Påmelding karrieremesse Vyc726chswdua9e3h8bl

Gulen kommune

Kystkommunen Gulen ligg heilt sørvest i Sogn og Fjordane på grensa til Hordaland, og mellom Sognefjorden og Fensfjorden.

Dei om lag 2500 fastbuande bur spreidd i landskapet, og fordeler seg jamt i dei fire skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes.

Gulen har ein variert og spennande natur med rundt 1500 øyar, holmar og skjer, og eit fastland som er prega av små dalføre på kryss og tvers i landskapet. Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot Nordsjøen i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust.

Kommunen har eit rikt næringsliv som stekk seg frå primærnæringar som landbruk, fiske, oppdrett og skog, til næringar innan shipping/offshore og småbedrifter med eit breitt nedslagsfelt. Sløvåg-område er peika ut som eit av satsingsområda for ny industri i fylket.

Gulen vert eit stadig meir populært reisemål. I Ytre Gulen kan du oppleve rorbu- og fiskeferie i vakker skjergard. Innover i kommunen vert det og satsa på turisme basert på natur og friluftsopplevingar.

Kvart år blir den populære Utkantfestivalen arrangert på Skjerjehamn. Musikkarrangementet trekk til seg entusiastiske festivaldeltakarar i alle aldrar.

Kommunikasjonane nord- og sørover er gode. Frå kommunegrensa i sør er reisetida omlag 1 time med bil til Bergen, medan det tek under 1½t å køyre til Bergen eller Førde frå Oppedal fergekai nordaust i kommunen. Snøggbåtar tek deg trygt og raskt til Bergen, Fjordane og Indre Sogn.

Gulen kommune er ein del av merkevara Visit FjordKysten. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane på kysten av Sogn og Fjordane.


Velkommen til Gulen!