Bfgoswegudpvianjmytm

Bremanger kommune

Bremanger kommune er ein kystkommune med ca. 3900 innbyggjarar. Bremanger er kjent for sin vakre natur med kvite strender, høge fjell, fjord og isbre - eit eldorado for alle som likar friluftsliv.

Kulturlivet i kommunen er rikt og vi har gode tilhøve for ulike aktivitetar innan idrett og kultur over heile kommunen. Her kan du sykle, gå på kino, køyre motorcross eller spele paintball, surfe i Vetvika, spele volleyball, eller gå til toppen av Hornelen - Europas høgaste fjellklippe.

Bremanger har gode og levedyktige nærmiljø som gjer at fok trivst. Kommunen satsar på gode tenestetilbod der folk bur, både innan omsorgs- og oppvekstsektoren.

Kulturskulen er svært aktiv og gjev rom for mangfald og kreativitet. I Bremanger har ein tradisjon for å gje barn og ungdom ein trygg og god oppvekst. Lokal identitet og kulturforming er ein del av kvardagen, der både barnhage og skule spelar ei viktig rolle.

Kommunen har båtsamband til Bergen med ekspressbåt to gonger dagleg. Det er kort veg til flyplassen i Florø, og frå ytre Bremanger går det hurtigbåt. Fastlandssambandet som var ferdig i 2013 gjer at avstandane innad i kommunen er blitt mindre, og ein ikkje lenger er avhengig av ferje. 

Bremanger kommune er ein del av merkevara Visit FjordKysten. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane på kysten av Sogn og Fjordane.


Velkommen til Bremanger!