Alexandria

Foto: Liv Standal, Firdaposten.

Nyheiter

Alexandria finn ut av retninga mens ho går (dansar)

Alexandria legg bak seg ni år med utdanning i vidt forskjellige fag. Men retninga har ho no stålkontroll på.

Alexandria Følsvik er 31 år gamal, bur i Florø, studerer master og har to jobbar. Den drifitige dama skriv månadens Karriereprat.

Eg vaks opp på Straumshamn i Volda kommune. Der budde vi langs ei fin og klar strekke på E39, og 1. juledag telde vi bilar som politiet stogga frå stovevindauget. Det var ikkje så mykje å finne på på Straumshamn i helgene, men mamma og pappa var flinke til å ta meg med på korte helgeturar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Desse turane skulle vere med og forme framtidsdraumar.

Resepsjonistdraumen

Vi sov på hotell og åt på restaurant, og det elska eg. Resepsjonistane var dei første du møtte når du kom inn på hotellet. Dei var alltid smilande og veldig flotte, og eg beundra dei verkeleg. Mamma er frå Filippinene, og ho hadde mange forslag til kva ho ønska eg skulle bli når eg blei stor: sjukepleiar, lege eller advokat. Eg ville bli resepsjonist på hotell!

I dag er eg 31 år, bur i Florø, studerer master og jobbar i SynapC og med Flora U40. Eg bur saman med ein kjekk kar av ein forlovede og har nær familie rundt meg, som mamma og (ste)far.

Alexandria liten

1997: Ung og lovande ballettdansar klar for forestilling.

Krevjande danseutdanning

Mi første utdanning var prega av at eg dansa frå eg var 4 til eg var 23. Siste året på danselinja på Firda vgs søkte eg fireårig bachelorstudie i dans med praktisk pedagogisk utdanning ved Universitetet i Stavanger. Våren 2011 var eg på audition, og etter opptaksprøvene var plassen min. Dette såg eg på som ein stor sjanse, då det er vanskeleg å komme inn på denne linja. Dans har prega heile livet mitt, og mamma og pappa har bidratt sterkt til at eg skulle få det til.

"Dans har prega heile livet mitt!"

Ballettdansar

Bacheloren i dans var både fysisk og psykisk krevjande. Kroppen var alltid i fokus, og det var lange dagar med krav om å prestere. Skippertak var ikkje eit alternativ. Du er tett på medstudentane, både psykisk og fysisk, blir kjent på ein heilt spesiell måte og er avhengige av at vi støttar kvarandre. Relasjonane eg knytta her er unike og nære, og dette er relasjonar eg aldri vil få sjansen til å danne med nokon i næringslivet.

Ny erfaring sette grunnlaget for framtida

Bachelorutdanning innan hotelledelse i Bergen opna ei anna verd for meg. Studietida i Bergen med eit meir «normalt» utdanningsløp likte eg veldig godt! Her hadde eg tid og energi til å engasjere meg i andre aktivitetar, som studentorganisasjonar, kurs og jobb. Dette berika perspektivet mitt på framtida. Eg var vand med den kunstneriske verda, og hadde ikkje erfaring med korleis næringslivet fungerte. Den verda var veldig spennande, og sette grunnlaget for kvar eg er i dag.

Frå hovmesteren til digital skapar på eitt år

Før eg var fedig utdanna, fekk eg tilbod om jobb som hovmester på ein restaurant på eit hotell i Bergen. Her var eg i 9 månadar før pandemien braut ut, og eg blei permittert. Då flytta eg til Florø og fekk jobb som innhaldsprodusent i eit digitalt markedsbyrå. Eg stortreivst med å ha kontakt med ulike bedrifter og produsere innhald for dei. Her lærte eg utruleg mykje og knytta til meg eit verdifullt nettverk. Aksello var ein av dei mest spanande bedriftene eg jobba med, og eg bestemte meg for å ta master i innovasjon og ledelse på HVL i Bergen. Så her sit vi då!

U40

U40 Flora var ein suksess frå dag éin med stor interesse. Foto: Liv Standal, Firdaposten.

Ambisjonar om Florø

Våren 2023 hadde eg ti veker hospitering hos Aksello. Eg ønska å vere i ei lokal bedrift, då ambisjonane mine er å bu i Florø. Her fekk eg ansvar frå dag éin, og mitt store prosjekt var å kartlegge behovet for eit tilbod til unge, som U40. Etter at rundt 70 personar i målgruppa dukka opp på vår første workshop, fekk vi stadfestinga på at det var ønska. Kort tid etter det fekk vi våre første stønadar og gåvemidlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest, og då var U40 Flora i gang! Dette sikra meg ein relevant og verdifull arbeidsplass ved sidan av studiet.

Jobbar med banebrytande AI

Parallelt med Flora U40, jobbar eg også som product strategist i SynapC, ein tech-startup med hovudkontor på Peak i Førde. Samarbeidsplattformen revolusjonerar måten vi samarbeider og deler informasjon på, og eg får jobbe med banebrytande AI-teknologi i eit sterkt og støttande team. Eg får stor tillit av arbeidsgivaren og rom til å vekse og ta eigne avgjerder.

" I SynapC får eg jobbe med AI-teknologi"

SynapC

Alexandria pitchar SynapC på Kapitaldagen i Førde.

Det aller kjekkaste med å jobbe i SynapC og Flora U40, er at eg møter mange dyktige og inspirerande menneske. Eg får jobbe med heilt nye ting, og det gjer at eg stadig får utfordra meg. Distrikts-Vestland byr på innovasjon, nytenking og utvikling i næringslivet, og tipset mitt er å vere aktivt søkande etter nye moglegheiter!

Breitt tilbod, men saknar å slå ut håret!

På fritida tilbringer eg mykje tid saman med familien. Eg er omringa av mennesker i begge mine yrke, så det står ikkje på sosialiseringa. Åleinetid er defor noko eg verdset på fritida. Florø har eit breitt aktivitetstilbod, og det er verdifullt å bidra med fleire aktivitetstilbod gjennom Flora U40. Her har vi fine turområde, kulturliv på Florø kulturhus og aktivitetar for born. Vesle Kinn er veldig flinke til å arrangere konsertar, quiz og musikkbingo! Det einaste eg saknar er ein plass eg kan slå ut håret og danse til langt på natt til høg musikk!

"Eg saknar ein plass eg kan danse til langt på natt til høg musikk!"

U40 Flora

Danseoppdrag: 90s party i Førde med Ane-Jørgin Frøyen

Ekstrovert med roleg sjel

Eg anbefalar å gi Vestland ein sjanse! Du sparar mykje tid på å kome deg frå A til B utan at nokon pustar deg i nakken. Livet er rolegare her, og det bidrar til å roe sjela. Eg er av den ekstroverte typen, og får likevel tilfredsstilt behovet for sosialisering på ein mindre stad.

Det er jo sjølvsagt kva du gjer det til sjølv - du må ta ansvar for eiga lukke, men det er godt å bu ein stad som satsar på auka livsglede ved å tilrettelegge for trivsel.

Snart legg eg bak meg ni år med utdanning. Det har vore ei innhaldsrik, men krevjande reise. Eg trivst best med å jobbe med det som er nytt, der du må finne ut av retninga medan du går. Å jobbe med menneske som tenker annleis, gir gass og satsar er inspirerande! Det er eit miljø eg vil halde fram med å oppsøke i framtida.

"Eg trivst best med å jobbe med det som er nytt"

Alexandria Flora U40

Fleire saker