Nhbdmvgogq8yesfdygit

Hyllestad kommune

Hyllestad kommune ligg ytst på nordsida av Sognefjorden. I kommunen bur det om lag 1400 innbyggarar.

Det er godt å bu i Hyllestad. Vi har eit godt og kvalitetssikra barnehagetilbod, skule og skulefritidsordning, kulturskule, omsorgstenester og tekniske tenester.

I Hyllestad får du rike naturopplevingar året rundt. Kommunen har ein variert natur – frå typiske kystområde til meir skjerma dalføre og lyngheiar. Her kan du fiske, padle, gå i fjæra eller gå i fjellet. Det høgaste fjellet i kommunen er Lihesten – eit landemerke på vestlandskysten og eit populært reisemål.

Du finn også milevis med merka turløyper i varierande vanskegrad.

Kommunen er kjend for sin omfattande produksjon av kvernstein, ein produksjon som truleg har føregått i meir enn tusen år.  Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen. Mest kjend er båtverftet Havyard Leirvik.

Hyllestad kommune er ein del av merkevara Visit FjordKysten. Føl lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane på kysten av Sogn og Fjordane. 


Velkommen til Hyllestad!