Eid kommune

Eid kommune har om lag 6000 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Eid er ein veldriven kommune med full barnehagedekning og er i landstoppen i skule. Kommunen har ledige bustadtomter, nytt omsorgsenter, fleirbrukshall og park med badeanlegg. Eid er stort nok til å gje deg rom og leve ut draumane dine, og lite nok til å sjå deg og ta vare på deg.

Vi er stolt vertskommune for Malakoff rockfestival. Malakoff er ein musikkfestival som samlar tusenvis av unge og gamle på den gamle Eksersisplassen i Nordfjordeid sentrum.

Opera Nordfjord er ei av merkevarene til Eid kommune og regionen Nordfjord og Sogn og Fjordane. Sidan 1998 har Opera Nordfjord hatt årvisse haustproduksjonar med både kjende opera- og operetteproduksjonar og urframføring av norsk opera, i tillegg til fleire andre produksjonar gjennom året. 

For fleire kulturelle opplevingar kan du sjå kva Operahuset Nordfjord har å by på. Her finn du informasjon om diverse eventar, kino, teater, dans, messe og mykje meir. 

I 2019 skal Sagastad viten- og opplevingssenter opnast. 

For å bli bedre kjend med oss kan du sjå denne filmen, som viser dei fleste tettstadane og bustadsområda i kommunen

Eid kommune er ein del av merkevara Nordfjord - Alt i ein fjord. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane i vakre Nordfjord.


Velkommen til Eid!