deg nye oppgåver. Då trur eg det ansvaret kjem naturleg, avsluttar ho.

Tre kjappe om karriere

Kva må til for at du blir engasjert i arbeidsoppgåvene dine: Eg må forstå kva oppgåvene resulterer i, og så må det vere meiningsfullt.

Ditt beste tips for å få meir ansvar på jobb: Ta ansvar.

Kva har betydd mest for deg så langt i karrieren: Kanskje det er akkurat no? Den jobben som blir gjort no legg grunnlaget for å skalere heile kundeteamet for framtida. Det håpar eg å sjå tilbake på og tenke at var bra.

50 ledige traineestillingar i Vestland

Fleire saker