Jobb i Enivest

Arbeidsliv

Enivest har klart det få bedrifter klarer: – Rekruttering er ein kontinuerleg prosess

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: Marie Tefre Birkeland

Vi høyrer stadig at det er vanskeleg å rekruttere folk med rett kompetanse til Sogn og Fjordane. Likevel har Enivest klart kunststykket å rekruttere 16 personar på kort tid – alle med ønska kompetanse.

– Eg trur det er viktig at bedriftene møter studentane der dei er. At dei står på stand på karrieredagar og presenterer bedrifta si, og kva verdiar dei står for. Å sikre seg folk medan dei studerer er lurt. Då er studentane oppdaterte og gira på å lære. Dei er vande med å fordøye store mengder informasjon og motiverte for å lære meir, seier Simon Johansen.

Han snakkar av eiga erfaring, både som student og som foredragshaldar på Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde.

Prestisjejobb

Johansen er ein av dei nytilsette i Enivest. 27-åringen har sikra seg ei trainee-stilling i selskapet med oppstart i august.

– Det ser eg veldig fram til. Eg har utdanning innan nettverksprogrammering, så for min del er dette «spot on». Å få komme til ein internet service provider, altså ein leverandør som gir ut internett, er prestisje innan it-feltet, og det er utruleg kjekt å få vere del av det, seier han.

Rask på avtrekkaren

Stian Kongvik har også sett seg bak tastaturet hos Enivest denne våren. Han er einig med kollegaen om at det er ei spennande bedrift å jobbe i.

– Det verkar som ein fin jobb, der eg får jobbe med interessene mine som er front end og UX (brukaroppleving). Enivest er ute etter å levere gode brukaropplevingar og eit solid produkt. Eit døme på det er foreldra mine som bur i Hornindal. Dei har ikkje kommunalt vatn, men dei har fiber, ler han.

Saman med sambuaren og ungane, hadde dei lenge tenkt på å flytte frå austlandet til Stryn. Då han såg stillingsutlysinga tok han raskt kontakt.

– Då eg ringte kontaktpersonen for stillinga, vart han nesten litt overraska. Det verka som at han ikkje hadde fått med seg at annonsen var blitt publisert. Eg var kanskje i kjappaste laget, men eg var jo så gira.

Koronaen løyste problemet

Problemet var berre at jobben var i Førde, og at sambuaren hadde fått jobb i Stryn. Løysinga vart heimekontor.

– Koronaen har vist at det er fint mogleg å sitte heime og jobbe. Mange har endra tankegang og ser at det er enklare enn ein skulle tru. Som utviklar er det godt å sitte i ro og konsentrere seg utan støy rundt seg. Det er flott at ein arbeidsgjevar kan vere så fleksibel, og for min del var det avgjerdande for at eg kunne takke ja til jobben.

– Det er viktig å hugse på at rekrutteringsmarknaden er ferskvare og endrar seg heile vegen.

Nandor Helgheim i Enivest

Foto: Enivest

Fornøgd leiar

– Vi er glade for at vi har fått tak i ønska kompetanse. Tidvis kan det vere ei utfordring, men det hjelper ofte å snu søknadsbunken. Og så er det viktig å hugse på at rekrutteringsmarknaden er ferskvare og endrar seg heile vegen, seier Nandor Heggheim, dagleg leiar i Enivest.

Rekruttering er ein kontinuerleg prosess

Han trekker fram synlegheit som det viktigaste verkemiddelet for å lykkast.

– Summen av å vere synleg er viktig. Det hjelper ikkje å berre vere synleg når ein skal rekruttere. Dette er ein kontinuerleg prosess. I Enivest har vi definert ein personalstrategi som sikrar oss eit godt arbeidsmiljø. Både vi og jobbkandidatane er svært opptekne av arbeidsmiljø, og då må vi formidle til potensielle arbeidstakarar at vi er gode på nettopp det.

Pålogga bedrift

For Enivest er det ikkje nok å legge ut ein stillingsannonse. Dei er «på» heile tida.

– Vi er aktive i sosiale medium og får tilsette til å dele stillingsannonsane. I tillegg publiserer vi dei på Framtidsfylket sine sider. Utan kanalane deira og profilering av arbeidsmarknaden i regionen ville vi ikkje klart å rekruttere så mange som vi nettopp har gjort. Blant anna har vi tilsett tre trainear i år. Den direkte og indirekte effekten av innsatsen til Framtidsfylket vurderer eg som stor, avsluttar han.