
11. februar blir Vestlandets viktigaste møteplass mellom arbeidsgivar og jobbsøkar rigga til i storstova i Bergen. Lurer du på om standplass er verdt det?
Her får du fem (og ein halv) svært gode grunnar til kvifor svaret er eit rungande ja:
På karrieremessa møter du hundrevis av jobbsøkarar som vil inn i arbeidslivet i Vestland. Dei kjem ikkje for å samle pennar, men for å finne jobb, praksisplass eller arbeidsgivarar dei kan sjå seg sjølve hos. Som utstillar får du direkte tilgang til dei, utan at dei må gjennom ein anonym søknadsbunke først.
Allereie bestemt deg? Book standplass her. Viss ikkje, les vidare!
Nyheit i 2026! Bedrifter som bestiller stor stand får moglegheit til å møte inntil 5 kandidatar som har valt DEG til ein personleg jobbsamtale.
25 minutt. Éin kandidat. Full merksemd. Perfekt til å sparke i gong ein dialog og sjå kven som verkeleg passar til stillingane du skal fylle, enten no eller i framtida.

Møt engasjerte og nysgjerrige studentar og jobbsøkarar på karrieremessa Ta Steget.
Heimesider og stillingsannonsar er vel og bra, men ingenting slår å møte folk ansikt til ansikt. På Ta Steget kan de vise fram kulturen, folka og moglegheitene i bedrifta, og etterlate eit omdøme som sit igjen lenge etter at messa er pakka ned.
Rundt deg står andre verksemder, bransjar og aktørar frå heile Vestland. Ta Steget er også ein arena for:

Du veit aldri kven du møter på nabostanden.
Når du bestiller stand, blir du del av eit større løp: profilering i forkant, synlegheit mot studentar og unge jobbsøkarar, og ein plass i ei satsing som løftar regionen sitt arbeidsliv samla.
Den vesle ekstra grunnen? Mange av dei spennande kandidatane er ikkje nødvendigvis aktive jobbsøkjarar, men dei dukkar opp på Ta Steget for å sjå kva som finst.
Og der står kanskje du.
Så, vil du møte folk som vil jobbe hos deg, snakke med dei før søknaden kjem, og plassere bedrifta di på deira mentale kart?
Då er det berre å ta steget.

Nær 1000 ville vite meir om jobb i distriktet under karrieremessa i 2025. Ser vi deg på messa i år?