Trygve Hallberg

Trainee

Trygve vil vere endringa

Når Trygve er med på å utvikle havbruksnæringa i Vestland, er han opptatt av at både næringa og miljøet skal overleve.

Kven: Trygve Hallberg (32)

Utdanning: Master i havbruksbiologi

Jobb: Prosjektleiar i Akvahub

– Det beste med å jobbe i havbruksnæringa i Vestland, er at du står midt i det. Når du ser at det du gjer faktisk betyr noko, og du får jobbe med berekraft i praksis, er arbeidsoppgåvene meiningsfulle. Om eg sat på eit kontor i ein stor by, veit eg ikkje om eg kunne relatert på same måten.

Med berekraft som grunnpilar

Biologen held til i moderne lokale i Hyllestad i Vestland. Arbeidsgjevaren, Akvahub, er ei felles forskings- og utviklingsavdeling for selskap i havbruksnæringa, og tilbyr både kompetanse og nettverk med berekraft som grunnpilar. Her kombinerer Trygve kontorarbeid og feltarbeid, og set pris på fleksible og varierte dagar.

– Under utdanninga var det akkurat dette eg såg for meg, smiler han.

– Eg ville vere der det skjer! Jobbe tett med konkrete problemstillingar og vere med og påverke. Ein bonus med å jobbe tett på havbruk, er at du garantert hamnar på ein fin plass, seier han og viser til den vakre kysten vår som eksempel.

«Den forskjellen du ønsker å gjere, kan du oppsøke i Vestland»

Akvahub

Vil vere endringa

I likskap med mange andre unge i dag, ønsker han av å vere ein del av den grøne omstillinga. Utviklinga av norsk havbruk i ei meir berekraftig retning krev endring, men opnar også opp for vekst.

– Eg synest det er viktig å vere med og ta dette ansvaret, og føre Vestland inn i framtida på berekraftig vis. Samtidig brenn eg for lokal næringsutvikling og at selskapa her skal overleve. Når du jobbar tett med den lokale næringa, ser du at selskapa forstår utfordringa, og at dei ønsker å omstille seg. Målet er at både bedrifta og miljøet overlever, seier Trygve, som tidlegare i karrieren har jobba både på merdkanten, i administrasjonen og på laben i ulike havbrukselskap.

Tare på bordet

Han synest det er meiningsfullt å bidra i omleggingsfasen, og jobbar i dag blant anna som prosjektleiar for eit felles prosjekt med aktørar innan taredyrking. Prosjektet skal finne ut korleis ulike nordatlantiske område eignar seg for dyrking av forskjellige typar tare.

– Det handlar hovudsakeleg om å sjå potensialet for tareoppdrett langs kysten, og om det kan vere ein del av framtidas kosthald eller medisin.

Han seier det skjer mykje i heile Norge no, og om du skal vere med, må du henge på.

Kollegaer Akvahub

Store satsingar

– Om regionen vår skal vere med på det løpet, må vi utvikle oss. Sjølv om vi har våre utfordringar, er eg optimistisk med tanke på det som skjer her no med fleire store satsingar.

Han ramsar opp noko av det som det blir jobba med:

– Skjerme villaksen frå lakselus, hindre utslepp frå næringa, satsingar på eigenproduskjon av forressursar, landbasert oppdrett av laks og aure, teknologisk utvikling...

Han snakkar engasjert på inn- og utpust om alt som skjer i miljøet, og kva han trur vi kan utrette frå Vestlandet.

– Ja, eg er ganske engasjert i dette. Og eg trur at om engasjementet er ekte, er det større sjanse for å trivast i bransjen. Men det gjeld vel alle jobbar?

Akvahub klynge

Behov for kreative og kompetente folk

Med alt som skjer i havbruksnæringa, kan han varmt anbefale å søke seg til Vestlandet:

– Havbruksnæringa er ein spennande og trygg bransje å satse på. Med all utviklinga som skjer i området, er behovet for kreative og kompetente folk eksplosivt. Vi treng kompetanse for å drive på ein moderne og nyskapande måte, anten det er innan fiskehelse, teknologi, berekraft eller innovasjon. Den skilnaden du ønsker å gjere, kan du faktisk oppsøke i Vestland. 

Tre kjappe om karriere

Kva må til for at du blir engasjert i arbeidsoppgåvene dine: At eg får sjansen til å vere kreativ og tenke nytt, og at oppgåvene er meiningsfulle og betyr noko. Det beste er om eg får delta i prosjekt frå ein tidleg fase, slik at eg får legge sjela mi i det. 

Ditt beste tips for å få meir ansvar på jobb: Eg har alltid søkt jobbar med ansvar, så eg trur det kan vere ein god start. Det er også viktig at du ser og bryr deg om heilskapen i det arbeidsplassen driv med. Ein stor fordel med å jobbe i distriktet, er at bedrifter i vekst ofte skrik etter folk med kompetanse og dermed ofte satsar på unge som ønsker å bidra. Sidan det skjer så masse her, er det eit stort behov for deg og kompetansen din.

Kva har betydd mest for deg så langt i karrieren: Eg fekk veldig mykje ansvar i første stillinga mi etter utdanninga som produksjonssjef i eit familieeigd oppdrettsselskap. Det var enormt spennande, men også veldig krevjande for ein som var så fersk. Kan kanskje skildrast som ein god mellomting mellom eit isbad og eit mageplask? Det veks ein godt på, og eg sit igjen med veldig mykje etter den tida.

Fleire saker