Julianne i Nordfjord

Karriereprat

Eit halvt år på overtid i heimfylket, og ingen returbillett i sikte

Ung, vinglete og heimekjær. Julianne Flølo (25) fekk jobbtilbod i Førde og flytta frå gøy brustein til vegkryss. Ho skriv månadens Karriereprat.

“Hei, var det slik at du kunne kome til Førde og hjelpe oss i to månader?”

Spørsmålet kom i oktober. Hjartet bankar hardt for trivselsfylket, men også for sus og dus i brusteinbyen.

I oktober pakka eg likevel kofferten og flytta ut av mine 32 kvadratmeter midt i smørauget av Bergen. Bakfull og med flyttelasset på slep sat eg meg på bussen med kurs mot Førde.

Turen tok om lag fire timar. Eg hadde altså meir enn nok tid til å angre, og målet var klart: Eg skal berre halde ut i to månader.

Bergen
Bergen 2

Aleine i vegkrysset

Som den måløyværingen eg er står nemleg ikkje Førde øvst på ønskelista over stader å verken besøke eller busetje seg.

“Hæ? Skal du verkeleg flytte til det vegkrysset der? Stakkars deg!”, var beskjeden frå mine ærlegaste venner.

Eg har vakse opp med krystallklart hav som næraste nabo, finkorna sand under beina - og både utsikt og vindkast som tek pusten frå deg. Etter snart 25 rundar rundt sola, fem adresser, ein bachelorgrad, tre jobbar, utallege nye land, kulturar, smakar og personar seinare toppar framleis Måløy lista mi over stader verdt å bruke tid på.

Ofte må ein ut og oppleve, sjå og erfare for å innsjå kor fint ein har det heime. For meg vart dette berre ei stadfesting på noko eg allereie visste - heimplassen min er uslåeleg.

Måløy

Ung, vinglete og heimekjær

For 18 år gamle Julianne var det hardt å innsjå at russetid og vidaregåande ikkje varer evig. Men utdanning måtte ein jo ha, sa folk, så det var berre å følgje straumen. Men kva skulle eg velje? Og kvar skulle eg flytte? Det var overveldande og seriøse vegval for ei ung, heimekjær og litt vinglete jente som klamra seg fast til livet slik eg kjende det.

Kjærleik for kreativitet, media, samfunnsfag og språkfag tok meg til Høgskulen i Volda, og studiet PR og kommunikasjon. I løpet av graden rakk eg også å studere psykologi i Kuala Lumpur, Malaysia.

Asia1
Asia2

Etter tre år på skulebenken kunne eg vise til ei grad på papiret, sjølv om eg må innrømme at eg ikkje følte meg verken utdanna eller særleg klokare. Jobb som journalist i Fjordenes Tidende ved sidan av studiane gjorde at eg heldigvis plukka med meg erfaring vidare.

Halvåret i Asia gav meirsmak på byliv, og eit år med samanliknande politikk i Bergen stod for tur. Til slutt landa eg i Sandviken i Bergen, hos lakseoppdrettaren Mowi sine kontor. Tittelen var kommunikasjonsrådgivar.

Folk er betre enn fisk

Etter eit knapt år i ein spennande, omfattande og kompleks bransje lengta eg tilbake til journalistikken. Ein bør jo ikkje seie dette høgt om ein kjem frå kysten - men kanskje er eg nok meir glad i folk enn fisk.

Ein mail, eitt intervju og fire dagar seinare. Plutseleg var Media City den nye arenaen, og NRK Vestland var laget. Gleda var stor over å få formidle, forklare og fortelje frå alle delar av samfunnet.

“Hei, var det slik at du kunne kome hit til Førde å hjelpe oss i to månader?”

Telefonen kom frå Linda Olin Reite i NRK. Då viste kalenderen september, og eg var tilsett som journalist hos kringkastinga sitt kontor i Bergen.

Asfaltjungelen i Bergen med solide kaffimenyar, mat frå alle verdas kjøkken, kultur og natur i ein by som er levande sju dagar i veka. Det er hard konkurranse.

Men, etter sju månader i Førde har eg innsett at det er mogleg å konkurrere. Her finn ein menneske som er like stolte, mektige og fine som fjella. Dessutan varmar dei meir enn sola, og strålar heldigvis oftare enn den.

Eg let meg imponere av dei som satsar, og sørgar for at vi som framleis vinglar litt kan vere trygge på at vi har uendelege moglegheiter om vi flyttar hit - grøn teknologi, nye næringar og ei drivkraft som berre finnast her.

Julianne på jobb i NRK

Ta med verda heim

Lite gjer meg meir glad enn å høyre at det går bra heime i Sogn og Fjordane. Spørsmålet om når eg flyttar tilbake dukkar opp jamt og trutt, og eg må erkjenne at eg framleis vinglar.

For sjølv om alt har endra seg, er alt framleis det same likevel. Eg trur at noko av det beste vi som kanskje vil busetje oss i småby eller bygd ein gong kan gjere for distrikta, er å sanke perspektiv, impulsar og erfaringar i mellomtida.

Og så ta med seg friske blikk, nye idear og ein vidare horisont tilbake.

Men månadane på NRK avdeling «vegkrysset» har vist meg at Førde er meir enn ei forbikøyring. Å løfte kvardagen i Vestland til resten av Noreg er både utfordrande og givande. Men mest av alt er det stas å få setje fylket vårt på kartet.

Dessutan viser kollegaane mine gong på gong at det er mogleg å bli rik på relasjonar, inntrykk og livslærdom utan å reise jorda rundt.

Eg har ikkje bestilt returbillett tilbake til brusteinbyen. Men dersom Førde berre blir adressa mi ut august, er eg takknemleg for telefonen som kom i september – og for at eg dragsa med meg flyttelasset og vende nasen nordover. No bankar hjartet endå hardare for fjord, fjell og folk i fantastiske Sogn og Fjordane.

Julianne Måløy
Overnatting strand

Finn ledig jobb i Vestland