Lise Lydersen

Nyheiter

Lise frå Dombås arrangerer karrierefestival i Sunnfjord

For tredje året på rad viser Sunnfjord fram arbeidslivet i form av fag og fest. Ho som held i trådane er tilflyttar.

– Eg har aldri vore med på Elevate før, men har høyrt masse bra om festivalen. 10.-13. juni skal vi vise fram arbeidslivet i Sunnfjord, skape nye nettverk og få fagleg påfyll, seier prosjektleiar Lise Lydersen.

Sjå årets program her

Ho er fødd i Finnmark, oppvaksen på Dombås, bur på Sandane og jobbar i Førde. Då sambuaren fekk jobb på Vestlandet, flytta ho med han.

– I starten jobba eg som kulturmedarbeidar på Lauget, før eg var trainee i eitt år i Musea i Sogn og Fjordane. I dag har eg ei prosjektstilling i Sunnfjord Utvikling og skal blant anna jobbe med rekruttering.

Litt skummelt

Å arrangere karrierefestival synest ho er spennande, gøy og litt skummelt.

– Det er mykje å sette seg inn i, men eg har omsider fått ein slags oversikt. Kollegaene mine svarar på spørsmål og er til god hjelp, og U40 og Framtidsfylket bidrar i arrangementskomiteen, forklarar ho.

Gatefest Elevate

Gatefest: I fjor som året før vart karrierefestivalen avslutta med god stemning. Gatefesten står også på programmet i år.

Frøken Klarspråk og minglekurs

Årets festival har som vanleg fag og fest på programmet, fortel Lise, og røper at vi også skal røre på oss:

– Gjennom veka vil Puls og Spenst tilby ulike gratis treningstimar til deg som er på festival. Fine avbrekk mellom frukostmøter og kurs, seier ho og ramsar opp:

– Av det festlege slaget kan vi tilby tapastrail, der vi vandrar frå bedrift til bedrift og får korte presentasjonar i kombinasjon med smårettar og godt i glaset. Og så kan du glede deg til den populære gatefesten til U40 på fredagen. Av fagleg påfyll tilbyr vi blant anna kurs i kommunikasjon med Frøken Klarspråk, Irene Fossen, styrekurs for både nybegynnarar og vidarekomne, berekraft i urolige tider og innlegg om kunstig intelligens.

Om du synest det er vanskeleg å delta på slike arrangement, der du gjerne må småprate med sidemannen, har ho løysinga:

– I år tilbyr vi eit eige minglekurs for deg som vil bli betre på småprat og å skape nye relasjonar. Det finst tips og enkle teknikkar du kan lære deg, smiler ho og legg til:

– Programmet er ikkje heilt spikra enno. Meir kjem, lovar Lise.

Elevate Sunnfjord

Fullt hus: I fjor inviterte Saperebank 1 Sogn og Fjordane til frukostmøte med tema Invester i framtida di.

Elevate Sunnfjord

Publikum var lydhøyre for gode råd om økonomi.

Expo + Bedriftspitch

Tidlegare år har det vore fullsett sal når bedriftene går på scena for å pitche seg som din neste arbeidsgivar. I år ønsker arrangørane å kombinere Bedriftspitch med HVL-studentar sin expo. På den måten håpar dei å kople lokale arbeidsgivarar med nyutdanna.

– Det er eit ønske at fleire studentar blir klar over kva dei kan jobbe med her når dei er ferdig utdanna. Difor får bachelorstudentane sjansen til å vise fram bacheloroppgåva si til potensielle arbeidsgivarar.

Tilbyr reisestipend

Om du ikkje bur i Sunnfjord, men ønsker å vite meir om kva jobbar du kan få her, tilbyr festivalen reisestipend:

– Vi ønsker å dekke utgiftene dine for å delta! Send søknad til lise@sunnfjord.no med med ein kort tekst om deg sjølv og din motivasjon for å delta, samt estimert reisebudsjett, oppmodar ho.

Mange vil på festival

Lise kan fortelje at det er stor interesse for festivalen, og at mange etterspør årets program:

– Mange ønsker å bli betre kjent med arbeidsmarknaden her. Til og med dei som har vakse opp i området blir overraska over kva arbeidslivet har å by på. No ser vi fram til ei veke med inspirasjon, nye nettverk og kompetanseheving, avsluttar innflyttaren.

Her kan du lese meir om festivalen og sjå fullstendig program

Fleire saker