Elevate

Nyheiter

Dette skjedde på ELEVATE – dag éin

Karrierefestivalen i Sunnfjord er godt i gang. Her kan du sjå kven som besøkte festivalen første dagen.

Korleis makse arbeidslivet

Det aller første som skjedde under ELEVATE var frukostmøtet Kaffi & Karriereprat. Amund Fjeldstad er ein ettertrakta foredragshaldar som brenn for å skape gode arbeidsplasser, der medarbeidarane trivst og presterer. Han klarte å inspirere til eit betre arbeidsliv og skape engasjement i salen.

"Gjer arbeidslivet til noko givande"

Amund Fjeldstad

Amund Fjeldstad har lang erfaring frå arbeidlivet og har knekt nokre kodar.

KK

Mange hadde møtt opp for å høyre korleis makse arbeidslivet.

KK

Kaffi vart servert av Mr. Sognefjord Kaffibrenneri himself, Kjetil Russenes.

Karrierefestival

Å navigere etter indre verdiar var tema for frukostmøtet.

Karrierefestival

Amund Fjeldstad fekk morgontrøtte sunnfjordingar til å vakne.

Arbeidslivets sosiale medium

Vidare på programmet var LinkedInkurs med Kathe Arnesen på Peak Sunnfjord . Smekkfull kantine vitna om at mange ville lære meir om å bygge personleg merkevare og nettverk på arbeidslivets sosiale medium.

"Unngå solbriller og paraplydrink på LinkedIn"

Kathe

Kathe Arnesen trakk full sal på LinkedInkurs.

Elevate

Bruk tid på å bygge ein god LinkedIn-profil var eitt av råda salen fekk.

Peak

Ikkje éin ledig sitteplass var å oppdrive på det populære lunsjmøtet.

Bedriftspitches + Dangfart

Om det var internettfenomenet Dangfart Tønnesen eller dei attraktive bedriftene som drog flest folk er vanskeleg å seie, men komboen såg ut til å treffe sunnfjordingane bra. På scena stod:

  • Norec
  • Helse Førde
  • Sunnfjord kommune
  • PwC
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet
  • CrediCare
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Enivest

Og etter at alle hadde presentert seg i form av fem minutt korte pitchar, var det tid for bingo med Dangfart Tønnesen – til humring frå salen.

Elevate

Slik såg det ut på Larris under ELEVATE

Elevate Førde

Eitt av måla for kvelden var mingling mellom bedrifter og arbeidstakarar.

Elevate

Silje Vallestad og Linna Savland var to av dei som tok turen.

Lott stift

Lotteri- og stiftelsestilsynet presenterte seg på scena.

Elevate

Ramma for kvelden var casual stemning, god mat og god drikke.

Lene Ellingsund

Lene Ellingsund frå Vookal tok turen.

Dangfart Tønnesen

Dangfart Tønnesen kom heilt frå Mannsverk i Bergen for å underhalde sunnfjordingane.

Larris

Han rigga opp til bingo – kanskje ikkje det som har vore mest av på Larris scene.

Bingo

Så glad vart Andreas Campbell Pedersen då han fekk bingo.

Takk

Takk til alle som tok turen.

Fleire saker