elevate tapastrail

Nyheiter

Dette skjedde på ELEVATE – dag to

Dag to av karrierefestivalen baud på påfyll frå teknologiens verden, kurs i presentasjonsteknikk og tapastrail i Førde sentrum.

Alle foto: Photoevent

Teknologi-påfyll frå Bouvet

Korleis kan vi jobbe smartare med Chat GPT og lavkode? Det gav teknologiselskapet Bouvet oss svar på då dei arrangerte frukostmøte på Peak onsdag morgon. Å kome i gong med desse verktøya kan kven som helst få til, men det kan by på utfordringar. Ein engasjert firkløver frå Bouvet sine kontor i Førde og Bergen fortalde oss korleis vi kan utnytte dei digitale verktøya og kva vi bør passe oss for.

«Chat GPT er god på veldig mykje, men du veit ikkje når den ikkje er det»

Bouvet gav oss ei innføring i lavkode og chatGPT.

bouvet frokostmøte Elevate

Frukosmøtet til Bouvet vart fort fullt.

Bouvet frokostmøte elevate

Bouvet ønsker å skape eit stort miljø for systemutvikling i Førde. I dag er dei seks lokalt tilsette.

Kva er ein skikkeleg god fomidlar?

Det spørsmålet stilte Siri Lill Mannes, kjent frå TV2 Nyheitene, på eit fullteikna kurs i presentasjonsteknikk på Larris scene. Vi lærte om korleis ein byggjer opp ein effektiv presentasjon, korleis spisse bodskapen og korleis ein skapar – og mistar – autoritet gjennom stemmebruk og kroppspråk.

"Kroppsspråket vårt er kanskje det mest avslørande vi har"

Siri Lill presentasjonsteknikk elevate

elevate siri lill

Mange hadde møtt opp for å få tips frå den erfarne programleiaren.

elevate siri lill

To av kursdeltakarane fekk vere med og demonstrere kva makt som ligg i kroppsspråket.

Sauna og utekino

Karrierefestivalen byr på meir enn innsyn i arbeidslivet. Onsdag rulla saunaen Rudledampen inn i Førde sentrum og Sunnfjord Filmklubb rigga til utekino for små og store i Smauet. Vermeldinga er verkeleg på vår side denne veka, noko som legg forholda ypperleg til rette for ein film i det fri eller årets første bad.

sauna elevate

Rudledampen er på plass i Førde onsdag og torsdag.

elevate sauna

Ein, to, tre, hopp!

elevate sauna bad

Det var litt kaldt i vatnet, men det stoppa ikkje desse frå å hoppe uti.

elevate kino

Både små og store nytta sjansen til å gå på kino i Smauet.

Livleg tapastrail

På ettermiddagen inviterte U40 til tapastrail gjennom hjertet av Førde sentrum. Vi besøkte fleire bedrifter som serverte både tapas, drikke og ein presentasjon av seg sjølv. Desse besøkte vi:

  • Vestland Fylkeskommune
  • Nordic Mining
  • CrediCare
  • Tibber

Kvelden vart avslutta med vinovasjon, vinsmaking og innovasjon, på Kjenn Itte i regi av Kunnskapsparken Vestland. Her fekk vi også høyre frå gründerbedriftene PocketID og GaupaLabs.

elevate tapastrail

Tapastrailen gjekk innom fleire bedrifter i Førde sentrum.

elevate tapastrail vfk

Alexander Irgens var blant dei som fortalde om karrieremoglegheiter i Vestland Fylkeskommune.

elevate tibber

Tibber serverte sveler til stor begeistring.

elevate timber

Hos Tibber er det god stemning, diskokule på kjøkenet og mange karrieremoglegheiter.

elevate credicare

CrediCare er ein del av Convene Group og har kontor fleire stader i Noreg, og i Danmark og Sverige.

elevate credicare

Presentasjonen vart avslutta med ein Kahoot der vi fekk testa kva vi hadde fått med oss om bedrifta.

tapas elevate

På kvar stoppestad fekk vi servert ein tapasrett.

nordic mining

Kenneth Nakken Angedal presenterte Nordic Mining.

vinovasjon

Kvelden vart avslutta med vin og innovasjon på Kjenn Itte.

elevate vinovasjon

Camilla frå vingarden på Jølster stod for vinsmakinga.

kunnskapsparken vestland vinovasjon

Kunnskapsparken Vestland introduserte gründerbedriftene PocketID og GaupaLabs.

vinovasjon tapastrail

Takk til alle som tok turen!

Fleire saker