Delta på karrieremesser

Årets viktigaste møteplass står for tur! Vis fram mangfaldet i næringslivet i Sogn og Fjordane til nye tilflyttarar på Framtidsfylket karrieremesser!

Trykk her for å melde bedrifta di på årets karrieremesser

Karrieremessa i Oslo
Dato: 26. januar
Stad: Teknisk Museum

Karrieremessa i Trondheim
Dato: 31. januar
Stad: Scandic Lerkendal

Karrieremessa i Bergen
Dato: 13. februar
Stad: Grieghallen

 

Spennande og innhaldsrikt program

I år som i fjor skal vi ha med oss nokre suverene foredragshaldarar frå ulike bransjar i Sogn og Fjordane. Dei er klare for å ta messebyane med storm! Programmet er spikra og vert lansert om ikkje så lenge. Så følg med!

Bli med då vel!

Karrieremessene har vore arrangert årleg sidan 2007. Dei fleste bedrifter har ein langsiktig strategi på sitt rekrutteringsarbeid, og mange har god erfaring med å vere synleg på desse messene kvart år. Vi får stadig tilbakemeldingar frå bedrifter som fann rett kandidat etter deltaking på karrieremesse.

Vi er overtydde om at mykje handlar om at bedriftene må stikke seg meir fram. Ingen vel det dei ikkje veit om. Difor må vi her i Sogn og Fjordane arbeide godt i lag – synleggjering i fellesskap vil gagne oss alle.

Trykk her for å melde bedrifta di på årets karrieremesser

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.