Nordfjord-regionen

Nordfjord er ein bu- og arbeidsmarknadsregion med om lag 30.000 menneske. Regionen strekker seg frå kysten med surfebølgjene på Stad til skiaktivitet på Strynefjellet. Avstandane er ikkje større enn at du kan pendle mellom kommunane i regionen. Nordfjord grensar til Møre og Romsdal, og dette ser vi igjen på næringsliv og gründerånd i regionen.

Nordfjord har ein sterk kultur for innovasjon og gründerånd og har eit offensivt og variert næringsliv. Mykje ligg til rette for vekst i Nordfjord i åra framover, fordi vi har eit næringsliv som er godt tilpassa «det grøne skiftet» og framtidas vekstnæringar. 

I 2017 opna Lefdal Mine Datacenter. Ei forlatt olivingruve er bygd om og blir omtalt som verdas grønast datasenter. I bygda Hyen byggjer Brødrene Aa båtar i verdsklasse med energivennlege materiale. I regionen skjer det spennande utvikling innan fornybar energiproduksjon Havkraft, Waveco, Waves4Power. Her vert det jobba fornybart innan bygg, transport og i det maritime miljø! Høyres ikkje dette ut som eit attraktivt arbeidsmarknad å vere ein del av?

Å bu og leve blir heller aldri kjedeleg i denne regionen. Med kommunane Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid, Stryn, Hornindal og Gloppen, finn du levande og attraktive tettstader med eit bredt tilbod til innbyggjarane. 

Kulturtilbodet i regionen er unikt, og merkar seg stadig nasjonalt med kåringar på kulturfronten. Ikkje mange i Norge kan skryte av eige operahus! Opera Nordfjord er vi stolte av i heile regionen. I tillegg til kvalitetstilboda vi har gjennom Trivselshagen på Sandane, Nordfjordhallen i Måløy og kulturhuset i Stryn – så er regionen i Norgeseliten på dette området!

Gjennom året får du rikeleg med påfyll av festivalar og kulturopplevingar. Kven kjenner vel ikkje til Malakoff Rockfestival, Norsk Contrytreff og Oktoberfest i Stryn? Kos deg med å sjå meir om vårt variert og breie kulturtilbod på www.nordfjord.no.

Naturopplevingane i regionen er unike med det villaste havet i Norge ved Stad, til Jostedalsbreen og høge fjelltoppar i indre. Og om du ikkje er god til beins kjem du deg likevel til topps i Nordfjord med Loen skylift – fylkets einaste gondolbane! Godt utbygd stinettverk gjere regionen attraktiv for syklistar, fjellfolk og skientusiastar. Terrenget i Nordfjord er svært godt eigna for stisykling, og her får du også tilbod om sykkelguiding. Om du ikkje alt har teke turen på Hornindalsrokken, eller klarta deg opp Via Ferrata løypa, så er det vel verdt turen!

Men det treng ikkje vere ekstremt for å få gode opplevingar i Nordfjord. Kultur og historie er viktige berebjelkar for reiseliv, og skapar identitet hjå innbyggjarane. Historia som blir fortalt gjennom Nordfjord Folkemuseum, Selja kloster, Sagastad, Kystmuseet Vågsberget og Anders Svor museet gjere oss stolte av å bu i denne unike regionen!

Velkommen til Nordfjord – Alt i ein fjord!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.