Sunnfjord-regionen

Sunnfjord ligg sentralt på Vestlandet med sitt kjende fjordrike og sterke kontrastar, midt mellom Bergen og Ålesund. Med sine ukjende fjordarmar, sitt mjukare landskap samt kraftfulle og varierte vassdrag med eit rikt tal fossar, set dette preg på landskapsformer og busetjing. Sunnfjord skil seg såleis ut frå naboane Sognefjorden i sør og Nordfjord i nord.

Opplev mangfaldet -frå den vesle bygda nær fjellet eller fjorden - til byen Førde med sitt varierte storbytilbod. Frå organiserte aktivitetar i urørd natur til nasjonale og særskilte kulturopplevingar hjå Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Avstandane er korte mellom dei store opplevingane og regionen eignar seg godt for dagsturar frå breen i aust til fjorden og øyane i vest. 

Regionen består av kommunane Gaular, Jølster, Førde og Naustdal, og desse kommunane slår seg ilag til Sunnfjord kommune i 2020.

Sunnfjord byr på ein herleg miks av ellevill natur, urban sjarm og fleire attraksjonar, som til dømes det berømte utsiktspunktet på Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. Det er leikande lett å ta bilen opp til Utsikten- utsiktspunktet på Gaularfjellet, ein av dei  berømte nye arkitekturattraksjonane langs Nasjonale turistvegar.

Plukk og ta eit val blant eit stadig større antal opplevingar, eller kick-start ferien med eksotisk brevandring på Haugabreen. Andre friske aktivitetar omfattar kajakkpadling, rafting, fjellvandring og turar med eigen guide. I Jølster kan du faktisk hyre din eigen kjentmann for å fange den beste auren. Om vinteren blir det same fjellandskapet forvandla til eit aldri så lite eldorado for ihuga skientusiastar.

Midt opp i all denne herlege naturen byr byen Førde på det meste du forventar å finne i urbane gater, inkludert skikkelig kaffi. Overnattingsstadene i Førde og resten av Sunnfjord er omtrent like varierte som landskapet, frå campingplassar med sjarmerande hytter til hotell som satsar på topp komfort.

Få med deg kulturelle vibbar på lokalt populære stader som Sogn & Fjordane kunstmuseum og Sunnfjord museum med historiske bolighus, eller på konsertar og andre arrangement på Larris Scene – Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Astruptunet og Villa Aamot.

Set tennene i lokale delikatessar som er dyrka og bakt av matentusiastar i området, som det tradisjonsorienterte Naustdal dampbakeri i Førde, Jølstramuseet på Vassenden eller Mjølkerampen på Sande.

Kvar juli månad siden 1990 har Førdefestivalen tromma saman ein multikulturell musikkfest som stadig vinn nye vener blant lokale og besøkande.

Finn meir inspirasjon på Sunnfjords offisielle nettsted.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.