Johanne Viken Sandnes

Trainee

Kommunikasjon med meining

Når Johanne tar val som er til gode for andre, kjenner ho at jobben ho gjer er meiningsfull.

Kven: Johanne Viken Sandnes (38)

Utdanning: Bachelor i PR og kommunikasjon

Jobb: Leiar kommunikasjon og marknad Sparebanken Sogn og Fjordane

– Om eg får lov til å vere med og påverke? Ja, absolutt! Eg sit i konsernleiinga i ein av landets største sparebankar.

Johanne var berre 34 år då tilbodet om å vere kommunikasjonssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane kom. Det som skjedde i forkant handla mest om tilfeldigheiter: Ein kjenning tipsa om stillinga, Johanne, som er glad i ei utfordring, trakk på skuldrane og tenkte: Ja, kvifor ikkje, la inn ein søknad og venta spent på svaret. 

På dette tidspunktet budde ho og familien i Bergen. Der hadde ho jobba som kommunikasjonsrådgjevar i TV 2 og innhaldsprodusent i Knowit.

– Eg trur ikkje eg kunne fått ei liknande stilling i Bergen med same CV-en, men i Førde fekk eg sjansen, og den hadde eg veldig lyst til å ta.

Såg potensialet

Ho trur tilsettinga handlar meir om kva potensial banken såg i ho enn kva ho hadde gjort før. Medan mange ser etter solide CV-ar når dei rekrutterer til toppjobbar, var administrerande direktør i banken, Trond Teigene, open for at det kunne ligge ei spire i søknadsbunken.

– Han var meir opptatt av korleis eg kunne utvikle meg i banken enn kva eg kunne frå før. Å tilsette fiks ferdige folk er ikkje målet hans, men å bygge gode tilsette. Leiarar som torer å gi slike sjansar, torer å satse på folk, det synest eg er ei veldig fin haldning.

Akkurat no har vi 50 ledige traineestillingar i Vestland.

Set spor

Som leiar for kommunikasjon og marknad er ho med på å utarbeide strategien og sette retning for banken. Det betyr tøffe og offensive avgjerder, men også kjekke og meiningsfulle oppdrag. 

– Eg har enorm respekt og er audmjuk for ansvaret eg har fått, og går inn med heile meg når eg er med på å ta avgjersler om vegen vidare. Når eg ser kva vi i banken får til i lag, kjenner eg at det er meiningsfullt og gir meistring.

Sparebanken Sogn og Fjordane

Ekte følelsar

Éin ting Johanne nemner ofte, er fellesskapet. Når det er snakk om arbeidsplassen, er det vi og oss. Etter fire år i banken er ho oppriktig stolt av kva dei får til saman.

– Å få lov til å kommunisere det banken gjer, det betyr masse for meg. Eg er stolt av folka som jobbar her, kva vi betyr for kundane og lokalsamfunnet, og ikkje minst verdiane vi står for. At eg føler så ekte for arbeidsplassen min, teamet mitt, kollegaene... Det trur eg er ein viktig grunn til at eg trivst så godt.

Likestilt

Ho er opptatt av samfunnsansvaret banken har, og snakkar engasjert om både likestilling, berekraft og kva arbeidsgivaren gir tilbake til lokalsamfunnet.

– At vi tar ein klar posisjon innanfor likestilling, er eg spesielt stolt av. Å ivareta og utvikle mangfald, både i kvardagen og i rekruttering, det brenn eg skikkeleg for. Det kjennest godt å få vere med og påverke finansbransjen i rett retning. 

– Føler du at du må ofre noko som leiar?

– Tenker du på det der å vere mor og leiar no? Altså, det er eg så lei av. Eg trur alle, uansett yrke, vil føle på ein skvis av og til. Å vere forelder og samfunnsdeltagar er rett og slett ikkje beint fram, uansett. Med tanke på familielivet, i eit historisk perspektiv, så tenker eg at mine forfedre hadde mindre tid med barna enn vi har. Eg har heller fått veldig mykje enn at eg har ofra noko. Med bevisst prioritering og ein fleksibel sjef så føler eg at eg kan vere både mammaen og leiaren eg vil vere.  

"At vi tar ein klar posisjon innan likestilling, er eg spesielt stolt av"

Likestilling finansbransjen

Plassen å vere

Ho har slutta med femårsplanar. Målet er å alltid levere i jobben, og elles flyte med på det som byr seg av sjansar. Utlært blir ho aldri.

– Nei, den dagen må eg vidare, ler Johanne.

– Den dagen eg føler at eg «kan alt», då er eg faktisk ikkje flink lenger. Motivasjonen til å utvikle meg vidare i banken er stor, så det får vere planen.

Johanne har aldri angra på at ho pakka flyttelasset.

– Akkurat no føler eg Sogn og Fjordane verkeleg er plassen å vere. Vi står midt i eit brytningspunkt der det veks fram utruleg mange spennande arbeidsplassar. Tradisjonelle næringar utviklar seg, vi har eit yrande gründerliv og arbeidsmarknaden er i god driv. Folk vil bli overraska over tilbodet som er her.

Flytt!

Til dei som kvir seg for å flytte på seg, har ho berre eitt råd:

– Flytt! Våg å vere endringa for deg sjølv. Er det ein jobb som freistar i Vestland? Berre prøv. Kva er det verste som kan skje? At du må flytte igjen? Ja-ja, då er det jo berre livet som ruslar vidare. Eg har lært meg å like at livet ruslar litt. Du ser jo kor det førte meg, smiler ho.

Tre kjappe om karriere

Kva må til for at du blir engasjert i arbeidsoppgåvene dine: Eigarskap, ansvar og at det er ein driv der. Det må vere noko i oppgåva eg trur på.

Ditt beste tips for å få meir ansvar på jobb: Rekk opp handa! Det er ingen som les tankane dine, så du må vere tydeleg på kor du vil. Dei aller fleste applauderer initiativ.

Kva har betydd mest for deg så langt i karrieren: Alt eg har lært på min veg, både om meg sjølv og om kommunikasjonsfaget.

50 traineestillingar i Vestland

Fleire saker