Veidekke, avdeling Sogn og Fjordane

Nyheiter

Nyutdanna jobbar med nytt gigantprosjekt

Tekst: Linn Merete Rognø / Apriil

Foto: Photoevent

Gaute Furevik frå Førde tvilte ikkje eit sekund på å returnere til heimtraktene då han fekk sjansen til å jobbe med gigantprosjektet.

26-åringen er trainee hos Veidekke Sogn og Fjordane, og ein av dei nyutdanna ingeniørane som får ta del i det største og viktigaste byggjeprosjektet i distriktet; Nye Førde sjukehus.

Samtidig utlyser entreprenørselskapet fleire stillingar ved avdelinga si i Førde.

Og er det éin ting Gaute og trainee-kompanjongane hans er einige om, så er det at unge ingeniørar bør hive seg rundt og søke!

Veidekke, Nye Førde Sjukehus

Lærer noko nytt kvar dag
Nye Førde sjukehus skal stå klart i 2024. Veidekke har, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, rekruttert ferske ingeniørar til gigantprosjektet. Blant andre Espen Vasseth (26) og Espen Espenes (35), begge ferdig utdanna byggingeniørar ved Høgskulen i Førde, våren 2020.

– Det var denne store oppgåva som lokka meg til Veidekke, seier Espen V.

Trainee-en jobbar som prosjekteringsleiar-støtte på sjukehusprosjektet, mens Espen E. jobbar med HMS og kvalitetssikring:

– Vi har fått ein unik sjanse til å utvikle oss og skaffe oss ny kompetanse, seier han.

– Veidekke har ekspertise i alle ledd, og vi lærer noko nytt og spennande kvar dag, legg han til.

Veidekke

Spelar kvarandre gode
Jan Olav Humborstad (26), utdanna sivilingeniør ved NTNU, har kome til Førde frå Veidekke si avdeling på Sandane. Og i haust, etter at han var ferdig på Teknisk fagskule i Bergen, kom altså Gaute inn i sjukehusprosjektet.

Jan Olav er framdriftsplanleggar for prosjektet, og set pris på det fine teamet som pregar arbeidsmiljøet i Førde.

– Vi spelar kvarandre gode, smilar han.

Trainee-gjengen set også pris på aldersmangfaldet blant dei tilsette. Her er funksjonærar frå 26-60 år.

– Vi sit samla, og dørene står opne slik at vi kan spørje om hjelp frå dei eldre og erfarne. Dei har alltid tida til å forklare og vise oss, seier Espen V.

– Så kan vi yngre heller bistå med meir datakunnskap, legg han til med glimt i auget.

Ledige stillingar i Førde
– Det er viktig for oss at vi har eit team med høg prestasjonsevne, vi har ein flink gjeng i Førde, skryt Christine Aagård Midthjell, HR-konsulent hos Veidekke Sogn og Fjordane.

Selskapet ønsker fleire flinke folk til avdelingskontoret i Førde.
Difor har dei utlyst to nye stillingar; prosjektleiar og prosjekteringsgruppeleiar til ulike prosjekt i Sunnfjord.

– Dette er spennande stillingar. Det hadde vore kjekt å lokke nokon som har jobba nokre år i ein større by eller eit større firma, seier Midthjell.

Christine Aagård Midthjell, HR-konsulent, Veidekke

For dei som er gira på å lære
Til stillingane ser avdelingsleiar Bjørnar Haveland, etter innovative personar som søkjer ny læring og kunnskap, som er motiverte til å vere med i spennande og krevjande prosjekt.

– Vi treng robuste personar som likar eit hektisk entreprenørmiljø, og vi håpar at fleire kvinner vil søkje jobb hos oss. Jamn balanse mellom kvinnelege og mannlege tilsette, gjer teamet betre rusta og bidreg til betre arbeidsmiljø, seier Haveland.

Veidekke i Førde kan tilby eit sterkt fagleg læringsmiljø, lover han:

– Hos oss vil du ha store moglegheiter for vekst, modning og utvikling.

Bjørnar Haveland, avdelingsleiar i Veidekke Sogn og Fjordane
Sjå ledige stillingar i Vestland