Trainee Elkem Bremanger

Trainee

Trainee: – Over all forventning

Tekst: Arne Inge Solgard

Foto: Privat

Åste Hegglid Follo i Elkem Bremanger ser tilbake på litt over eit halvt år som trainee. No anbefaler ho andre til å ta del i det same programmet som ho sjølv har blitt ein del av.

– Gjennom programmet har eg lært mykje meir om meg sjølv. Eg har blitt flinkare til å samarbeide med menneske som eg ikkje kjenner veldig godt. Samtidig kjem dei andre traineane frå bedrifter og fagfelt som er ulikt mitt eige. På den måten får eg også erfaring gjennom samarbeid på tvers av fagfelt, forklarar ho.

Både sosialt og fagleg

25-åringen som eigentleg kjem frå Heistad i Porsgrunn, bur til dagleg i Svelgen. Ho stortrivast i livet som trainee. Gjennom året møtast ho og resten av traineane til fleire samlingar med både sosialt- og fagleg fokus.

– Det er veldig kjekt på samling. Her gjennomfører vi aktivitetar innan teambuilding, noko som er veldig kjekt. Eg husker spesielt den første samlinga vi hadde saman i Viksdalen, kor vi hadde fleire praktiske utfordringar som krevde samarbeid. Vi kjente ikkje kvarandre så godt, men vart raskt trygge på kvarandre.

– Eg har utvikla meg mykje fagleg denne perioden.

Åste Hegglid Follo trainee i Framtidsfylket

Tryggleik

For Åste har tryggleik vore viktig i samband med samlingane.

– På samlingene kan ein diskutere utfordringar og erfaringar som opplevast gjennom jobb. Det er mange som er i same situasjon som deg sjølv. Dette gjer det enklare å dele. Samtidig sit eg no med eit kjempegodt nettverk innanfor ei rekke bransjar, fortel ho.

Derfor burde du søke

Åste er ikkje i tvil om at dei som er nyutdanna bør vurdere å søke traineestilling.

– Dette er eit perfekt møte med arbeidslivet, og ein veldig bra måte å kome inn i ein bedrift på. Du får god opplæring og mykje ansvar, men samtidig har du ein tryggleik i at du ikkje står heilt aleine. Det er som eit mellomstadie mellom studie og jobb. Eg har utvikla meg mykje fagleg i denne perioden.

– Du får mykje verdifull input som trainee.

Framtidsfylket trainee

Noko uoppdaga

For telemarkingen har møte med Sogn og Fjordane vore ei svært god oppleving. På spørsmål om kva ho ser på som det beste i perioden som trainee, er dette noko av det mest sentrale i opplevinga.

– For meg som kjem frå Austlandet, har det vore veldig kult å oppleve Sogn og Fjordane. Sjølv om det ikkje eigentleg er eit eget fylke lengre, har det ikkje vore slik eg kjente til det før. Eg har blitt kjent med mange ulike bedrifter, og korleis det er å jobbe i dei også. Det er noko fint med samlingane også, at vi får sjå og oppleve eit så rikt næringsliv, seier Åste.

Verdifull input

– Eg hadde ikkje forventa at samlingane skulle vere så intensive som dei er, men det er likevel utruleg bra. Du får mykje verdifull input. Så det var over all forventning, seier ho og berømmer Framtidsfylket for programmet.