Trainee: Jurist Bilde

Er du Stiftelsestilsynet sin nye jurist?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Jurist Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Trainee
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Siw Heggedal Longvastøl
90 07 49 74

Søknadsfrist

15. mars 2024

Du søker traineestilling hos Lotteri- og stiftelsestilsynet, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med norske stiftelsar, og hos oss jobbar nokre av landets fremste ekspertar på stiftelseslova. Kanskje er du nysgjerrig på stiftelsar som organisasjonsform, og ønsker eit innblikk i offentleg forvalting?

Vi ser etter deg som har master i rettsvitskap, og vi trur ei interesse for selskapsrett vil komme godt med i denne stillinga. Hos oss kan du få bryne deg på juridiske nøtter ilag med engasjerte kollegaer, og du får rettleie og ha dialog med private aktørar.

Norske stiftelsar bidreg med over 58 milliardar kroner i årleg verdiskaping, og vi har eit svært viktig samfunnsoppdrag i å føre tilsyn med stiftelsane. Sakene vi behandlar reiser spennande og kompliserte rettsspørsmål, på lovområde som er ukjent for mange.

Kvifor Stiftelsestilsynet?

Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø, og vi har god erfaring med å ha traineear gjennom ordninga til Framtidsfylket.

Det er viktig for oss at dei tilsette trivast, og som trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil du få:

  • Erfaring med juridisk saksbehandling og rettleiing, som gir deg ein god start på karrieren
  • Fagleg utvikling og ein mentor som følger deg opp
  • Kjennskap til korleis norske stiftelsar er organiserte og jobbar
  • Godt innblikk i offentleg forvaltning
  • Nettverk med andre traineear – inkludert fire samlingar og ein utlandstur

Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk. Vi held til i eit moderne kontorbygg i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning. Vi tilbyr også trening i arbeidstida, og har eige trimrom på huset.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange toppturentusiastar på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med til fjells. Om topptur ikkje er di greie, så har våre tilsette fri tilgang til Sunnfjord Spa. Der er det treningsrom og svømmebasseng, i tillegg til sjølve spaet. Eller kanskje du heller vil bli med på quiz-laget vårt på Peppes? Vi har også fast quiz i kaffibaren i 5. etasje kvar dag etter lunsj for dei som vil vere med på det.

Så, kva trur du?

Om du synest dette høyrest interessant ut, men har lyst å vite meir – ikkje nøl med å ta kontakt. Vi fortel gjerne meir om våre spennande arbeidsoppgåver! Oppstart i stillinga er august 2024.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
  • Studietur til utlandet
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde